Nynorsk Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversyn over risiko og sårbarheit i samfunnet. DSB skal vere pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulykker, kriser og andre uønskte hendingar. Kvart år lagar DSB ein nasjonal sårbarheits- og beredskapsrapport (NSBR), som blir levert til Justis- og politidepartementet (JD). Formålet med rapporten er å synleggjere og formidle kunnskap om risiko, sårbarheit og beredskap i samfunnet. Rapporten er eit verkemiddel for JD når departementet utøver samordningsrolla si på området samfunnstryggleik og beredskap. Samvirke og samordning er det slått fast at samordningsrolla til JD skal styrkjast. Eit element i dette er å etablere eit nasjonalt risikobilete som kan vere eit felles grunnlag for planlegging av sektorane. DSB har fått i oppdrag å utvikle eit slikt risikobilete. I arbeidet med risikobiletet har det vore nær dialog mellom DSB og dei etatane som arbeidet får følgjer for. Det har blitt arrangert fleire arbeidsseminar med deltaking av ekspertar. DSB vil nytte høvet til å takke ekspertane for deltakinga deira og for nyttige innspel. Vi strekar likevel under at det er direktoratet aleine som har ansvaret for dei endelege vurderingane og samanstillingane i rapporten. I NSBR for i år presenterer vi for første gong eit nasjonalt risikobilete. Riskiobiletet består av ei gjennomgåing av ni sentrale risikoområde og risikoanalysar av scenario innanfor desse områda. Det nasjonale risikobiletet er visualisert i ei risikomatrise der scenarioa er sette inn i forhold til kvarandre med omsyn til kor sannsynlege dei er, og konsekvensane. Zapatistane er ei rørsle av ulike urfolksgrupper i Chiapas som kjempar mot den imperalistiske valden og undertrykkinga dei har blitt utsatt for i århundrer. Trykkjer du her kjem du til ein kortfilm (6.28 min) om zapatistrørsla. Den fyrste januar 1994 gjennomførte zapatistane eit væpna opprør og sidan då har dei kjempa for sine rettar som bønder og urfolk. Etter 12 dagar med opprør hengde dei våpena sine over skuldra og har sidan ført kampen sin på andre måtar. Dei har mellom anna arrangert nasjonale og internasjonale stormøte og folkeavstemningar, og dei har utvikla sjølvstyre i dei autonome landsbyane. Zapatistane arbeider ikkje for å ta den politiske makta i Mexico. Dei kjemper for at alle skal ha like rettar til arbeid, jord, tak, mat, helse, utdanning, uavhengigheit, fridom, demokrati, rettferd og fred - «Alt til alle, ingenting til oss». Zapatistrørsla strevar etter sjølvstyre og har, trass statens undertrykking, skapt eigne sjølvstendige og demokratiske myndigheiter, sjukehus og skular der barna blir undervist på sitt eige språk og får lære seg si eiga historie. Dei utdannar sjukepleiarar og lærarar slik at landsbybebuarane får tilgang på helsetjenester og slepp å verte henvist til statlege skular der ungane ofte får mangelfull undervisning og vert dårleg handsama. Dette målet inneber at studentane skal: vise innsikt i yrkesfeltet vise evne til å sjå teori og praksis i samanheng, nytte eigne praksiserfaringar i arbeidet med teori kunne planlegge, gjennomføre og vurdere læringsprosessar i ulike typar gruppearbeid og individuelt arbeid. vise evne til kritisk refleksjon ha medvit om, reflektere over og utvikle eigne læringsstrategiar Fronter er viktig kommunikasjons- og læringsverktøy i studiet, og eit sentralt mål er utvikling av digital kompetanse bl.a. gjennom aktiv bruk av Fronter. Studentrettleiing og lærarrettleiing er ein del av arbeidsprosessen. Alle studentar får tilbod om rettleiing innanfor fastsette tidsfristar på tekstar/ anna arbeid i studiet. Biblioteket er ein sentral samarbeidspartnar i arbeidsprosessen. Læringsutbyte å kvalifisere studentar for lærararbeid på mellom- og ungdomstrinnet i grunnskulen, i vidaregåande opplæring og vaksenopplæring og medverke til studentane si personlege danning. bruke analytiske og normative perspektiv i arbeidet med teori og praksis bruke teori i refleksjon i/over læreprosessar i eigen undervisningspraksis og i pedagogisk utviklingsarbeid i samarbeid med ulike aktørar sjå teori og praksis på dei ulike kompetanseområda i samanheng, bruke didaktikken i vid meining Praksis har eit samla omfang på 12 veker og skal vere knytt til fag/fagområde som studenten har fått opptak til ved HSF. Praksis er ein sentral læringsarena i utdanninga, på lik linje med undervisning i pedagogikk og fag/ yrkesdidaktikk. Praksis er obligatorisk og vert vurdert til greidd/ikkje greidd. Organisering av praksis Ny eksamen (ved stryk): Studenten leverer ny mappe (alle tekstane). Studentane kan få tilbod om noko rettleiing av faglærar. Laget skal arbeida for å ta vare på det som har historisk verdi for Samnanger. tradisjon og anna historisk materiale. - gje ut årbok og andre historiske skrift. – arbeida for vern av fornminne og kulturminne av alle slag i Samnanger. Laget vert leia av eit styre på 5 medlemer med 2 varamedlemer. Årsmøtet vel: a) Leiar for 1 år b) Styremedlemer for 2 år, slik at 2 styremedlemer står på val kvart år c) 2 varamedlemer for 1 år d) 2 revisorar (eller 1 fagrevisor) for 1 år e) Valnemnd på Styret konstituerer seg sjølv med nestleiar, kasserar og skrivar. Leiaren kallar inn til styremøte. Varamedlemene skal ha tilsendt sakspapir og kan møta på alle styremøte. Styret er vedtaksført når minst 3 medlemer er til stades. Styret kan peika ut nemnder til å ta seg av s3/4rskilde oppgåver. Medlemskap Medlemer i laget er dei som betaler dei årlege medlemspengane. Utmelding or laget skal vera skriftleg. Lovendring og nedlegging Endring av lovene kan gjerast på årsmøtet med minst 2/3 fleirtal. Laget sitt arkiv, aktiva og midlar går då over til Samnanger kommune. Personvern Ditt personvern er viktig for oss. For å betre beskytte ditt personvern, forklarer desse retningslinjene om kva informasjon vi samlar inn og korleis vi bruker denne. Ei lenkje til denne teksten skal vera tilgjengeleg på alle undersider av denne nettstaden. Når du publiserer innhald på denne nettstaden, t.d. kommentarar, vil du som regel måtte oppgi namn og e-postadresse. Ditt namn (eller brukarnamn, kallenamn eller pseudonym) vil sjølvsagt som regel bli publisert saman med innhaldet. Di e-postadresse vil derimot aldri bli publisert eller på annan måte vidareformidla til tredjepartar, og vi kjem heller ikkje til å bruke denne til å sende deg spam. Som dei fleste andre nettstadar bruker vi loggfiler. Informasjonen i loggfilene inkluderer IP-adresser, nettlesartype, ISP, tidspunkt, refererande sider m.m. . Denne informasjonen brukast kun til statistikk, og er ikke personlig identifiserbar. Vi registrerer di IP-adresse dersom du publiserer teikneseriar, blogginnlegg, kommentarar eller annan informasjon på nettstaden. IP-adresser vil ikkje bli gjort tilgjengelege for andre brukarar, men vi tillet oss å blokkere IP-adresser ved grove regelbrot. Ved grove lovbrot kan IP-adresser og annan kontaktinformasjon bli vidareformidla til politiet. Det seier seg kanskje sjølv, men: Dersom du kryssar av i ein boks merka «Hugs meg til neste gong» eller noko sånt, vil denne informasjonen bli lagra i cookies. Vi bruker tredjepartsannonseringsselskap til å vise annonser på Nettserier.no.. Det kan hende at desse selskapa bruker informasjon (som ikkje inkluderer namn, adresse, e-postadresse eller telefonnummer) om dine besøk på denne og andre nettstadar for å kunne levere annonsar om varar og tenester som kan vera interessante for deg. Google bruker informasjonskapselen for DART for å vise annonser til brukarar basert på dine besøk både her og andre stadar på Internett. Dersom du ønskjer meir informasjon om dette, eller du ønskjer å reservere deg mot bruk av DART-informasjonsskapselen, klikk her . Vi gjer merksame på at vi bruker eksterne skript og leverandørar enkelte stadar på desse sidene, og at det kan forekome at desse bruker cookies. Rehabiliteringstenesta i Møre og Romsdal har felles inntaksnemnd, med sekretariat i Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering. Alle søknader om opphald i for fysikalsk medisin og rehabilitering, Mork Rehabiliteringssenter, Aure Rehabiliteringssenter og Nevrologisk avdeling i Molde, skal sendast til følgjande adresse: Bob Larsen skal på Norske Talenter audition i Bergen 3. eller 4. februar, dei gjekk vidare frå "precast"- runden. Tv-Nordhordland møtte 16-åringane som viste oss litt av humordansen dei skal framføre. Sognefjorden byr på fantastisk toppturterreng for frikøyring frå fjelltopp til fjord. Finland er det landet der ein konsumerar mest kaffi per innbyggjar (10,1 kg), etterfulgt av Danmark (9,7 kg) og Norge (9,5 kg). Kaffi kan vere veldig vanedannande på grunn av koffeininnhaldet. Den fysiske avhengigheiten er imidlertid veldig svak, og eventuell abstinens gjer seg etter eit par dagar. Nokre vanlege vaner er morgonkaffi og kaffipause, og kaffi vert sett på som ein sosial drikk. Kaffihus i Norge Norge har fire store kaffebrenneri: Kaffehuset Friele, Johannson kaffi, Coop Norge kaffi og Kjeldsberg Kaffebrenneri. Dei store kaffiselskapa tjenar store pengar medan bøndene får fornedrande lite betalt. Nokre av dei norske kaffehusa tilbyr no, etter press, rettvis kaffi. Mange ser på dette som dobbeltmoral, då heile deira eksistens er basert på utnytting av fattige bønder i sør. Ein importør av urettvis kaffi er ingen rettvis forhandlar! Kaffisortar Den vanlegaste kaffibønna er av sorten Arabica. Den utgjer 75% av all kaffeproduksjon i verda, og er den dyraste å produsere. All zapatistkaffi er av Arabicabønner av høgste kvalitet. Den vert dyrka i høglandet. Coffea robusta, som utgjer 25% av kaffiproduksjonen i verda, har ein kraftigare smak enn kva arabica har. Den vert derfor ofte brukt i espressoblandingar for å gje ein kraftigare smak. Den tredje er Coffea liberica, som óg er kraftig i smaken. Denne er i dag nesten ubetydeleg i handelssamanheng. Bearbeiding Etter at kaffibæra er plukket frå trea vert fruktkjøttet og hinna fjerna, slik at sjølve kaffibønna kjem fram. Denne prosessen kan foregå på to måtar; tørr og våt. Tørr bearbeiding Zapatistkaffen vi importerar vert bearbeidd etter «den tørre metoden». Bæra vert rensa for blad, kvistar, stein og jordklumpar. Dette skjer i smale skyllerenner med rennande vatn kor det tunge smusset synk til botn, medan løv og kvister flyt ovenpå. Kaffibæra samlast i ein avløpssilo. Dei vert så spreidd ut på ein steinlagt tørkeplass, der dei vert snudd fleire gongar om dagen for at sol og vind skal tørke fruktene jamnt. Om natta vert kaffifruktene samla i store hauger og dekka med presenningar for å halde fukta ute. Etter 1-3 veker er fruktkjøtet heilt inntørka. Då vert fruktkjøtet og pergamenthinna fjerna og kaffibønnene vert renset og sortert etter storleik. Våt bearbeiding «Den våte metoden» er meir komplisert enn den tørre metoden. Kaffibæra førast frå kanaler med rennende vatn eller frå rensebasseng til ein såkalla pulper. Dette er ei maskin som fjernar fruktkjøtet. Vi delar det opp i fire hovudgrupper etter korleis vatnet møter kaffipulveret. Det kan t.d. gjere det lettare å unngå trafikkorkar, umogeleggjere nasking i butikkar og endre reklamen rundt oss alt etter kva vi er opptekne av. Men overgangen til slike nettskyer er avhengig av at brukarane føler at det er trygt å bruke. Her spelar dette med sikkerheit og eigedomsrett ei viktig rolle, som t.d. når ei verksemd har informasjon lagra i eit anna land. Det er difor viktig at EU raskt kan utvikle eit fungerande rammelovverk for at ein lettare skal kunne etablere nettsky-tenester av landegrenser. Det må òg vere like lett å skifte nettsky-tilbydar som å skifte t.d. mobiloperatør dersom ein skal kunne sikre reell konkurranse. Handelsprinsipp for IKT-tenester Europakommisjonen og USA har under rammeverket i TEC (Transatlantic Economic Council) nyleg vorte einige om ti grunnleggjande handelsprinsipp for IKT-tenester . EU og USA vil saman med andre land promotere desse prinsippa over heile verda for å støtte den globale utviklinga av IKT-nettverk og –tenester, og såleis tillate tenestetilbydarar å konkurrere om kontraktar på lik linje med lokale tilbydarar. Prinsippa som USA og EU ynskjer å fremje dreiar seg om openheit, opne nettverk, informasjonsstraum av nasjonale grenser, ikkje-diskriminerande bruk av lokal infrastruktur, effektiv og ikkje-diskriminerande bruk av spektrum for å nemne noko. Implementeringa av desse prinsippa over heile verda vil ikkje berre føre til betre kommersielle mogelegheiter for europeiske og amerikanske verksemder, men òg bety meir konkurranse med påfølgjande lågare prisar for innbyggjarane i desse landa, samt tilgang til meir teknologi og fleire tenester. Tre område som er avgjerande for auka vekst Effektiv interoperabilitet (elektronisk samhandling) mellom produkt og tenester må på plass for at vi skal kunne byggje eit digitalt samfunn. For å sikre at nettverk, applikasjonar, tenester og apparat samhandlar på ein slik måte at vi best kan utnytte moglegheitene IKT gjev oss, er det naudsynt å utvikle standardar. Utviklinga av standardar må skje raskt for å halde følgje med teknologimarknaden. Særskilt når det gjeld offentlege innkjøp er det viktig å tenkje på at standarden ein vel må vere open for alle tilbydarar slik at ein kan sikre konkurranse og unngå å bli låst til ein leverandør. Det finst store mogelegheiter for både innsparingar og betre offentlege tenester ved å ta i bruk tilgjengeleg teknologi. Men mange offentlege tenester som kan gjerast tilgjengeleg på nettet, som eHelse, krev sensitiv informasjon som legejournalar og personnummer. Med aukande nettkriminalitet er tryggleik eit av dei viktigaste innsatsområda for Europakommisjonen. Eit anna viktig tiltak for EU er å sikre at flest mogeleg får tilgang på raskast mogeleg breiband. Det må til for å skape fleire arbeidsplassar og økonomisk vekst. Økonomien i framtida vil vere ein nettverksbasert kunnskapsøkonomi. Europa treng raskt breiband som er vidt tilgjengeleg og med konkurranseprega prisar. Målet i Europa2020-strategien er at innan 2020 skal alle europearar ha tilgang til Internett på meir enn 30 Mbps og over 50% av europeisk huslydar skal abonnere på Internett-tilgang raskare enn 100 For å nå desse måla er det naudsynt med offentleg styring, elles vil ein ende opp med veldig raskt breiband i få utvalde urbane strøk til høge prisar. Dersom EU klarar å levere det dei har sett seg føre med Digital Agenda vil det føre til meir innovasjon, økonomisk vekst og gjere livet enklare både for innbyggjarar og bedrifter. Betre helsetenester, tryggare og meir effektive transportløysingar, reinare miljø, nye mogelegheiter innan media og lettare tilgang til offentlege tenester og kulturelt innhald er noko av det EU trekk fram som mogelege positive resultat av Digital Agenda. Avfall Prosjektet er no ferdig og Helse Møre og Romsdal er no mijøsertifisert. Det gir oss eit verktøy for korleis vi kan bidra til at Norge når sine klima- og miljømål. Korleis påverkar Helse Møre og Romsdal miljøet? Med fire sjukehus, fleire mindre institusjonar og 6300 tilsette set HMR eit stort miljøavtrykk i kvardagen. Dette kan vere avfall, transport av pasientar og tilsette til og frå sjukehusa, byggeverksemd, og energi til lys, maskinar og oppvarming. I 2014 køyrde vi km bil i teneste for sjukehusa, og vi flaug km. Vi slapp dermed ut 563 tonn Co2 til transport; da er ikkje tilsette si køyring til jobb med i reknestykket. 68 millionar kwh energi gjekk med til å varme, kjøle og drive bygga våre, og vi kvitta oss med nesten 1700 tonn avfall. Kva gjer vi? Miljøstyringssystemet gir eit betre verktøy for oppfølging og forbetring over tid Handlingsplanar for miljø i klinikk/avdeling, e-læringskurs for tilsette 2013-2014: Bruk av bil til tenestekøyring redusert med 14% 2013-2014: Bruk av fornybar energi auka med 8%. Sjukehusbygga er kartlagde for å finne ytterlegare energitiltak i 2015. Nye avfallskontraktar i 2015 gir grunnlag for å jobbe med kjeldesortering i sjukehusa 2014-2015: 12 ladestasjonar for teneste-elbil, HMR tek inn elbil i leigebilordninga. Mål om 10% tenestebilar med el-drift i 2015. På litt sikt vil føretaket også få ladestasjonar som tilsette og besøkande kan nytte, og ein vil også legge betre for sykkel Kopi av betalt faktura eller kvittering frå nettbank som du legg ved oppmeldinga. For meir informasjon sjå veiledning lenger nede på sida Krava til å få godkjent ein slik oppmelding kan kort summerast slik: Dokumentert allsidig praksis som er 25% lengre enn læretida i faget, normalt 5 år i dei fleste fag Godkjent teori i faget du melder deg opp i, vanlegvis ein eksamen for VG3/opplæring i bedrift Kostnader med fagprøve for praksiskandidatar er todelt: Det kostar 853 kr å melde seg opp, dette dekkjer saksbehandling og bruk av sensor/prøvenemnd Som praksiskandidat må du sjølv dekkje eventuelle kostnader ved ein fag-/ sveineprøve Alle større arbeid må organiserast. Vantar organisasjonen, eller er han ufullstendig, er den berande krafta broten, styrken er burte. Lov og rett og orden byggjer på organisasjon. I alt primitivt er det liten organisasjon. I dei lægste plantane og dyra er cellene ufullstendig organiserte; men dess høgre vi kjem upp i rekkja, dess meir fullkomne blir celle-organisasjonane. Tek vi for oss menneske-samfunda, er det på same måten. Det fyrste upptaket til ordna samfund er den fyrste spore til organisasjon, og dess høgre utvikla samfundet er, dess meir fullstendig er organisasjonen gjenomførd. So langt menneskeleg kunnskap rekk, ser vi organisasjon - i det små som utetter endeløysa i det store. Frå det indre i atoma til dyptene av verdsromet er det organisasjon. Kvar for seg vil den einskilde kverva i mengda, hans kraft og arbeid blir utviska og motverka av andre og sterkare krefter. Som led i ein organisasjon blir jamvel den veikaste eit plus, ein positiv faktor av byggjande verde for seg sjølv, for organisasjonen sin og for landet. I eit moderne land er det ei sterk spesialisering på alle umråde, økonomisk og kulturelt. Den eine næringsvegen avføder den andre. Den eine kunnskaps- og kunst-greina avføder nye vitskaps- og kunst-greiner. Det arbeid som vart gjort på bondegardane, er no for ein stor part vorte spesialisert og overført til garveverk, slaktehus, meieri, ysteverk, mylner og til andre industriar og handverk av mange slag - d.v.s. nye næringsvegar, som er vaksne upp ved sida av bondeyrket, som før femnde um alt dette. Etter kvart som denne spesialiseringa og organisasjonen av spesialitetane går fram, blir organisasjonen for den einskilde næringsvegen stadig meir naudsynt. Løysingsordet no er spesialisering og organisasjon. Ein kan ha rett til å tvila på um dette berre er av det gode, men det kjem ikkje saka ved i denne samanhengen. Det vi må vita og retta oss etter, er at den klasse som i vår tid ikkje organiserer seg, er dømd til underkuving og tilbakegang. Desse har ingen gamal vane som står hindrande i vegen for organisasjonen deira. Derfor har dei so lett for å gå saman og ta kampen upp for krava sine. Bonden bur ogso meir spreidt og einskildvis enn dei fleste andre samfundsklasser, og bondenæringa er meir fast knytt til naturtilhøva enn dei andre næringsvegane. I eit land so vidtfemnande som vårt, med tallause umskifte av naturtilhøva å driva jordbruk under, må bondeinteressene naudsynt bli mykje uppstykka og spreidde. Ved eit overflate-utsyn og med litt baglarbisp-ånd, kan ein jamvel få bonde-interessene til å vera motstridande. Dette står ofte ogso og stengjer for organisasjonsarbeidet millom bøndene - til uboteleg skade for bonden og i lengda ogso til skade for landet. Bonden bur ofte avsides. Han arbeider og slit meire trutt enn nokon annan; men i kavet på den einsame garden eller grenda vantar han so ofte utsynet, og dermed samkjensla, evna til å sjå seg sjølv og arbeidet på garden som ein led i ei kjede. Planteproduksjonen skaffar brødkornet og er grunnlaget for husdyrbruket og dei industriar som er tufta på dette; og ein sterk planteproduksjon er naudsynt for ein harmonisk framvokster i samfundet, d.v.s. for å binda so mange folk til jorda og bygdene, at byane og deira næringsvegar får sine fremste marknader innanlands og ikkje utanlands. Dersom næringsvegane i byane veks seg snøggare fram enn jordbruket og på kostnaden til dette, vil industri og umsetning koma til å arbeida mest med utanlandske råemne og leva av utanlandsk mat, og blir med dette i stadig større mun bunde av utanlandske marknader, både når det gjeld innførsle og når det gjeld utførsle. Dette fører til kompensasjons-politikk, dei kallar, som alltid er fårleg for eit lite land. Eit næringsliv som soleis er bygt på dei ytre liner, toler ikkje stor uro i desse; og den politiske fridomen blir med eit slikt næringsliv eit tomt skal, lite verdt. Vi såg nok døme på det under verdskrigen. Når soga um denne krigen, når det gjeld vårt land, eingong blir skriven, vil ho bli eit myrkt blad ogso i den politiske soga vår; aldri er vi vortne so audmykte og so umsynslaust medfarne. Det vil heller aldri bli annleis so lenge næringslivet i bygdene våre ligg so langt til atters, at alt næringslivet vårt so å segja vantar grunnmur. Det skal ikkje stort uver til i det samfolkelege farvatnet før eit slikt næringsliv tek til å skaka - eller sel sin nasjonale sjølvstyrerett for ein rett linser. Eit sterk jordbruk er naudsynt for at ein nasjon skal halda seg frisk og for ein sunn framvokster. Næringslivet må veksa med sine røter i landsens jord og med sterk trafikk og vekselverknad på dei indre liner, millom landsens bygder og dei naturlege vokster-vonene i jordbruket på den eine sida og landsens byar og industri på den andre. I lengda kan ikkje ein nasjon ustraffa flytta grunnlaget for sitt tilvære utanfor sitt eige umråde. Verdssoga fortel oss korleis nasjonane har blømt og gått fram so lenge dei hadde eit sterkt jordbruk og bygde eiga jord. Men soga fortel ogso um korleis dei same nasjonane gjekk sin undergang frå den dag dei let jordbruket sitt gå til nedfalls og tok til å leva av utanlandsk jord. Det er som åker-dyrkande folk at dei store kulturfolka i soga har vakse upp. Det var som slike at dei voks seg fram og blømde, gjekk fram i folketal, i velstand, i vitskap, i kunst, på alle område. Men då dei vende seg frå si eiga jord og strøymde saman i byar, på alle umråde bundne av utlandet, byrja straks ei syrgjeleg nedfallstid på alle kantar. Nye folk som enno bygde på jorda, skapte etter kvart nye verdsrike over ruinane av dei gamle som fall i grus. I dei siste 80 åra har det jord-dyrkande folketalet i landet vårt gått tilbake med ein halv prosent kvart år. Samstundes har planteproduksjonen vår gått relativt sterkt tilbake. Vi fører no inn 5 gonger so mykje planteprodukt som i 1850-åra. Brødkornet kjem meir og meir frå framand jord, og fôret til husdyra våre skriv seg i stadig større mun frå dei oversjøiske landa. Bygder blir avfolka, her finst grender der over halvparten av dei sjølvstendige yrka er lagde ned i dei siste 50-60 åra. Bygdene blir utsuga, ofte for den mest tiltøke og evnerike ungdomen sin. Dei beste, dei som skulde vorte førarar i bygdene i kampen for tilværet, er no ofte reist, og finst att som førande menn på den andre sida. Den største utførsla frå bygdene har vorte ungdomen. gjekk atter Amerika-båtane fullstappa med bondeungdom frå Sørlandet og Rogaland. Medan jorda vår ligg halvveges brakk og vi fører inn det meste av dei varer som jorda kan gjeva, er det uråd for ungdomen vår å finna livsvon i bygdene. Det kan i sanning trengast at bonden byggjer seg ein sterk organisasjon. Etter kvart som det går til atters med bygdene og folk klumpar seg saman i byar og sentrum som på alle umråde er bundne av utlandet, blir klassestridane og dei sosiale vanskane stadig større. Næringslivet i slike sentrum, og serleg dei store utførsle-industriane, har ei eiga evne til å skapa storparten av menneska um til beinveges løns-arbeidarar (lønsslavar, proletarar, som dei kallar seg). Den ulike fordelinga av livsens gode som dette fører med seg, skaper kvasse motsetningar på alle umråde, økonomisk, sosialt, kulturelt. Samfundet lever som på ein vulkan. Friksjonen millom partia kan når som helst slå gneistar som fatar eld. Vegen til løysing av mange av dei vanskelege sosiale problema som er uppe i tida, går gjenom dette å skapa vilkår for mange nye sjølvstendige yrke. Dei sjølvstendige yrke er som ballast for samfundet. For kvart menneske som får eit sjølvstendig yrke, får samfundet ein proletar minder som reknar seg for «lønsslave». I dei små sjølvstendige yrke trivst interessa og arbeidsgleda. Til saman vil dette skapa liv, rørsle og produksjon i bygdene, og dermed fremja byggjinga av vegar, jarnbaner, telegraf, telefon, utbyggjing og spreiding av fossekraft o.s.v., fordi det blir so mange produksjons-einingar til å bera utgiftene. Den framvokster vi no ser i næringslivet vårt, dreg etter kvart so mykje kraft til landsens perifere luter, at det blir stadig vanskelegare å byggja vegar, bilruter m.m. innetter i landet, sidan det i bygdene er for liten produksjon og verksemd å bera utgiftene med alle desse liner som det moderne næringslivet krev. Derfor går ogso alt fleire av dei (telegraf, post, kraftverk, jarnbaner) med underskot. Det er uheppe å «overbyggja» næringslivet so sterkt som vi har gjort, her er vorte for lite bruk og for lite berekraft for linene innanlands - dei indre liner. Ved ei sterkare uppbyggjing av næringslivet nedanfrå, får vi våre «koloniar» innanlands, og får dermed den rette vekselverknad millom bygd og by, millom jordbruk og industri. Ved ein slik framvokster får vi mange fleire sjølvstendige yrke, meir ballast i samfundet, minder friksjon millom klassene og sunnare arbeidsvilkår og levekår for menneska. Ein sterk og mål-medviten bonde-samskipnad er naudsynt, ikkje berre for bonden, men for heile folket; for i lengda er det best for alle at samfundet veks seg fram harmonisk. Går ikkje bøndene mannjamt og med offerhug med i organisasjonen sin og slær ring kring blada sine, vil heile samfunds-framvoksteren siga so sterkt på skeive, at det blir ein fåre for landet. Norges Bondelag blir ofte rekna for ein strids-fylking rnot dei andre klassene i samfundet, og Bondelaget blir medfare deretter. Såg folk meir romsleg og framsynt på saka, vart det annleis. I lengda vil eit sterkt bondestand bli til signing for alle klasser i folket. Det er berre gjenom ein sterk organisasjon at vi med styrke kan fremja dei faglege og politiske interessene våre. Landet vårt er enno på mange måtar ei villmark. Vi lever i eit rikt, men uferdig land. Store uppgåver ligg og ventar på oss. Den dyrka jorda ligg ofte vass-sjuk, full med ugras og utpint, og gjev berre lite av det ho skulde yta. Vi har millionar av mål skikka for dyrking, til overflate-kultur, til eng og beite. husdyrhaldet blir dette nok til ein sterk planteproduksjon. Vi har jord nok til å skaffa landet den mat det treng, vi har malm og kis, vi har fossar, torv og skog, vi har dei beste vilkår for eit nasjonalt næringsliv med grunnmuren tufta på landsens eiga jord. Det er ingen ting i vegen for at vi med den rette tru, vilje og evne innan 30-40 år kan tømra landsens næringsliv upp i harmonisk vokster paa dei indre liner; og fyrst med eit slikt næringsliv til grunnlag har vi det rette vilkår for ein nasjonal kulturell framvokster. Derfor bonde i fjellet, i dalen og på flatbygda, ved kysten, frammed fjorden og i fjordbygda - inn i bonde-organisasjonen, til vern for deg sjølv, din kultur, for standet ditt og for landet. Temakveld med Ragnar Hovland Forutan å ha arbeidd som lærar ved Skrivekunstakademiet (solbrillene i sentrum av biletet), kan Ragnar Hovland skilte med eit stort og populært forfattarskap. I haust kom essaysamlinga Kunsten å komme heim og andre essays og romanen Stille natt ut, til ovasjonar frå meldarane. Kom og høyr og sjå Hovland fredag 20. januar kl. 19:00! Ope for alle og gratis inngang. Café YaBasta meiner det er positivt at kaffiprisen går opp. Småskala kaffidyrking er utruleg hardt arbeid marknaden betalar svært lite for. Utfordringa til bøndene er kva dei skal gjere når prisane går ned att.. Det vert spekulert stort i kaffi, og vér og klima kan påvirka produksjonen stort. Dei siste rapportane frå chiapas lovar godt, og 2012 ser ut som eit godt jordbruksår for zapatistbøndene. Nye stemmer Årets studentar ved Skrivekunstakademiet les opp ferskvarer! Opplesinga er resultatet av eit kurs i tekstframføring, der studentane med hjelp frå sentrale nordiske poetar undersøkjer og utviklar teksten sitt performative potensiale. UKON, Erlend O. Nødtvedt og Tormod Haugland dukkar også opp på scena. I Lov om pasientrettigheter vert omgrepet "pasienten sine pårørande" definert slik: den pasienten oppgir som pårørande og nærast pårørande. Dersom pasienten er ute av stand til å gjere greie for kven som er pårørande, skal nærast pårørande vere den som har mest varig og jamn kontakt med pasienten, likevel slik at det vert teke utgangspunkt i denne rekkjefølgja: ektefelle, registrert partnar, personar som lever i ekteskapsliknande eller partnarskapsliknande sambuarskap med pasienten, myndige born, foreldre eller andre med foreldreansvaret, myndige sysken, besteforeldre, andre familiemedlemmer som står pasienten nær, verje eller hjelpeverje. Dersom pasienten samtykkjer til det, eller forholda tilseier det, skal pasienten sine nærast pårørande ha informasjon om pasienten sin helsetilstand og den helsehjelpa som ho/han får. Er pasienten over 16 år og openbert ikkje kan ta interessene sine på grunn av fysiske eller psykiske forstyrringar, senil demens eller psykisk utviklingshemming, har både pasienten og dei nærast pårørande rett til informasjon etter reglane i § 3-2. Informasjon når pasienten er mindreårig (Lov om pasientrettigheter § 3-4) Er pasienten under 16 år, skal både pasienten og foreldra - eller andre med foreldreansvaret - informerast. Dersom pasienten er mellom 12 og 16 år, og av grunnar som bør respekterast, ikkje ønskjer at foreldra eller andre med foreldreansvar skal få dei aktuelle opplysningane, skal dei heller ikkje få dei. Når pasienten er under 18 år, skal foreldre eller andre med foreldreansvar likevel få den informasjonen som er nødvendig for å kunne oppfylle foreldreansvaret. Opplysingar om andre pasientar Som pårørande vil du kanskje bli kjend med eller få kjennskap til andre pasientar enn den du er pårørande til. Det er god skikk og bruk at ein ikkje ber vidare opplysningar om pasientar, - korkje til familie, venner eller andre pasientar. Legg dokumentasjon på fagleg leiar sine kvalifikasjonar med i søknaden Forsking og formidling Forsking og utviklingsarbeidet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) skal skje med utgangspunkt i sterke fagpersonar i sterke fagmiljø. Fou-arbeidet skal følgje etablerte forskingsetiske retningsliner, og ha høg fagleg kvalitet. Fou-arbeidet ved HiSF skal spesielt utvikle forskingsbasert kunnskap og nyskaping innan dei yrkesfelta vi utdannar til, og innan dei områda der høgskulen har særskilte fortrinn på bakgrunn av kompetanse, regionalt samfunns- og arbeidsliv eller geografisk plassering. Strategisk plan for høgskulen sett som mål at HiSF skal vere ein høgskule med høg vitskapleg publisering» (Strategisk plan for fou, 2013). Kontakt informasjon Send oss ein forespørsel Eit hotell med hyggeleg atmosfære! Tradisjon, kvalitet, hyggeleg atmosfære og stor fleksibilitet er hotellets varemerke - samt at vi er tilpassa dagens krav til service og komfort. Hotellet har 70 rom med alle fasilitetar og eit gjestehus med 5 rom og 3 leilighetar. Festsal/bar med dans til orkester alle virkedagar. Koordinerande eining for ReHabilitering er eit kontakt/informasjonssenter for rehabiliterings- og habiliteringstenestene i helseføretaket. Vi har oversikt over det tenestetilbodet som helseregionen har innan rehabilitering og habilitering, og skal syte for faste kontaktpunkt for informasjon og samhandling mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta. Vi skal bidra kompetanseheving for kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta for å sikre at pasientane får best mogleg kvalitet og kontinuitet i rehabiliteringsprosessen sin. Klikk på bilete under så får du informasjon om Regional KE i Helse Midt-Noreg Sam handling I juni 2009 la regjeringa fram samhandlingsreforma i ei stortingsmelding. Meldinga vart vedteken 27. april 2010. Noreg er eit av dei landa i verda som bruker mest pengar per innbyggjar til helse. Men vi får ikkje mest helse for kvar krone. Det er systemet det er noko gale med. Dei har lokalitetar ved sjukehusa både i Kristiansund og Molde. ReHab veka Her finn du lenker til presentasjonane som vart framført på konferansen "Livskvalitet på eigne premissar" To føredrag om rettar og plikter til rehabilitering og habilitering v/ Eilin Reinaas hos fylkesmannen v/ Runa Bakke i Volda .. Det arrangerast Regional rehabiliteringskonferanse for andre gong i Helse Midt-Noreg. Arrangør er Koordinerende eining for rehabiliterig og habilitering i HMN og Fagnettverk for rehabilitering i HMN. Det er satt saman eit spennande program med tidsaktuelle temaer Indivduell plan (IP) For menneske med langvarige, samansette og koordinerte behov, kan manglande kontinuitet i hjelpeapparatet vere eit problem. Dette var noko av bakgrunnen for at forskrift om individuell plan vart gjort gjeldande frå 1.juli 2001 etter helselovgjevinga og 1. januar 2006 etter sosiallovgjevinga. Hovedmålet er å gje kunnskap om metodar som kan gje betre grunnlag for avgjerder i bedriftene. Etter fullført kurs skal studentane ha kunnskap om sentrale marknadstilhøve og kjenne metodar som set dei til å gjennomføre marknadsanalysar. Dei skal ha innsikt i korleis ein skal gå fram for å skaffe fram informasjon om kundar, konkurrentar og omgjevnaden elles. Kurset vil også gje ei innføring i sentrale omgrep og tilnærmingar innan merkevareleiing. Innhald/oppbygging Emnet byggjer vidare på omgrep og modellar som er omhandla i emnet OR665 Marknadsføring og organisasjonsfag. Kurset utvidar kunnskapen om utvalde marknadsspørsmål. Planlegging og gjennomføring av kvalititative og kvantitative marknads-undersøkingar er tillagt stor vekt, og følgjande anelyseteknikkar blir brukte: Regresjonsanalyse, Faktoranalyse, Variansanalyse, Fokusgrupper m.m. Det blir lagt vekt på ein del tema i merkevareleiing som: Brand-equity, Brand- Awareness, brand developement. Ein føresetnad for å gjennomføre kurset er bruk av Statistikkprogramet SPSS. Undervisnings- og læringsformer Førelesingar, gruppearbeid, øvingar. Arbeidskrav Det skal leverast inn 1 obligatoriske oppgåve til godkjenning. Oppgåvene kan leverast individuellt eller i grupper på opp til max. tre personar. Studentane må også framføra ein studentpresentasjon i løpet av semesteret. Faglærar er ansvarleg for godkjenning. (NPK-NTB) Fylkeslege Petter Schou meiner Norway Cup må rekne med eit utbrot av svineinfluensa, og seier at turneringa kan bli stoppa om utbrotet blir alvorleg. Illustrasjonsfoto: Stock.exchng Det er vanleg å bli bekymra viss nokon du står nær, er på sjukehus, anten det er mamma, pappa, sysken eller ein annan som du kjenner godt. Når vi er leie oss for noko, kan kjenslene vise seg sterkare enn til vanleg. Vi kan bli fortare sinte eller gråte lettare enn elles. Men det kan også hende at vi ikkje føler noko spesielt. Du kjenner deg kanskje att i noko av dette. Det er ikkje noko å skamme seg over. Konsentrasjonsvanskar Nokre kan oppleve at det er vanskeleg å konsentrere seg på skulen, vanskeleg å hugse det dei les eller det som blir sagt, beskjedar. Somme grublar på om det er egoistisk å tenkje på seg sjølv. Men det er helt vanleg å lure på kva som skal skje med ein sjølv eller andre i familien når nokon er sjuke. Brått veit ein ikkje kva som skjer, svært mykje blir usikkert, og det kan vere vanskelig å planleggje. Som før Somme synest det er rart at dei ikkje kjenner seg annleis. Men då skal du vite at det også er vanleg. Spør oss! Det kan være lurt å snakke med noen om hvordan du har det og å spørre hvis du lurer på noe. Spør en du kjenner godt eller en av oss som jobber på sykehuset. Kanskje har vi et greit svar. Det å dele spørsmålene sine med andre gjør ofte det triste og vanskeligere lettere. Og husk at de voksne ikke kan vite hva du lurer på om du ikke sier i fra. Spørsmålene under er vanlige blant barn og ungdom: Hvor lenge skal den som er syk være på sykehus? Er sykdommen alvorlig og kan man dø av den? Er det noe den syke skal gjøre på sykehuset som er vondt? Kan jeg komme på besøk? Når kan jeg komme? Hvem skal passe på oss som er hjemme? Får jeg ikke dratt på den turen som jeg gledet meg så veldig til? Hvem skal lage mat, vaske tøyet vårt og tjene penger i familien? Det er viktig å snakke med barnet eller ungdommen, og å få vite kva ho eller han tenkjer om situasjonen. Når vi informerer born og ungdom om sjukdom og behandling, kan det bli lettare for dei å meistre den nye situasjonen i familien. Hugs å vere ærleg og konkret når du informerer og svarer på spørsmål. Born reagerer forskjellig avhengig av alder, og det må vi ta omsyn til når vi snakkar med dei.. Born og ungdom kan også trenge å få råd om kva dei skal svare når folk i nærmiljøet spør. Kontakten med den som er sjuk Generelt kan det vere viktig at born og ungdom så tidleg som råd kjem på besøk på sjukehuset. Viss det er vanskeleg å få til på grunn av lang reiseveg eller anna, kan det hjelpe å få høyre røysta til den sjuke på telefon. For at born skal forstå betre kvar den sjuke er, går det an å sende bilete frå sjukehuset, avdelinga og/eller av den sjuke. Respekt for barnet/ungdommen sitt val Vi rår til at born og ungdom kjem på vitjing, men vi må ikkje tvinge dei til noko dei ikkje har lyst til.. Gi barnet den tida det treng. Vi skal alltid respektere borna sine val. Vi må overtyde dei om at dei ikkje er "dumme eller slemme" viss dei ikkje vil kome. Det aukar truleg sjansane for at dei vil kome seinare. Når born/ungdom får informasjon, har dei ikkje alltid så mykje å spørje om. Dei må sjølve få bestemme kor mykje dei vil snakke om eller ta del i . Ver merksam på dei tidspunkta då born til vanleg plar fortelje noko om seg sjølve, når dei kjem heim frå skule, eller når dei skal leggje seg om kvelden. Informasjon til nærmiljøet Vi rår alle til å informere helsesyster, skule og/eller barnehage, slik at borna kan bli sedde og ivaretekne i ein vanskeleg situasjon. Besøk på sjukehuset Born og ungdom som kjem på besøk, bør vere førebudde på korleis den sjuke har det, og dei bør også vite litt om korleis det ser ut på avdelinga. Bachelorgraden i journalistikk ved Høgskulen i Volda er sett saman av obligatoriske og valfrie emne (sjå tabellar). Dei obligatoriske emna utgjer 130 sp og må takast i fastsett rekkefølgje (sjå nærare om emneplanar for utdanninga). Spesialiseringsemna har opptaksavgrensing. Ved studiestart må studentane settje opp utdanningsplan i samråd med faglærar. Programansvarleg skal minne studentane om retten til utdanningssamtale gjennom informasjonssystemet ClassFronter. I utdanningsplanen inngår valfrie emne. Desse emna kan takast på avdelinga, andre avdelingar på høgskulen eller ved andre utdanningsinstitusjonar i Noreg eller utlandet (sjå emnetabell for valfrie emne frå avdelinga lenger ned). Søkjarar som har minst 50 sp frå tidlegare utdanning, kan innpasse desse i journalistutdanninga. Søkjarar med utdanning i mediefag eller har delar av journalistisk utdanning frå tidlegare, kan søkje om innpassing av desse i den obligatoriske delen av utdanninga. Dei får rådgjeving om gjennomføring av studiet i utdanningssamtalen. halvparten av studentane gjennomfører journalistutdanninga på to år grunna innpassing av tidlegare utdanning. Dei ulike emna i journalistikk og medievitskap må takast i stigande rekkefølgje. Studentane må søkje spesialisering i avis, fjernsyn eller radio ved studiestart. Det meste av undervisninga er likevel felles, og det er arbeidsoppgåver av spesialiseringane. I eit treårig studieløp kan studentane velgje ei ekstra spesialisering. Studiet er arbeidskrevjande med obligatoriske innleveringsoppgåver og obligatorisk deltaking i interne øvingsproduksjonar. Studiet spenner frå dei enklaste journalistiske arbeidsteknikkane og til meir analyserande og undersøkjande journalistikk. God journalistikk krev dugleik på desse områda: Journalistiske idear og nyhendevurdering Journalistar må kvar dag vurdere idear og prioritere nyhende. I tillegg til god allmennkunnskap er sentrale hjelpemiddel teori om medias rolle og funksjon i samfunnet, om nyhendekriterium og nyhendekjelder. Området blir dekt gjennom forelesingar og øvingsoppgåver i plenum og gruppevis i redaksjonane, og omfattar både lokale og nasjonale nyhende. Journalistisk undersøking er viktig i all reportasje. Sjølvstendig journalistisk undersøking er eit vilkår for ein uavhengig journalistikk, og målet med kurset er å settje studentane til å gjennomføre prosjekt i undersøkjande journalistikk. Undervisninga startar med grunnleggjande teknikkar som referat- og intervjuteknikk, og til faget høyrer også kjeldekunnskap, kjeldekritikk og innsynsrett. Kjeldekart, oppbygging av indeksar og kronologiske oversyn vert nytta som arbeidsreiskapar i kurset. Mediespråk og formidling Målet med undervisninga er å gjere studentane medvitne om sentrale eigenskapar ved skriftspråk, talespråk og bildespråk. Sjangerkonvensjonar, retorikk, språksosiologi og språknormering blir tatt opp i undervisninga. Gjennom øvingar og medieprodukt skal studentane lære god og korrekt språkbruk, og bli til å dyrke fram ein personleg stil. Undervisninga tar til med innføring i sjangerkonvensjonar for talt og skrive mediespråk, særleg knytt til nyhendeformidling. Seinare tek ein for seg tilhøvet mellom skrift og tale, og retningslinjer for individuell og redaksjonsbestemd språkbruk, avhengig av sjanger/format. Ein kjem òg inn på språksosiologiske emne som språk, makt og kjønn, og pensum inneheld også fagartiklar om særdrag ved språkbruk og formidlingsmåtar i radio, fjernsyn og avis. Medieetikk Gjennom forelesingar, praktiske døme og oppgåver får studentane kunnskapar om medieetikk og korleis den avgrensar seg til lovgjevinga. Tidleg i studiet får studentane ei grunnleggjande innføring i medieetikk og det lovverket som regulerer journalistisk arbeid. Seinare arbeider studentane vidare med sentrale område som pressefridom, pressejus og kjeldevern. Gjennom utdanninga skal studentane utvikle sine evner til å analysere og vurdere medieetiske problem. Oppgåvene får vurderinga godkjend/ikkje godkjend . Studentar som får ikkje godkjend har høve til å levere nytt svar på same oppgåva to gonger. Får ei oppgåve ikkje godkjend for tredje gong, må studenten levere svar etter ny oppgåvetekst. Studentar som leverer ei oppgåve etter innleveringsfristen, har ikkje krav på å få retta ho før i slutten av semesteret, ei veke etter innleveringsfristen for den siste oppgåva. Dersom oppgåvesvaret ikkje vert levert før oppgåvegjennomgangen, må studenten løyse ny oppgåve. Studentar har ikkje rett til å delta i intern praksis ved høgskulen før alle obligatoriske oppgåver i JOU101 er godkjende. Journalistisk arbeidsteknikk Undervisninga i emnet er knytt til spesialiseringane. Det er obligatorisk deltaking. Studentar som ikkje er til stades når bruk av teknisk utstyr blir gjennomgått, må dokumentere for faglærar at dei har nødvendig kunnskap om faremoment og bruk av utstyr. Kursa blir avslutta med ein munnleg eksamen med karakteren stått/ikkje stått. Kva studiet kvalifiserer for Journalistutdanninga ved Høgskulen i Volda utdannar journalistar til redaksjonar i heile landet. Journalistyrket er eit fritt yrke som rekrutterer folk med ulik bakgrunn. Stadig fleire vel journalistutdanning som innfallsport til eit yrke som ønskjer kunnskapsrike, kreative journalistar med ei bevisst haldning til yrkesrolla si. Det er fire periodar med obligatorisk praksis. I dei tre første periodane er det intern praksis, og studentane arbeider i øvingsmedia ved avdelinga; avis, fjernsyn, nettavis eller radio. I siste semester blir studentane som hovudregel utplasserte i riksdekkjande eller regionale medieverksemder. Praksisutplasseringa blir avtalt mellom faglærar og vedkomande medieverksemd, og fordelinga tek omsyn til studentane sine ønske. I praksisperiodane ved høgskulen vert det lagt vekt på rettleiing, evaluering og refleksjon rundt journalistiske problemstillingar. Det blir laga vaktplanar som studentane må fylgje og gjere dei oppgåvene dei blir tildelte. Studentane skal òg delta i evalueringa av studentproduksjonane. For å ha rett til ekstern praksisplass må studenten ha fullført alle eksamenar og obligatoriske oppgåver i journalistikk 1 - 3 og medievitskap 1 og 2. Evaluering og kvalitetssikring Alle program og emne i avdelinga blir evaluerte i samsvar med Høgskulen i Volda sitt system for kvalitetssikring. Kva slags ytringsform det skulle få, var eg ikkje fastlåst i . Eg har hatt veldig mange store gleder ved å skrive. Eg likar å skrive, likar det som skjer med ein når ein skriv, det som språket gjer med ein. Det er veldig fascinerande, og den største gleda ein kan ha. Den private gleda er mykje større enn å få ros offentleg. Og slik har det vore heile tida. Det var ikkje eit vanskeleg val å gå denne vegen. Å velje noko anna ville ha vore mykje vanskelegare. Men det tok nokre år før du fekk gitt ut Dørklinker , den første diktsamlinga? Eg hadde jobba med skriving sidan eg var 23 år, og debuterte når eg var 28, så det tok fem år. studerte du psykologi… Eg var heilt sikker på at eg ikkje kom til å praktisere i det yrket. Ikkje frå byrjinga av heller? Eller jo, kanskje når eg som skiltvakt på Jørstadmoen stod og leste Freuds forelesingar om psykoanalysen i lyset frå utelampen, med gevær med bajonett i ei hand og boka i den andre. Det gjorde sterkt inntrykk. For eit studium måtte eg ha. Det var den levevegen som var aktuell, å få studielån og overleve på det. Så eg var ferdig i millitæret, reiste eg til Oslo, og takka vere Freud valde eg psykologi, som interesserte meg i 2-3 år. Då var eg minst like interessert i filosofi, men det var vel næringsvettet som tilsa at eg skulle velje psykologien, eg blei nøydd til å ha eit anna fag enn skrivinga. Dei siste åra av studiet misbrukte eg plassen min. Eg tok imot lån og stipend, men det eg dreiv med var noko heilt anna. Tre bøker skreiv eg medan eg var student. Då eg til slutt gjorde meg ferdig med studia, så var det under eit anfall av ansvarligheit, kona mi og eg venta barn. Eg må innrømme at Dørklinker har eg ikkje lest. Det gjer ikkje noko. Du er ikkje fornøgd med den boka? Du fekk jo Vesaas debutantpris for henne? Vel, eg var fornøgd med mottakinga. For det var ein kjempefin begynnelse. På den tida fekk ein jo så mange meldingar og mykje merksemd som debutant. Kva skjedde etter dette, den andre boka di er jo svært annleis? Kva spora deg til å skrive ei så... litterært rebelsk bok som Kvengedal , ein montasje av avisklipp? Boka består av bearbeida klipp frå to lokalaviser, Sykkylvsbladet og Sunnmøringen. Eg gjekk på biblioteket og leste gjennom ti årgangar av Sykkylvsbladet. Men det vart likevel ikkje nok stoff til at eg kunne komponere mitt eige verk. Som vanleg lesar fann eg ikkje så veldig mykje av interesse i avisa. Enkelte av dei som skreiv der følte seg vel hengt ut. I Sunnmøringen fekk eg kjempeslakt. Det låg under at eg hadde gjort noko stygt, at eg hadde harselert. Men om ein verkeleg les boka ser ein at det ikkje kan vere slik. Frå mi side var det meint som ei kjærleikserklæring til dette samfunnet, som eg oppfatta som ei slags heimbygd. Eg flytta jo mykje som liten, og har fleire stader eg er knytta til, men i puberteten, frå eg var 13 budde eg i Sykkylven som blei stad eg vende tilbake til. Morgonmannen held utstilling som kom året etter, er ei heilt annleis bok igjen, ein vilter og variert roman? Denne gav meg eit renommé som eksperimentell. Men det var aldri meininga. For meg var det ikkje noko eksperiment, eg gjorde berre så godt eg kunne. Konsulenten på Gyldendal hadde stor sans for boka, noko som gav ein baksmell når eg seinare kom med Mørkets gjerninger , ein meir tradisjonell roman, som vart refusert av den same konsulenten. Eg såg nok ikkje på Morgonmannen som ein skikkeleg roman, sjølv om den absolutt stod mitt hjerte nær. Hadde eg kunna skrive Mørkets gjerninger på den tida då eg skreiv Morgonmannen så hadde eg gjort det. «No har eg endeleg klart å skrive ein skikkeleg roman,» tenkte eg då eg hadde skrive Mørkets gjerninger . Ein gong eg besøkte Georg Johannesen hadde eg med meg eit utkast til boka. Eg hadde ikkje tenkt å be han lese gjennom det – og ikkje då – eg trudde ikkje det ville interessere han. Men han blei sitjande og lese, og eg måtte berre vente, utan å seie noko. Då han var ferdig sa han at han likte best forteljinga om Oddny, den kvinnelege hovudpersonen. Då var boka todelt, først om den unge guten sin tur på byen, så om jenta. Forteljinga om den unge guten på bytur gjorde han litt irritert. Også Einar Økland las manuset, og likte boka godt, så eg møtte på forlaget med god sjølvtillit. Det enda med at eg ba redaktøren finne seg ein ny konsulent, og det gjorde han. Boka kom ut, og fekk kritikarprisen. Ho blei lesen opp i radioen og filma i 86. Eg hugsar at eg kjøpte boka på eit posesal med bøker. Ja, ja. Kan godt hende det ikkje er dumt. No hoppa vi over ei bok: Båten til Bergen , ei dokumentarisk diktbok. Dette er ikkje ein vanleg sjanger? Den er nok påverka av arbeidet med Kvengedal . Eg brukte mange funne tekstar slik dei var, berre stramma dei litt opp, medan i andre tekstar snakka eg med mi eiga lyriske stemme, med glidande overgangar mellom desse modusa. Når eg tenkjer tilbake blei eg nok skuffa over mottakinga til denne boka. Eg tykte at eg hadde fått til noko eineståande, men det verka ikkje som kritikarane såg det. Oddmund Hagen skreiv i ein artikkel i Bøk i 1996 at «Heile vegen har Sagen lege nært opp til dei litterære straumdraga i tida utan å bli borte i dei». Korleis ser du sjølv på det? Å bli påverka av si eiga tid er vel ikkje til å unngå. Dersom eg skal klare å vekke mi eiga interesse er eg kanskje nøydd til å gjere noko nytt kvar gong. Det er neppe den rette måten dersom ein vil bygge seg opp eit stort publikum. Kva er den mest sjølvbiografiske boka du har skrive? Spørsmålet kom opp då eg leste Finne seg ei grein , som kom ut i 1980. Eg ser vel ikkje på deg som ein utprega sjølvbiografisk forfattar, det verkar meir som at du brukar dine eigne erfaringar som ei erfaring blant fleire andre, likestilt med dei andre si erfaring? Den mest sjølvbiografiske boka mi må vel vere Alltid likt å lese om krigen frå 2000, der både foreldra mine og slekta dukkar opp under fullt namn. I den boka er det ingenting som er oppdikta. Men du har rett i at det er eit sjølvbiografisk element i Finne seg ei grein . Eg sleit veldig mykje med den boka, og eg veit ikkje om den blei ferdig. Springfart ved fjorden står i ei særstilling i forfattarskapen din. Eg arbeidde i fem år med den boka, og det var hardt. Mellom anna var eg svært oppteken av namn. Det er eit mylder av personar i boka, som held oppe ein slags musikk. Eg ser for meg personane som ulike fargar; Springfart ved fjorden ser eg på som eit stort maleri, eller draumen om eit stort maleri. Boka fekk ikkje ei god mottaking. Dei fleste kritikkane var lunkne. Eg var nok litt skuffa over det. Den har jo sidan fått sine fans, har eg skjønt, sjølv om den ikkje har kome i nye utgåver. Oddmund Hagen skriv om denne boka at «Sagen reindyrkar overdrivinga og galskapen og fører lesaren inn i ei omsnudd verd der målet med det ehile ikkje er anna enn å underhalde». Men eg går ut frå at føremålet ditt med boka ikkje berre var å underhalde? I rettferdas namn skal det nemnast at Hagen held fram med: «Nåja, kanskje ligg det eitt eller anna under, ein satire over 1980-åra, eit ønske om å vise latteren som korrektiv, eller eit forsøk på å utprøve og utvide fiksjonen sine felt.» I Springfart ved fjorden er humoren eit viktig verkemiddel, men boka er jo tragisk. Då eg sette punktum for siste setninga, gret eg. Eg kan ikkje heilt skjøne kvifor. Men det er ikkje alle som tek han. Og her trur eg spørsmålet om aust og vest kjem inn. Folk aust i landet ler ikkje av dei same tinga som folk vest i landet, slik ser det ut til å vere. To år seinare er du inne på eit heilt anna spor. Mercedesryttaren frå 1988 er ikkje berre ei realistisk, dokumentarisk bok, men det er òg ei særs umorosam bok. Du skriv om politivald-saka i Bergen. Nokre forskarar prøvde å kartlegge vald i Bergen, og deriblant politivald, men endte med å få både seg sjølve og mange andre dømde for falsk forklaring, samtidig som politiet gjekk fri. Det var verkeleg eit brot. Ei bok eg ikkje hadde planlagt. Eg berre skreiv det som skjedde. Dermed vart det absurd, på sin måte. Boka er presentert som eit «skjønnlitterært dokument». Kva er eit «skjønnlitterært dokument»? Og kvifor er det skrive som skjønnlitteratur, i staden for journalistikk? Du spør vanskeleg der. Det var kanskje forlaget sitt omgrep, eigentleg. Dette kan eg eigentleg ikkje hugse heilt. Men det er jo fascinerande å presentere det som eit dokument, så utruleg som dette stoffet er. Eg kunne ha presentert det som ei journalistisk bok, men då hadde det ikkje blitt innkjøpt gjennom innkjøpsordninga. Kva slags betydning har denne boka hatt for den vidare bearbeidinga av dei sakene den omhandla? Då forskaren Gunnar Nordhus frå boka vart stilt for retten, sat både aktor og forsvarar med kvart sitt eksemplar av Mercedesryttaren på pulten. Eg veit ikkje kor stor betydning det har hatt, men det heile enda jo i noe grotesk då dei såkalla boomerang-sakene seinare kom opp, og forskarane sine informantar blei sett på tiltalebenken og dømde. Sidan vart dei heldigvis frikjende av høgsterett. Lyden av vatn som kom to år seinare reknar mange som ei av dine beste bøker. Her brukar du mange av dei same verkemidla som i Springfart ved fjorden, men på ein meir poetisk og forteljande måte? Den er muligens den beste. Ho var ikkje fort laga. Då ho kom ut var det sju år sidan eg begynte på henne. Det som vart begynnelsen på denne boka skreiv eg medan eg jobba med Springfart ved fjorden , og ho har ein del av dei same elementa i seg. Veit ikkje heilt kva meir eg kan seie om denne boka. Kva er det med deg og elver? Elver dukkar opp overalt i bøkene dine. Ja, det er ikkje forbausande at du seier det. Der eg vart fødd var det to store elver som rann ut i fjorden. Eg kan ikkje finne ei betre forklaring enn at eg er vaksen opp mellom to elver som har sunge intenst for meg som barn. Og så er jo også elva eit poetisk symbol. Men ikkje så oppbrukt som havet… Nei, og så er eg heller ikkje vaksen opp ved havet. Det er elvesongen som har fascinert meg. I fleire av bøkene dine dei siste åra har du teke i bruk dokumentariske element. I den nyaste, Skog , skriv du om det dokumentariske: «Problemet er at eg ofte møter veggen når eg blir for innovervendt. Det oppstår sperringar. Eg klarer ikkje nå inn til det farlige. Difor kan det vere freistande å bli dokumentarisk. Eigentleg trur eg ikkje på den løysinga. Det er fantasien eg trur på. Men den må befruktast av det dokumentariske. Det må til for å gi stoffet den rette «overflata» liksom. Nei dette er vanskeleg.» Det dokumentariske har ei overbevisingskraft som gjer det freistande å bruke det. Men eg trur eg er litt ute å køyre der, med linja om at fantasien må «befruktast» av det dokumentariske. Eg vil kome i beit viss eg skal svare på korleis ein skal få det til, denne befruktinga. Kanskje kan det skje ved at ein «stel» litt frå virkeligheten. Men dette er ein tanke eg ikkje har kome til bunns i . Eg angrar nesten på at eg skreiv det. Hundre bønder frå 2001 kallar du ein dokumentarisk roman. Med fare for å stille det same spørsmålet ein gong til: Kva er ein dokumentarisk roman? I utgangspunktet er det underordna kor vidt noko er «sant» eller «dikta». Når eg no ser på Skog frå og på Hundre bønder så tenkjer eg at det hadde vore spennande og bytta om på det. Å kalle Skog ein «Dokumentarisk roman», det ville vore morsomt. Det skulle eg jaggu gjort! Ein kan lure på om det om nokre år i det heile vil bli mogleg å skrive oppdikta historier. Eg trur vel ikkje at vi vil komme dit, men eg lurer. Skulle det vere nødvendig å dikte, når det er så mykje som kan beskrivast som er sant? Og kan det du diktar opp konkurrere med det som ikkje er oppdikta? Kanskje kjem skjønnlitteraturen til å forsvinne, for ei stund. For min del kjem eg til å vende tilbake til det påfunne, og det med godt samvit. Svært mange år har du virka som skrivelærar, både på Skrivekunstakademiet og i andre samanhengar, korleis byrja dette? Det byrja med at eg på 70-talet ein gong blei invitert av eit mållag på nordmøre til å halde eit skrivekurs. Eg hadde ikkje tenkt tanken at eg kunne halde kurs, men då oppdaga eg at det var ei veldig takknemleg oppgåve. Folk skreiv så tårene rann. Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane går mot konsesjon til 10 av dei 12 søknadene om småkraftverk som har vore på høyring nyleg. I dag oppfattar han ikkje at det er ein utprega Helse Møre og Romsdal kultur, men ein kultur knytt til kvart einskild sjukehus. - Skal vi lykkast med oppdraget vårt, som er å gi meir og betre pasienthelseteneste til ein lågare kostnad, så er det sjukehusa og institusjonane våre som er verktøyet for å nå dette, seier Hårstad. Direktøren arbeider med utvikling av strategiar som skal vere ein viktig del av kursendringa for helseføretkaet. - Dei to strategiane vi arbeider spesielt med gjeld leiaropplæring og kontinuerleg forbetring. Vi jobbar saman med organisasjonen for å få til dette, seier direktøren. Korleis gjer ein dette på kort og lang sikt? På kort sikt handlar det om å knekke kostnadskurven. - Det klarer vi ikkje i dag, men på lengre sikt vil vi få det til, seier Hårstad. I møtet i dag fekk styret informasjon om korleis helseføretaket planlegg arbeidet framover i 2015. I første kvartal blir retninga staka ut, og ein legger ein felles raud tråd for leiarskap. - I andre kvartal vil vi kjøre pilotprosjekt på kontinuerleg forbetring i alle klinikkar. Da får vi prøve ut ein metodikk vi allereie har på plass, og samstundes vidareutvikle den som ein del av strategien vår, seier Hårstad. Evaluering av pilotprosjekta skjer i slutten av andre og tredje kvartal, og innhaldet blir endeleg forma etter dette. Same metode vil gjelde for leiaropplæringa. Prosjektet skal bli breidda ut i heile organisasjonen i tredje og fjerde kvartal, og om ein gjer alt rett vil resultata kome i 2016. Avgjerder skal takast der problema oppstår Eit sentralt punkt i arbeidet er at dei strategiske føringane skal leiast ovanfrå, men byggast ute i organisasjonen. - Vi må øve oss på å gå vekk frå å vere toppstyrt, til å gi ansvar for avgjerdene ut i organisasjonen. Nærast der problema oppstår, seier Hårstad og er klar på at dette ikkje er gjort i ei handvending i ein organisasjon med 260 leiarar pluss tillitsvalde og verneombod. – Men vi er i gang, slår han fast og får støtte frå styremedlem og tilsettrepresentant Charles –Å starte bygginga av ein felles kultur er ein veldig nyttig veg å gå i ei tid med store spenningar og uro. Det er positivt at leiaropplæringa og forbetringsmetodikken skal bli breidda ut i alle delar av føretaket, seier Austnes. - Sjukehusa er ein kunnskapsorganisasjon og kunnskapen sit ute blant dei tilsette. Vi har mange sterke og flotte tilsette, og leiarutfordringa er å få alle til å dra i same retning for å skape resultat, seier styreleiar Stein Kinserdal. Han meiner at kulturbygging er essensielt, men det må ligge ei forståing av kva som er viktig skal ein klare å bygge ein slik kultur. - Kultur kan ikkje vedtakast, men må skapast. Sjukehus er ein av dei mest komplekse organisasjonane ein kan leie, og den forståinga må vi ha i botn for å skjøne omfanget av omstillinga som helseføretaket no arbeider med, avsluttar styreleiaren. Sivilforsvarets oppgåver i fredstid blir tydeleggjorde Meir merksemd mot hendingar i fredstid, styrking av den lokale beredskapen gjennom kommunal beredskapsplikt og meir effektiv utnytting av Sivilforsvarets ressursar er hovudessensen i den nye sivilbeskyttelsesloven som nyleg blei vedteken i Stortinget. Kommunal beredskapsplikt blei vedteke av Stortinget allereie i 2009 og blir no vidareført i sivilbeskyttelsesloven. – Den nye lova tydeleggjer Sivilforsvarets opp gåver i fredstid, og kommunane tilpassa beredskapsarbeidet sitt, inkludert lovverket, i tråd med endra trusselvurderingar innanfor den sivile beredskapen, har vi i Noreg enno ikkje komme i mål med vurderinga av eit nytt vernekonsept for befolkninga. Med unntak av brannvernlovgivinga er mykje av det norske lovverket på beredskapsområdet i stor grad frå 1950talet, seier Elin Olsen – Hovudgrunngivinga for å opprette Sivilfor svaret ligg i dei klare fordringane i folkeretten om at sivilbefolkninga har krav på vern i krig. Sivilforsvaret skal framleis ha eigne oppgåver knytte til ein krigssituasjon, men den nye lova tydeleggjer også Sivilforsvarets oppgåver i fredstid som forsterkingsressurs overfor nød og beredskapsetatane, seier ho. For å sikre tilstrekkeleg kvalifisert personell blir den allmenne tenesteplikta i Sivilforsvaret vidareført. Den øvre aldersgrensa blir sett ned frå 65 til 55 år, slik som for verneplikts og heimevernstenesta. Mykje er endra sidan sivilforsvarslova blei ved teken i 1953. Samtidig tilseier nye trusselbilete med risiko for uønskte hendingar (ekstreme vêrforhold, ras, flaum, dambrot, akutt foru reining, atomulykker mv.) at ein bør ha særlege forsterkingsressursar som kan hjelpe nød og beredskapsetatane ved redningsaksjonar og annan innsats ved uønskte hendingar også i fredstid. Ulykka på Lillestrøm stasjon i 2000 og terroranslaga i USA 11. september 2001 viser at ein også i fredstid må vere budd på ulykkes scenario som faktisk kan samanliknast med resultatet av krigshandlingar. Ordninga med at kommunane mellom anna er ansvarlege, også økonomisk, for å halde og lagre sivilforsvarsmateriell, blir vidare ført i den nye lova. – Akkurat denne ordninga har gjennom åra ført til mange diskusjonar. Det er forståeleg at ho kan by på utfordringar, mellom anna fordi det kan bryte med det finansielle ansvarsprin sippet. Det blir likevel sett på som umogleg å drive tilfredsstillande materiellforvaltning i Sivilforsvaret utan å rekne med økonomiske bidrag frå kommunesektoren, seier Olsen og legg til: – Det er viktig å hugse at Sivilforsvaret held oppe ein beredskap som alle kommunar kan dra nytte av, samtidig som alle kommunar kan be om bistand frå Sivilforsvaret når uønskte hendingar skjer. Våre overnattingsprisar inkluderer ikkje oppredd seng, men vi rer med glede opp sengar til dei som ønsker det. Her følger våre overnattings-muligheter: Heilt til venstre i fyrtunet har vi Maskinhuset, med dobbeltrommet Maskinrommet. Eit sjarmerande, lite rom med flott utsikt ned på nye lykta, Sildagapet og fyrgeitene. Her stod maskina og aggregatet som dreiv fyrlyset då det var plassert i gamlelykta. Denne overskrifta grein imot frå avisstativa måndag 8.september. Det var framsida av Rogalands Avis som bar denne ” glede-bodskapen ” til torgs. I ”messa” hadde Magnhild Meltveit Kleppa m.a. uttalt: ”At hun tror på en Gud som er rausere enn menneskenes avgrensede tanker”. Dette kan ikkje skjønast annleis enn at Meltveit Kleppa trur på ein annan Gud enn den Bibelen forkynner. Ønskjer du deg eit meiningsfullt yrke, og vil raskt ut i arbeidslivet? Då kan sal og service vere det rette for deg! Her kan du gå to år på skule og etterpå ta fagbrev etter to år som lærling ute i ein bedrift. Du kan spesialisere deg innan kontorfag, butikkfag, reiseservicefag og vektarfag. Vel du sal og service, vil du også vere med og starte ein ungdomsbedrift ( sjå omtale av bedrifter på skulen her ) og delta på messer. På Vg1 har du praksis ute i ein bedrift i 14 dagar og du vil få nyttig kunnskap om arbeidslivet. Mange av våre tidlegare elevar jobbar no i handelsstanden i regionen, på hotell, eller i reiselivsbransjen. Enno usikker? Du har fleire moglegheiter! Ønskjer du å studere seinare, kan du alltid ta allmennfagleg påbygging, slik at du får studiekompetanse. PC er eit viktig verkty For å gjere ein god jobb må du også ha grunnleggjande kunnskapar om administrasjon og økonomiske forhold og om tryggleiken i ei bedrift. Bruk av IKT står sentralt i arbeidet innanfor alle fag i sal og servicenæringane. Alle løpa i studieretninga fører fram til yrkeskompetanse med fagbrev. På Sotra vidaregåande skule har vi både tilbod om Vg1 Service og samferdsel og Vg2 Sal, service og tryggleik. Desse tilboda finn du på skulestad Sund. Crimplene, kleda frå 70-talet Hugsar du crimplene? Verdas mest syntetiske stoff? Det vert gjennsyn med 60- og 70-talsklede når Vikebygd og Aga bygdekvinnelag skipar til utstilling i Agatunet i sommar. Bygdekvinnene hugsar godt då dei nye syntetiske stoffa kom i handelen. Crimplene vart raskt eit populært stoff, særleg når ein skulle sy klede sjølve. Det var enklet å sy i . Stoffet rakna ikkje, og ein trong ikkje kasta over saumane. - Du kan prøva i riva i det, du fer ikkje ut ein tråd utan å bruka saks! fortel Gurid Bleie, leiar i bygdekvinnelaget. Me sydde alle slags klede, drakter, kjolar, kåper og bukser. Ikkje krølla det, og det var berre å skylda av kleda etter bruk. Men ein vart fort sveitt! Crimplene heldt stand utover mot 80-talet, men så vart det slutt. I utstillinga vert fleire av crimplene-klenodia synt fram, saman med tidsriktige sko, vesker og anna utstyr. I mai inviterte historielaget til tur til Askøy og Herdla, sjølvsagt med mykje historie undervegs. Ein av turdeltakane deler si oppleving av turen med oss: Mange nikka gjenkjennande, og nostalgifaktoren var høg då det kom ein ekte blåbuss frå BHB-veteranklubb og henta turdeltakarane. Då me hadde plukka opp deltakar nr 25 i Åsane, gjekk turen rett til Strusshamn på Askøy. Første stopp var den tidlegare mølla og shoddyfabrikken i Strusshamn. Shoddyfabrikken gjorde filler av bommull og ull om til shoddy, som mellom anna vart brukt til uniformstøy, fyll i madrasser og teppe. Brødrene Arne Johannesen og Alfred Bruvik starta fabrikken i 1909. Etterkomarane deira kjenner me som “Bruvikane” på Tysse. På 50-talet gjorde kunststoff som nylon og akryl shoddyfabrikken ulønnsom. I dag har Askøy museumslag restaurert lokala og gjort dei om til eit imponerande fint lokalhistorisk museum. Turen gjekk vidare nordetter på austsida av Askøy , og me passerte mellom anna Kleppestø, Florvåg , Olaviken og (Kanskje får du framleis kjøpt askebær på kjøpesenter på Askøy, men knapt på Torget). Ein kunnskapsrik og engasjert guide gjorde turen svært interessant med historiar og informasjon. Vel framme på Herdla vart me kjørte til døra til Herdla gjestehus der kompemiddagen var klar. Etterpå var det ikkje lange vegen til Herdla museum som gir eit innblikk i Herdla sin historie både som kongsgard og viktig tysk flybase under krigen. Filmen om det tyske flyet Gul 16 som styrta i sjøen utanfor Øygarden, såg me og der. Flyet vart heva i 2006, og er no utstilt ved det nedlagde kystfortet på Herdla. Herdla kyrkje var uventa stor og ligg høgt og fritt, godt synleg. Av den grunn vart tårnet demontert under krigen, men er no på plass igjen. Frå kyrkjegarden er det og utsyn over Hordalands største gard som i dag har lagt om frå mjølkeproduksjon til kjøttproduksjon og tilbod til golfspelarane. På heimvegen fekk bussjåføren god trening i å kjøra veteranbuss på smale vegar på vestsida av Askøy. Det var ei super helg! Spesielt vil me sende ei stor takk til Rita som hadde ein finger med i det meste på turen, og til Terje som var både trenar og bussjåfør (han er ein mann med godt humør;-). Håpar på eit liknande tiltak neste år. God sommar til alle Bjoabuar, helsing Elisabeth og Anders! Kombinasjonen barn og bar ild resulterte i brann på stua i huset. Ingen voksne heime. Barna sprang til nabohuset og fekk varsla mor (huseigar) og bestefar. Bestefar og kjærasten til huseiger forsøkte å kome inn hovudinngang, men måtte gi opp på grunn av røyk og varme. Hageslange montert i kjellar vart rulla ut, og i det eit vindauge knuste på grunn av varmen var dei klar med vatn. På tross av tydlege teikn i ettertid på overtenning både på stue og kjøkken klarte dei å slokke brannen utanfrå med hageslangen utan strålespiss! "Då vi valde Activ Board hadde vi ein tanke om å kunne gjere oss nytte av digital tavle både for barna og for dei vaksne her i Mosmarka barnehage. Altså måtte det følga med program som både fungerer for barn i leik og for vaksne i ulike arbeidssituasjonar. Tavla gjev store moglegheiter og personalet er framleis i ei læringsfase om korleis best gjere seg nytte av den i ulike samanhengar. Det vi i dag har nytta den til er personalmøter, «film-lerret» i tema arbeid, eventyrsamlingar for borna der personalet har filmatisert eigenproduserte teiknefilmar om tema, samt diverse andre leike-aktivitetar der borna har delteke. (leik med former, fargar, tal osb.) Tavla bidreg til aktivt samspel mellom barn-barn og barn – voksen. Ein kan jobba med leik med bilete, lyd, matematikk, språk, former og fargar. Det er også fint å finne idear og ressursar som er lett tilgjengeleg på Aktiv Undervisning. I tillegg ser vi moglegheita for å kunne nytte tavla under ulike møter, der ein treng gjere seg nytte av tolk, eller ynskjer å ha nett/telefon møter. Kurs i bruk av tavla, var både underhaldande, engasjerande og ei fin blanding av teori og utprøving. Kurset var viktig for å gi personalet ein felles kompetanse om korleis ActivBoard fungerer, samstundes som dei fekk tid til å teste det ut." Austerdalsbreen, Veitastrond/ Luster "The finest ice-scenery in Europe", sa den engelske fjellmannen W.C . Slingsby om Austerdalsbreen og dei imponerande brefalla Odin, Tor og Loke. Hit kjem du etter ein lett fottur frå Tungestølen. Frå Hafslo i Luster kan du dra til Veitastrond og vidare til Tungestølen. Dette er i seg sjølv ein fin tur på den svingete vegen langs Veitastrondsvatnet. Når du kjem til bygda Veitastrond følgjer du Sumelvi vidare inn etter frå Nes. Då skal du ta deg tid til å sjå korleis naturen har slipt berget i elvefaret til kunstferdige groper. Her har Vårherre vore flink med hendene. Frå Tungestølen følgjer du stien inn over Austerdalen. På nordsida ligg Skyttapiggen og bak der lurer Lokebreen. Austerdalsbreen er ein av dei minst 28 brearmane på Jostedalsbreen som har eige namn. Turistinformasjon Gärning Mahad Mahad Mahamud Ali har hotat målsäganden genom att uttala att han funderar över vad han ska göra med henne, att han ska ärra henne i ansiktet, att han ska skada hennes ben så att hon inte kan gå och liknande. Me tilbyr luftfylling for tilreisande dykkerar. Me har to kompressorar der den eine er utstyrt med bensinmotor. Denne er grei å ta med seg på dykke-turar, og er forbeholdt medlemmer i Vikedal Dykkarklubb. Den andre står fastmontert i klubbhuset. Dersom du ikkje er medlem, og treng luft på flaska di er det berre å ta kontakt med ein av oss i styret, så hjelper me deg! Fotoutstillinga frå kraftutbygginga av Storelva («Samnangervassdraget»), er no sett opp på Antons kulturhistoriske senter på Frøland. Her kan du sjå dei over 100 bileta frå utbyggingsstarten i 1909 til Svartavassdammen stod ferdig 20 år seinare. Eventuelle lesarar som er i Berlin må naturlegvis kome til Fuchsbau på fredag. Her ein dag stakk eg innom ei lokal bruktsjappe for TV og stereo: Prima Fernsehdienst. Innehavaren var ein hyggeleg, pratsom fyr. Han hadde ein bitteliten butikk og altfor mykje utstyr på for liten plass. Han lova å selgje meg eit supert stereoanlegg veldig billeg. Då eg fekk det levert på døra, klarte eg å springe ut av leiligheten utan å ta med meg nøkkelen. Mannen frå Prima Fernsehdienst fekk vondt av det heile og lovte meg ein gratis TV. Huseigaren let seg ikkje få tak i, så eg lot den halvferdige middagen på komfyren for alltid forbli halvferdig (eg hadde heldigvis slått av plata før eg gjekk ut), og stakk på teater for å sjå «Fruen frå havet». Etterpå havna vi på ein veldig mørk og dekadent klubb der det var konsert som minna om det eg trur ein ville fått sett og høyre dersom Penthouse Playboys hadde døydd i ei lei ulykke med turnébussen, men nokre år seinare stått opp igjen for ein siste konsert. I dag ringte eg Schlüsseldienst, og det kom ein mann og som på eit brøkdels sekund dirka opp døra mi til 100€. Det er vel meininga at ein skal bli så glad for å kome inn si eiga dør, at ein ikkje skal tenkje på kva det kostar. Og, ja, eg blei glad. Og no er det musikk. Grasrotandelen Informasjon er avgjerande i arbeidet mot all kriminalitet. PST treng god og relevant informasjon både for å kunne gi trusselvurderingar og andre råd om tryggleik og for å kunne førebyggje og etterforske kriminalitet. I mange tilfelle må politiet unngå å fortelje offentleg kvar opplysningane våre kjem frå. Ei rekkje ulike føresegner, blant andre reglane om teieplikt, gir oss høve til å verne kjeldene våre. Kjeldevern er viktig av to årsaker: For det første må politiet hindre at dei som har gitt oss sensitive opplysningar, blir eksponerte. For det andre er det viktig å hindre at personar som er under mistanke, får innsikt i kva informasjon politiet sit med, før politiet er ferdig med arbeidet sitt. Informasjonsvern Sidan PST handsamar mykje gradert informasjon, har vi også føresegnene i tryggingslova å ta omsyn til i vurderinga av kva opplysningar som kan formidlast til utanforståande. Når vi får opplysningar som er graderte av andre (av ei utanlandsk tryggingsteneste), er det informasjonseigaren som avgjer om vi kan gi opplysningane vidare, og til kven. PST har derfor ikkje utan vidare høve til å formidle vidare opplysningar vi har fått frå andre. Handsaming av innhenta opplysningar Det er viktig å kvalitetssikre all informasjon vi hentar inn. Kvalitetssikringa går ut på både å vurdere kor truverdig kjelda er, og å samanlikne ulike opplysningar, supplere eventuelt mangelfull informasjon - og forkaste irrelevante og uriktige opplysningar. Denne sorteringsprosessen er svært viktig og må skje kontinuerleg fram til ei sak er avslutta. Ein del av den informasjonen vi treng, er opplysningar om bestemte personar. Når vi handsamar slik informasjon, er vi underlagde dei generelle reglane i personopplysningslova , som set klare vilkår for innhenting, oppbevaring og sletting av personopplysningar. Historiske handelsregister over til Riksarkivet Elisabeth Lind og Eva Mikalsen er klare til å pakke ned dei gamle handlsregistra for oversending til Arkivverket. No blir dei historiske handelsregistra overførde frå Brønnøysundregistra til Riksarkivet. Brønnøysundregistra har i samråd med Arkivverket avtalt at handelsregistra no skal flyttast til Arkivverket. Vi vil begynne å flytte det arkiverte materialet 1. september i år. Dette vil innebere at Brønnøysundregistra ikkje lenger kan tilby produkt frå handelsregistra. Arkivverket vil få ansvaret for å lagre arkivmaterialet om historisk næringsverksemd. Vi skal sende dette materialet til Statsarkivet i Trondheim, Hamar, Tromsø og Bergen. Arkivverket vil etter kvart tilby kopi av lagra dokument. Dei tidlegare handelsregistra inneheld opplysningar om føretak frå 1890 til 1988. Til saman var det 96 handelsregister som var plasserte på ulike stader i Noreg. Føretaksregisteret, som blei etablert 01.01. 1988, overtok registreringa av føretak i Noreg. I 1990 blei dokumenta frå alle handelsregistra overførde til Føretaksregisteret. Sidan overføringa har Brønnøysundregistra skaffa til vege dokument og stadfestingar frå arkivet. Det har vore mogeleg å bestille kopiar av stiftingsdokument, vedtekter og andre protokollar. I tillegg har vi laga stadfestingar som kunne innehalde opplysningar som: Roller, sletting med tilknytt årsak Kapitalforhøgingar og kapitalnedsetjingar Informasjonen har blitt brukt i samband med forsking, tingrettssaker og heimelsovergangar på eigedomar. Skal det gjerast endringar på kjøpet, som t.d fleire kort, eller færre kort enn det du hadde, så må du ta kontakt oss før du gjer bestillinga. (Ta kontakt med Geir Inge Heggestad via gih@sogndalfotball.no på telefon 48 00 61 62 på kvardagar (f. 16:00) eller ta turen forbi våre kontor på Fosshaugane Campus) No kan du gje din støtte til eit lokalt idrettslag Til neste års sesong er det innført eit prosjekt, som vil gje lokale idrettslag ekstra pengar i klubbkassen sin. Me ynskjer å gje vekk 300,- av kvart sesongkort som vert seld til ein av desse lokale idrettslaga som har valgt å vera med på prosjektet. Du bestemmer sjølv kven som skal få den andelen. Når du gjennomfører kjøpsprossesen får du spørsmål om du vil gje din støtte til ein av desse klubbane, eller om du ikkje vil gje til nokon av dei. Desse 300,- har ingen innverknad på prisen som du betalar på ditt sesongkort. Så om du vil gje din støtte eller ikkje, er heilt opp til deg. Bjørnulv såg storøygd på – Meiner du at… Asgaut lo litt. – Ja, eg meiner det. – Og du sa at han er ein av dei som står Hjorten nærast, stotra Bjørnulv. Asgaut såg fast på – Eg sa det, ja. Forresten har eg ikkje merka at Tore har gjeve deg nokon grunn til å meine at han ser ned på deg heller. Bjørnulv kjente at han raudna litt der han sat, og tenkte på det Tore hadde sagt til han med det første han var komen til – Det er ei anna sak, og. Det har vore låkt med øving i bogeskyting. Men etter det vesle eg har sett, trur eg ikkje at du skulle bli blant dei kleinaste der. Og eg kjenner meg viss på at når Bodvar kjem, så blir det mykje trening med bogen. Det er få i Hålogaland som kan måle seg med Bodvar når det gjeld bogeskyting. Bodvar var Kalv Kvite si rake motsetning på alle vis. Mørk var han, både i hår og hamlet, og dryg i måla, både ein og hin vegen. Og han var ikkje lenge heime på Borg før Bjørnulv forsto at han heller ikkje trong truge seg på kvinnfolka. Det kunne nesten verke som det snarare var motsett. Likevel såg det ikkje ut til at eit einaste kvinnfolk vart fornærma over ikkje å nå fram til han. Bodvar sin måte var slik at ingen kjente seg krenka. For Bjørnulv var det ein nesten umogleg tanke at denne mannen eingong hadde vore træl. – Så trygg på meg sjøl blir aldri eg, tenkte han meir enn ein gong. Nokre dagar Asgaut hadde snakka med Bjørnulv, var det ikkje Kalv Kvite, men Bodvar som møtte dei på treningsvollen. Bodvar sto breibeint og augefor gutane etter kvart som dei kom. Bjørnulv berre nikka og såg nedi marka. – Jammen, så stå ikkje der som ein træl. Sjå på meg når eg snakkar åt deg, gut. Utan at Bjørnulv heilt visst korleis det gjekk til, sto han brått framfor Bodvar med sverdet i handa. – Sjå der, ja, lo – Det er tak i deg lell. Men la oss no ikkje gå laus på kvarandre med sverdet. Det unner vi ikkje dei som no kjem. Bjørnulv høyrte bråket av dei andre gutane og skynda seg å stikke sverdet tilbake i slira. Bodvar stilla gutane opp på to rekker. – Slik står bogeskyttarane når det er alvor, sa han. – Men no er det berre øving. Og det første eg har å seie til dykk, er at de skal glømme alt de har lært om bogeskyting. Ingen av dykk har lært bogeskyting som duger i strid. Det de kan, er vanleg bondeskyting. Gaute tok eit steg fram og såg hardt på – Jada, Gaute Frodason, eg veit at du er son til ein hovding i ein av fjordane aust mot Ofoten. Likevel tar eg ikkje tilbake eit ord av det eg har sagt. I morgon vil du vite litt av kva eg meiner. Så var dei i gang. Ikkje med det dei trudde dei skulle gjere, men med å trene opp arm-, aksel-, og ryggmusklane. Bjørnulv var van med tungt slit, så han greidde dei fleste øvingane lett. Der var nokre bondesoner som og greidde seg bra, mens dei av høg byrd hadde større vanskar med å henge med. Morgonen etter såg Bjørnulv at det var vondt for Gaute å greie å løfte grautskeia til munnen. Då skytinga kom i gang for alvor, viste det seg snart at Bjørnulv spente bogen betre og skaut lenger enn dei andre gutane. Han råka ikkje så godt i byrjinga, men det betra seg raskt. Ein dag rakte Bodvar sin eigen boge til – Prøv denne du. Bogen til Bodvar var større og grovare enn Bjørnulv sin, og Bjørnulv stridde litt med å spenne den heilt ut. Han greidde det ikkje heilt, men han la likevel monaleg til den skottlengda han greidde med sin eigen boge. Bjørnulv leverte bogen tilbake til Bodvar med eit sukk. – Det tar visst ei tid enno før eg kan stå i skottlina saman med deg, Bodvar. Likevel kunne han ikkje la vere å smile litt over den uventa æra som var blitt vist han. Eit par dagar etterpå kom sjølvaste Hjorten ned til øvingsplassen. Han hadde med seg ein ny boge som han ga – Bodvar seier du treng denne. Du har vakse i frå den du til no har brukt, seier han. Du får skyte nokre skot med denne, så du ven deg til han. Seinare på dagen kjem eg tilbake. Då får du kappskyte med Bodvar og meg og vise kva kar du er. Bjørnulv vart ståande heilt klumsa. Kom seg ikkje til å seie eit ord. Tore lo litt. – Ordhage folk har eg nok av. Det er bogeskyttarar eg treng. Då Tore kom tilbake, syntes Bjørnulv at han hadde byrja få eit bra tak på den nye bogen. Likevel orda han litt tafatt frampå om at han ikkje var særleg lysten på å skjemme seg ut i ei tevling der han ikkje hadde noko å gjere, men Tore var ikkje til å snu. Først skulle dei skyte fem piler kvar. Dei skaut mot kvar sitt neverstykke. Den som var først ferdig og hadde råka best, var vinnaren. Asgaut skulle vere fremste domaren, dersom det var tvil. Bodvar vart først ferdig, og det viste seg at han hadde skote alle pilene sine gjennom neverstykket, i same holet. Berre ei av pilene til Tore hadde gått gjennom nevra, men dei andre fire sto godt samla kring holet. To av pilene til Bjørnulv hadde gått gjennom like ved sida av kvarandre. Dei tre siste sto nær inntil dei to hola. – Eg må døme Bjørnulv sist, sa Asgaut, – men eg trur Tore må legge seg i trening om han skal greie å halde på andreplassen her på garden over litt tid. Same rekkefølgja vart det i alle dei andre øvingane. Men når det gjaldt kven som kunne skyte lengst, så var det berre siste pila til Bjørnulv som avgjorde. Ho hadde nådd mykje kortare enn dei fire andre. Asgaut trudde det kunne vere noko galt med pila, og kravde omskyting, slik at Tore fekk siste pila til Bjørnulv og omvendt. Dei to pilene nådde akkurat like langt, så Asgaut vart nøydd til å døme Bjørnulv sist også denne gongen. Men Bjørnulv høyrde ikkje at nokon kalla han Bjore etter den dagen. Namnet var som eit vårsøg i hugen hans. Gyda Skaftadotter på Li. Han visste at ho aldri kunne bli anna enn eit søtt sår i hugen hans. På Li hadde det sete fribårne odelsbønder i alle ættleder i manns minne. Så dotra på Li var esla til noko betre enn ein løysing frå ein fjern fjord. At ætta til Bjørnulv ein gong hadde vore hovdingar, gjorde ikkje saka betre. Ei ætt som hadde tedd seg slik at dei hadde fått gudane sin vilje imot seg, måtte det vere noko grunnleggjande galt med. Men det smilet ho hadde sendt han sist ho og foreldra gjesta på Borg, det vart nok ikkje lett å glømme. Og ho hadde snakka til han. – Eg høyrer det er du som tevlar i bogeskyting, hadde ho kviskra til han då ho strauk forbi saman med dei to døtrene hans Tore. Det var ein av desse klåre og gjennomsiktige haustdagane, omlag ei veke før vintertid. Frosten hadde enno ikkje vore på gjesting, men han kjente det gufsa litt kaldvore ned frå Gullringhamran. Bjørka hadde kledd seg i gult, men bar for det meste enno lauvet sitt. Dirringa i ospelauvet var det slutt med for denne gongen. Som vanleg var ho den første til å kle av seg lauvprakten. Dei raude rogneblada var blitt brunare dei siste dagane, og hadde og tatt til å falle. Berre ei og anna selje sto enno trassig og grøn innimellom aka den gule og raude fargeprakten. Han fall i tankar om korfor ikkje alt dette raude i naturen kunne brukast til farging av ty. Harmeleg at både raudt og blått fargestoff som vara måtte kjøpast for så dyre pengar frå framande land at berre dei rikaste stormennene hadde råd til slikt. Då merka han at han ei tid hadde sete og sett på nettopp ei av dei fargene som berre storfolk kunne ha. Det innslaget av blått som han hadde festa auga på, høyrde til i eit belte kring ein stakk. Inni stakken var det ei kvinne eller ei jente som gjekk der å bøygde seg over tuvene. Stakken gjekk elles så i eitt med fargene i naturen at det hadde vore vanskeleg å få auge på ho. Nyfiken rusla han nedetter mot kvinnemennesket som gjekk der krumbøygd over tuvene. Tyttebæra skulle vel alle ha fått i hus no.. Han såg på det lyse håret som flomma laust over akslene at det var ei ugift jente. Ho høyrde visst stega hans i lyngen, og retta seg kvasst opp for å sjå kva det var som kom. Fortumla stoppa han. – Gyda! – Nei, er det du som fer slik og skremmer jenter i marka, lo ho. – Ja, nei, det var no ikkje nettopp det… Eg meiner… Han stotra og stamma og kjente at han vart raud. Forargeleg at han skulle bli så raud og ikkje finne på noko å seie til den vakre jenta. – Du undrar vel på kva eg fer her og grev etter i marka på denne tida? Ho hadde såvisst ikkje vanskar med å finne orda. – Ho mormor fann ut at ho hadde for lite tranebær til eit av dei mange remedia sine. Og så ba ho meg om å gå opp i marka for å sjå om eg kunne finne nokre. Men det er visst blitt for seint. Du ser eg har ikkje mykje å bere heim til ho. Ho synte fram neverkoppen sin, og han såg at dei små, raude bæra dekte botnen. – Tranebæra er ikkje lette å finne tidlegare på året heller, fekk han seg til å seie, og angra med det same. Der røpa han trælen i seg igjen. Frie karar for ikkje i marka og leita bær. Trælgutar, derimot, dei kunne brukast til slikt og. Men ho berre lo, og han høyrde at det ikkje var nokon vond latter. – Det har du jammen rett i . Ikkje er det mykje av dei, og ikkje er dei lett å finne, dei som er heller. Men no må eg visst sjå til å komme meg heim. Du får følge meg bort til ho mormor, når du no først er her. Eg kjenner meg ikkje trygg på at bjørnen har gått i hi enno, så lite lauv som det har falle. – Er det mykje bjørn her? – Nei, mykje er det ikkje. Men dei fortel at ei ku vart slegen av bjørn tidlegare på hausten. Far snakkar om å få med seg folk og gje seg på bjørneveiding. Men det blir som oftast ikkje med meir enn snakket med han. når det gjeld veiding. Dei gjekk tause ved sida av kvarandre nedetter lia. Ho veifta litt med neverkoppen sin. – Forsiktig så du ikkje tømer ut dei bæra du har funne, kunne han ikkje la vere å formane. – Eg veit alt om deg, sa ho. – Å, sa han. – Det blir snakka om deg. – Å? – Ja. Det vart kleint med venskap mellom dei to brørne, fortalde dei gamle. Men seinare fann dei to folka tilbake til venskapen, og hadde mykje med kvarandre å gjere. Det hende og at det vart giftemål mellom dei. Då eg vart fødd, i høveleg tid Bjørnulv, farfar din var fødd, avtalte fedrane våre at vi to skulle ha kvarandre. Vi møttest, farfar din og eg, og kom til å synest godt om kvarandre. Men det gjekk stadig meir attover med ætta di, og ein dag kom farfar din til far min og sa at han ikkje lenger makta stå ved den avtalen far min og far hans hadde vorte samde om. For meg var det ein tung dag. Det var det for han og, veit eg. . Men for far min var det nok ei lette. Han skynda seg å gje meg bort til ein stormann aust i Tjeldsundet. Eg var tolleg vakker, den gongen. Og medgifta mi var slik at det ikkje var vanskeleg å bli av med meg for far min. – Men korfor sit du her no, i denne gammen, du som vart gift med ein stormann i Tjeldsundet? – Eg fekk det aldri godt, der i Tjeldsundet. Mannen min gjorde det snart klart for meg at det var medgifta mi, og ikkje meg han var interessert i . Han dengte meg mykje når han syntes at eg ikkje heldt mål som husfrue på ein storgard. Og han tok meg berre når han var så full at han mest ikkje makta noko. Elles heldt han seg til frillene sine. Likevel fekk eg ei dotter, mor til Gyda. Då han såg at det var ei dotter eg fekk, knesette han ein av frillesonane sine og gjorde han til odelsgut på garden. Eg fann meg i alt, heilt til han ein dag dengte meg i påsyn av folka sine. Då sendte eg gann mot han. Etter den dagen kom han seg aldri ut av koven sin. Heller ikkje var han kar for å ha friller hos seg, der i koven. Etter det vart alle redde for meg. Han greidde snart å vende Tyra, dotter mi, imot meg. Ho torde vel ikkje anna. Ho vart ikkje mindre dengt, ho enn eg hadde vorte. Kom tilbake når du har høve og kjenner at det er rett. Då kan det vel hende du møter Gyda, eller får sjå ho. Året sleit seg fram mot midtvintersblot. Det var som om vinteren ikkje greidde å feste grepet om landet. Det hende at det snødde såpass at lendet vart kvitt, men straks snudde veret seg og hølja snøen vekk med sterke stormnevar frå sørvest. Mørket låg som ein våt skinnfell over landet. Folk sturte og vart ilskne. Likare vart det ikkje Tore Hjort sjøl sigla aust i Vågar til garden sin der, for å sjå alt gjekk som det skulle med førebuinga til midtvintersblotet. Til sist måtte Asgaut lyse ut at den som først greip til våpen ville bli hengt på galgebakken, og den som først tok til knyttnevane ville bli slengt bunden i ei utløe i to døgn. Ingen var i tvil om at Asgaut ville stå ved det han sa, så det roa seg etter det. Det vart betre Kalv Kvite ba seg fri frå tenesta hos Tore Hjort og flytta over i garden til Skafte på Li. Blant mennene vart det snakka ein del om denne flyttinga til Kalv, og om korfor Tore hadde vore så villig til å la han gå. Ein slik sverdkjempar var det underleg at Tore ikkje gjorde meir for å halde på, var det nokre som meinte. Andre sa seg glade for at Kalv var flytta til Li, og dei trudde nok at Tore og var glad for det. – Rett nok er han god med sverdet, Kalv, var det ein som sa. – Men Tore har kan hende sett korleis Kalv såg på døtrene hans. Og berre nornene kva ein mann som Kalv er villig til å gjere for å få det han trår etter. – Ja, flein ein annan, – Kalv skrytte av at Skafte hadde lova han at han kunne bruke kjerringa til Skafte det han ville, om han berre flytta til Li. Men det trur eg nok at etter ei tid så blir nok ikkje mora. Då er det nok dottera på garden, den lyse og fagre Gyda som må. Då greidde ikkje Bjørnulv sitte der lenger. Han var ute av døra før han visste av seg, og hadde gått eit godt stykke før han merka at han var på veg til Ranveig. Han stoppa litt opp og kjente etter. Var det rett av han å gå til Ranveig i dag? Han kjente seg ikkje sikker på at han var bodsendt. Han kjente det heller ikkje som om han ikkje var ønska. Men han visste at han måtte snakke med Ranveig. Ho som kunne så mykje måtte då kunne gjere noko slik at Gyda ikkje fall i Kalv Kvite sine klør. Då han kom fram til den vesle stova til Ranveig drøyde han litt. Det var noko som butta imot, kjente han. Han skaut seg attom ei diger rogn, og skotta døra. Dei nakne greinene på rogna tok ikkje mykje av for regnet som sila og draup, draup og sila. Einskilde bær hang enno på nokre av greinene. Dei var svarte mot det svinnande lyset. Døra i Ranveigstova gjekk opp. Ein svær mannsskapning krøkte seg ut. Bjørnulv klemte seg nærare inntil rogna. Dette var noko han ikkje skulle ha sett. Men han kunne likevel ikkje la vere. Den høge og breie mannen såg seg fort ikring før han skynda seg bortetter stigen. Bjørnulv såg ikkje beint på han. Visste at det fanst folk som kunne merke det om nokon såg beint på dei. Likevel var det uråd å ikkje kjenne igjen mannen då han for framom rogna. Bjørnulv kjente ein sting i bringa med det same. Bodvar! Kva kunne vel han ha for ærend hos Ranveig? Enno ei god tid sto Bjørnulv kurande still. Det var nok best han ga Bodvar eit godt forsprang, før han sjøl tok til å vandre heimvegen mot Borg. Då gjekk døra opp igjen, og Ranveig sto der i det bleike lyset frå stueelden. – Bjørnulv, kalla ho lågt. – Berre kom fram. Eg veit du er der. Han sto heilt stille. – Kom no. Eg ville du skulle komme, endå om eg ikkje hadde tenkt å kalle på deg før litt seinare. Då seig han sakte fram frå skyggen attom rogna og stiltra seg inn i Ranveigstova. Ho sessa han på pallen og stakk eit horn med varmt øl i handa hans. Ho såg grunnande på han då ho flidde han hornet. Så snudde ho seg mot åren og tok seg god tid med å rote i varmen og legge nye bjørkekubbar på elden. – Dette har ikkje hendt før, Bjørnulv, snudde ho seg mot han, – at nokon har kome før eg kalla på han. Det må ha hendt noko omframt der bortpå Borg. Då rann dei ut av han, alle orda om korfor han hadde sprunge frå Borg til ho, til Ranveig, den einaste han trudde kunne gjere noko vettugt med det som hadde vorte sagt. Men først, Bjørnulv, berre dette: Du såg noko nyss som det ikkje var meininga at du skulle sjå. Då er det nok best at eg fortel deg litt om det. – Meiner du at Bodvar..? – Ja. Lurer du ikkje på korfor han var her? – Jau, men eg… Ho lo litt. Raka enno ein gong i elden. – Du er ein underleg ein, du Bjørnulv. Du liknar farfar din. Du har styrken hans. Men du har noko meir. Eg veit ikkje kva det er. Derfor fortel eg deg det eg no skal fortelle. Eg ville aldri ha fortalt det til nokon. – Om Bodvar? – Ja, om Bodvar. Du trur vel at Bodvar er ein lykkeleg mann? – Korfor skulle han ikkje vere det? – Så svar meg då på korfor han skulle vere lykkeleg. – Han har vore træl. No er han ein høgt vørd mann hos sjølvaste Tore Hjort. Kvinnene… Eg meiner… Dei… Det ser ut som om… som om dei ikkje har noko imot å sleppe han innåt seg. Bjørnulv kjente korleis den ufordragelege raudna flamma over ansiktet hans igjen, slik det støtt gjorde når han skulle snakke om kvinner og kjensler. Han håpa at Ranveig ikkje merka det i dette lyset. Elles såg ho mest inn i elden på åren i alle fall. – Er ikkje du og bra vørd hos Tore Hjort, Bjørnulv? – Eg skal ikkje klage. Bjørnulv visste ikkje. Kanskje kom det frå alle tre samtidig. Frøya smilte. Jenta sokk på golvet. Asgaut stelte med broka si, og sto igjen alvorsam ved sida av Tore og Bodvar. Tausa låg enno ei lita tid på golvet framfor Frøya. Så reiste ho seg. Bøygde seg igjen og kyssa føtene til Frøya før ho sakte drog hestelemmet ut. Det såg ut som det hadde krympa, hang liksom slapt over hendene hennar der ho bar det fram til Asta som sto der med eine enden av linkledet i hendene sine. Saman linna dei to kvinnene lemmet inn i linkledet og la det på pallen framfor Frøya mens dei song til Siv si tromme: Urmor, urdis, vanevette håløygdis frå urolds tid mannelem deg lite mettar heilaghesten må deg ri Gje oss år som tidleg blømer Gje oss frost som varmen rømer Gje oss frævnad Gje oss mette Gje oss soner Gje oss døtre Gje oss bløming Gje oss liv Den nakne tausa gjekk igjen bort til Asgaut. Knela framfor han. Hovud og hender kvarv under kufta hans. Snart tok broka til å sige nedover låra hans. Då pila ei trælkvinne med nedslått blikk og eit stort fange høy fram mot gudepallen. Ho kasta frå seg høyfanget og breidde det utover på golvet framfor pallen. Så kraup ho eldande snøgt mot utgangen og vart borte. Asgaut førte jenta bort til høybrea, la ho ned og låg med ho der, lenge. Etterpå sette han ho opp på pallen framfor Frøya og skvetta rikeleg med blotblod frå bollen både på ho og Frøya, før han la den blå kappa kring ho igjen. Tromma auka i styrke og to nye blottauser kom inn, begge i skarlaksraude kapper. Den eine bar eit okselem for Torgerd Holgabrud, den andre eit bukkelem for Irpa, dei to mektige ættedisene for Håløygætta. Alt gjentok seg med desse to som med den første, berre det at no var det Tore og Bodvar som para seg med dei to blottausene, Tore Torgerd-tausa og Bodvar Irpa-tausa. Igjen gjekk det eit sjo igjennom folkemengda. Bjørnulv kika bortpå Gaute, men denne berre kneip munnen saman og rynka forvirra på augebryna. Dei neste to tausene var tomhendte og bar blå kapper på akslene. Til Siv sitt trommespel dansa dei ein vill dans framfor Frøy og Njord, så kappene sto som vindspente segl kring dei. Då tromma stoppa, kasta dei seg på gruv framfor kvar sin gud. Då var Asgaut og Bodvar der, også dei heilt nakne no. Dei reiste opp kvar si jente og tok kappa av ho. Dei hjelpte jente med feitt frå blotgrytene oppi to blotbollar. Med denne blandinga av feitt og blod tok jentene til å gni inn det ovstore og stive lemmet til kvar sin gud. Mens jentene gnidde inn gudelemmane sto Asgaut og Bodvar bak kvar si jente. Men dei trengte ikkje inn i dei, dei berre sto der med mannslemmet mellom låra på jenta, og strauk ho over lender og lår. Då slo Siv brått ein skarp kvervel på tromma og dei to karane smaug seg rundt tausa dei heldt på med, sette seg på pallen, Asgaut framfor Njord, Bodvar framfor Frøy. Med eit godt tak kring hoftene drog dei jenta ned i fanget åt seg og trengte inn i ho. Etterpå vart munnane til gudane smurde inn med rikelege mengder av blod og feittblandinga før jentene kyste dei. Så kyste Asgaut og Bodvar kvar si jente. Igjen låg trommelyden der, låg og djup. Det rykte i Tore. Det var som han meir drogest enn gjekk fram mot Odin på pallen. Då var Asgaut, Bodvar og dei to tausene kring han, alle framleis nakne. Tore stoppa heit framme ved pallen framfor Odin og rekte hendene i veret. Raskt kledde dei to jentene av han. Ikkje før var han naken, så var Asgaut og Bodvar der og batt hendene hans. Spyda lynte i skinet frå langelden. Blodet pipla frå risp i bringe og rygg. Tore svinga lett i reipet mens han kvad: Allfar, Åsherre einherjers herse Valhallahovding hangagud. Einøygd og allvis hang du på treet såra av geirodd ved Mimes brønn. Frå kvar si side fanga Asgaut og Bodvar opp i blotbollen dei bloddråpane som pipla frå hovdingen før dei fira han ned og løyste han. Imens hadde Asta igjen løfta kappene av Frøya-, Holgabrud- og Irpa-tausene. Saman ga dei seks seg til å smøre inn Odin frå topp til tå frå dei blotbollane der hovdingblodet var, mens Tore kvad: Sigfar, Allfar kvinnekjær kåtgud tak imot blotet for árs og frid. Signe den sæden som gytes i hovet. Styrk slik dei eiga, Allfar si ætt. Tene deg skal dei disene gode: Frøya den sprengkåte Irpa den fagre Torgjerd den fryktlause Holgabrud. Enno ein gong para dei tre karane seg med kvar si taus, den same som dei hadde lege med tidlegare. No strøymde tenestetausene og trælkvinnene inn i hallen. Nokre sette opp langbord på begge sider av langelden, andre bar inn dampande blotmat, mjød og øl i kanner og bollar. I høgsetet sat hovdingeparet. Til høgre for hovdingen, sat gydja Siv, mor hans. Ho hadde Bodvar attmed seg. Nærast høgsetet på andre sida sat Asgaut. Så følgde dei gjævaste bøndene og konene deira nedetter bordet. Gaute og Bjørnulv sat begge ved nedre halvdel av bordet, men langt framme mellom hirdmennene. Folk åt og drakk av det som var sett fram, men praten ville ikkje komme i gang. Berre smatting og eit og anna ølrapet høyrdest kring bordet. Tore tok til å rynke bryna. Til sist sa han: – Nåh, gode grannar og gardsfolk, korfor er de så tause? Tykte de ikkje om blotet? Ein bonde som heitte Torgils svara: – Det var eit omframt blot, hovding. Men strekk ikkje vørdnaden min for langt. Eg trur det er tid for både deg og Asta å leite opp sovepallen no. – Akt deg du, Tore husbonden min, så ikkje folk tar til å kalle deg for løysingsmåg. To løysingar i hirden din er kan hende minst ein for mykje. Blir ein av dei måg, blir det kan hende heile ætta utskjemt, fræste Asta. Tore greip ho i armen og klemde åt så hardt han makta. Ho greidde ikkje å halde tilbake eit siste stønn av smerte, men heldt fram som om ingenting var hendt. – Jaudå, Bodvar, du tedde deg mannleg mot blottausene før i dag. Tromma til vermor mi verkar slik på menn. Til trommelåten makta Skafte på Li å vere mann førre året. Vis oss no at du maktar vere kar mot dei to blottausene dine utan tromma, så veit eg at dotter mi ikkje blir liggande karlaus og barnlaus i sovefellane. Kanhende viser det seg at du har to til å avle gutar. Det er det ikkje alle som har. Kinnhesten Tore ga ho dreiv ho ut av høgsetet. Han samla ho opp frå golvet, kasta ho over aksla og kviskra til Asgaut idet han for forbi: – Få mor mi til sovefellen. Gjer det du må for å få ho dit, men skad ho ikkje. Det vart seinare kviskra om at den kvelden høyrdest det sår jammer og ynk frå buret der sjølfolket heldt til. Asta viste seg ikkje for folk fleire dagar etterpå. Asgaut gjekk og sette seg ved sida av Siv. Han snakka lågt med ho og fekk ho til å drikke djupt og ofte av ølbollen. Snart seig ho ned frå benken, og Asgaut bar ho til det buret der ho heldt til. Ei terne sørga for å få ho under fellen. Asgaut og Tore råktest ute på tunet. Tore var samanbiten og stram i åsynet, Asgaut berre gliste. Han dunka Tore i ryggen og lo. – Jaja, hovding min, kaute kvinner kan titt vere verre enn våpenføre menn. Godt vi kan tukte dei med muskelkrafta vår, når det er naudsynt. Odin korleis verda elles vil sjå ut. Og hugs no det, Tore, at du er ikkje den første som har måtta tukte ei tungekåt husfrue. Far din var ein godlynt mann, men det var ikkje fritt for at Siv fekk smake svolken når kautskapen og tunga bar av med ho. Då Tore og Asgaut kom inn i hovet igjen var det ingen kvinnehop nede ved døra lenger. Mennene hadde henta dei. Det klaska og surkla kringom på pallar og golv, der mennene tok ut kåtskapen sin. Nokre av kvinnene skreik i kåtskap, ein kåtskap som ikkje var mindre enn mennene sin. Andre skreik i redsle og smerte der mennene for fram. Dei fem blottausene hadde samla seg kring Bodvar som kvinnelause menn kasta ilskne blikk mot. Men ingen våga nærme seg blottausene som Tore hadde fredlyst. Det jamna seg ut med talet på kvinner og menn, ettersom mennene spydde og sovna kringom på pallane og på golvet. Visste og at hallen var fredlyst, og at Tore hadde gjeve mennene lov til å ta for seg av kvinnene som vart bydd på blotkvelden. Brått sat Bjørnulv der med ei ung jente i fanget sitt. Ho kasta armane kring halsen hans og hulka: – Berg meg frå han der. Han har alt skamfare to kvinner og no er han etter meg. Bjørnulv såg ein stor brande av ein mann som kom vaklande mot dei. Han kjente han att som ein av dei største sverdkjemparane i hirden. Mannen greip jenta i armen og røska ho mot seg. Bjørnulv heldt att som best han kunne. Dei sleit i kvar sin arm på jenta. Bjørnulv var redd for at dei skulle slite ho sund. Han prøvde å gjere stemmen sin fast og bestemt då han sa: – Denne jenta er med meg. Du får finne deg ei anna. Det var som han hadde venta, håplaust. Mannen remja noko uforståande og sleit hardare i jenta. Bjørnulv visste ikkje kva han skulle gjere. Hallen var fredlyst, det hadde hovdingen sjøl slått fast tidlegare på kvelden. Så kom han på at det berre galdt for våpen. Muskelmakt var det ingen som hadde sagt noko om. Igjen sleit dei begge i jenta, til mannen med blodskotne auga slo etter Bjørnulv. Då slapp han brått. Skorten på motstand fekk mannen i ubalanse og i kne, men han slapp ikkje taket i jenta. Sakte sjangla han seg på beina att, med eit fast tak i jenta. Då langa Bjørnulv ut eit spark. Han sparka så hardt som han makta og råka mannen i skrittet. Mannen sette i eit gaul, krøkte seg, remja ein gong til, spydde og slokna. Då kjente Bjørnulv ein mektig neve i nakken som snudde han rundt. Bjørnulv sokk saman i knea, klar til å møte den nye fienden. Det var Asgaut som sto der og lo. – Eg trur ikkje du treng ottast, Bjørnulv, sa han. – I morgon vil han neppe minnast kva det var som råka han. Visst vil han kjenne at han er øm i skrevet, men det vil han nok tru kjem av han har vore svært til kar med kvinnene. Ta no jenta med deg og gå. Eg har andre saker å ta meg av enn å vakte på dine kvinnesaker. – Eg har ikkje.., byrja Bjørnulv heller arg. Asgaut berre la handa si over munnen hans, smilte og var borte. – Ta meg med, kviskra jenta. – Berg meg, det er fleire som han her i hallen. Ho peika ned på mannen på golvet. – Jamen eg, byrja Bjørnulv, men kom ikkje lenger, for no var det jenta som la handa si over munnen hans. – Du er kjær i ei anna, eg veit det. Du veit ikkje kor du skal ta meg hen. Men eg veit. La oss stikke ned til Fåne sitt hus nede i Borgfjæra. Trælen hans har nok sytt for at det er varmt og godt der. Og Fåne sjøl, han slokna for ei god stund sidan. Kjenner eg han rett, og det gjer eg nok, så kjem ikkje han til å ta på heimveg før den siste blotgjesten har reist frå Borg. Blir du med meg kan eg hjelpe deg til å få den du er kjær i . Bjørnulv såg storøygd på jenta og følgte ho. Jenta hadde rett. Trælen Koll hadde hatt vett nok til å gjere det godt for seg mens herren var borte. Han låg og snorksov innved åren der store bjørkekubbar og torv flamma. Den nesten tomme ølbollen hadde han ståande attmed seg. Bjørnulv såg storøygd på mannen. – Korleis kan ein træl våge å ta seg slik? Hadde noko slikt skjedd på Fjell, så hadde det stått om livet hans. måtte han ha rekna med å bli slått omlag helselaus. Han var nøye med å måle kor høgt ølet stod i tynna om han nokon gong reiste frå garden, bonden på – Åja, du veit, det er med bønder som med anna folk, lo jenta, – dei er ulike. Og med Fåne og Koll er det slik at ein ikkje veit heilt kven som er herren i huset. Dei har budd toeine saman i eit utal vintrar og er som eit gammalt ektepar å rekne. Bjørnulv såg stort på ho. – Meiner du at..? Ho lo igjen. – Nei, det meiner eg ikkje. Eg sa «eit gammalt ektepar» og som du kanskje veit så brukar ikkje gamle ektepar koven til stort anna enn å sove i . Ikkje det at eg trur Fåne og Koll deler sovekove. Slik er det nok likt med andre gardar at trælen deler soveplass med dyra. Ulikt er det at ekte-sovekoven står tom. – Men Fåne, då, undra – Kor søv han? – Han søv på pallen. Jenta peika mot nokre fellar på pallen langs eine langveggen. – Du verkar kjent her i huset. – Ja, eg har vore her nokre gongar. – Med andre gutar etter blotfesten? – Møy er eg ikkje, men møydomen min for ikkje her i huset. Den var det Tore Hjort som tok for nokre vintrar sidan. – Tore Hjort? – Ja. Eg var blotmøy då. Men eg har vore her saman med far min nokre gonger. Men eg likar ikkje å vere saman med menn slik at alle ser det. Tore tok meg, som blotmøy, har eg alltid ønska å vere aleine med den karen eg har valt. Og eg vil velge sjøl. – Og har du valt meg? – I kveld har eg valt deg. – Og eg veit ikkje eingong kva du heiter. – Veit eg kva du heiter? I skålen vart du kalla Bjore Løysing, Bjørnulv Løysing, Bjørnulv Steinbjørnsson. Kva skal eg kalle deg? – Sjøl kallar eg meg Bjørnulv Steinbjørnsson. Du må finne ut kva du vil kalle meg. Ho lo og klappa han på kinnet. I hardaste laget til at det kunne kallast kjærleg. – I morgon tidleg veit eg meir om kva eg vil kalle deg. – Kan du ikkje fortelle meg korfor Fåne ikkje brukar den oppreidde ektekoven? – Fordi han framleis ventar på – Og kven er Disa? – Ho var frå Ullstad, som eg. Eg heiter forresten Ullfrid Hauksdotter, berre så du veit det. Disa og Fåne, dei var kjære i kvarandre. Ein vinterdag for omlag førti vintrar sidan, gjekk ho frå Ullstad for å vitje Fåne. Det var ein strålande vakker dag, men ein av dei vinterdagane som ikkje er til å lite på. Dei såg ho gjekk forbi Mærvold. Like etter tok det til å blåse opp. Det var det siste nokon såg til ho. Men dei fann ikkje restar etter ho. Ikkje eit bein, ikkje eit hårstrå. – Korleis kunne det ha seg? Leita dei skikkeleg? – Dei leita så godt det gjekk an. Det vart snakka om at ho måtte vere haugtatt. Derfor ventar Fåne framleis på ho med ferdig oppreidd sovekove med mjuke fellar og dundyner og linlaken i . Den dagen ho kjem skal han ikkje trenge skjemmast over gamle og brukte og lusete fellar i koven. – Er det til den koven du har tenkt å ta meg? – Nei, den skal stå ubrukt for Disa. Men som skikken er, så finst det også her i huset ein kove på andre langsida, ein kove for ungfolket eller gamlefolket, alt etter korleis det høver seg. Dit har eg tenkt å ta deg. – Men enn om Koll vaknar og ser oss. Kva gjer han då? – Du ottast for mykje, Bjørnulv. Sei meg, veit du ingenting om blotskikkane her i landet? – Det spørst kva kant du ser det frå. Det eg veit om blotskikkane er trælen sin angst for å bli kalla inn i blotskålen for å vere eit av offerdyra ved blotet. Du veit vel at eg er vaksen opp som træl? – Nei, men du vart kalla løysing, så… Men kom no.. Fort var ho borte ved åren og tente ei spik som ho brukte til å tenne ei lampe inne i koven. Spika for som ei lyspil tilbake i åren der ho flamma brått opp og var kol. Eit lite augeblikk vart han nesten blenda av ein kvit serk då stakken vart borte. Så var serken og borte, og ho var berre eit mørkt omriss mot det veike lysskinet frå koven. Sjøl kom han seg ikkje til med noko anna enn berre å bli ståande der, med armane hengande rett ned langs sida. Så merka han at ho kom mot han. Omrisset vaks. Det vart hår og lukter og hender som plukka av han plagg for plagg. Til slutt sto han der med sko og hoser og ei brok i tull kring beina og kunne ikkje ta eit steg. – Stø deg på meg og løft det venstre beinet, kviskra ho. Han høyrte det var latter i stemmen. Han ville tenke på Gyda. Tenke på at Ullfrid hadde sagt at ho ville hjelpe han til å få Gyda. Men kom seg ikkje til med anna enn å gjere som ho sa. Veiva berre utan mål og meining borti håret hennar mens ho fekk det siste beinet hans fri frå kleda. Så drog ho han inn i koven og lærte han og lærte han og lærte han. Lærte han kor mjuke kvinner kan vere, kor glatte dei kan vere og kor krevande og sterke dei kan vere, og kor uendeleg tålmodige dei kan vere mot den som dei trur vil dei vel. Med det same Bjørnulv vakna forsto han først ingenting. Her var fellar så mjuke som Frøyas hår. Her var puter fylte med dun, her var teppe av dun. Var han fallen og kommen til Sessrymme, til Frøyas eigen sal? Men han hadde då ikkje vore i nokon strid? Så høyrte han ein latter, såg eit mørkhåra hovud med dansande mørke auga kikke på seg, og hugsa og smilte. – Eg trudde ikkje det var vanleg oppå Borg at huskarane låg og drog seg til langt på dagen. Sett deg på pallen, fyll hornet ditt og drikk. Koll let seg ikkje be to gonger. Han hiva seg ned på pallen, demla hornet sitt i ølbollen og drakk. Fåne sat der og smatta litt. Sette det frå seg. Løfta det igjen. – Jaja, grynta han, – la oss no drikke for eitkvart. La oss drikke for godt år og disene sin miskunn over hovdingen oppå haugen. Han kan trenge det, der han sit med berre to døtre og ei ilsk kjerring. Han løfta hornet og drakk. Dei andre følgde han. – Jaja, Ullfrid, hikra Fåne etter ei tid. – Her sit du i berre serken saman med tre karar, den eine i berre skjorta. Og Koll, han eg om mogleg endå snillare enn du er. – Koll, snøste gubben, – lit du på den svartiren, så er du endå dummare enn eg nokon gong har trudd at du var. Ho bøygde seg bort og strauk Koll over skjegget. La seg over fanget til Fåne og kyste Koll på nasen. – Ja, Fåne, Koll lit eg på. Og det gjer jo du og. Ho kitla Fåne ertande med veslefingeren i øyret. Bjørnulv sat der med store auge og visste ikkje kva han skulle tru. Ullfrid hadde då sagt at Koll var trælen til Fåne. Og her sat Koll attmed dei og drakk av same ølbollen og vart kyst på nasen av Ullfrid. Han høyrte at Koll vart utskjelt av Fåne. Likevel behandla Fåne Koll som ein likemann når han sessa han på pallen og baud han øl av den same bollen som han sjøl drakk av. – Du seier ikkje stort? Det gjekk ei tid før Bjørnulv oppdaga at det var han Fåne snakka til. – Nei, eg er ikkje…eg har aldri…eg veit ikkje…eg forstår ikkje…det er… – Koll, du har fortalt meg tidlegare at du er den vettugaste av oss. Kan du seie meg kva denne unge mannen meiner? – Ja, herre, det trur eg nok at eg kan. Men det er vel såpass enkelt at også du skulle kunne svare på det. Bjørnulv høyrte spotten i stemmen til trælen, og venta på slaget som aldri kom. Fåne svara berre: – Det er mogleg det, træl, men når eg spør deg om noko, så ventar eg eit svar som alle kan forstå. Koll tok ein djup sup av drikkehornet sitt. Så løfta han det ein gong til og såg forundra på det. Han skar grimasar og rista hornet. Snudde det, men det kom ikkje ein drope ut. Så nikka han forståande mot drikkehornet, dyppa det igjen i ølbollen og fylte det. Drakk, men ikkje så djupt denne gongen. Han sette hornet på bordet, la skalleskinnet i djuptenkte faldar, rista på hovudet, såg på Fåne og sa: – – Tja? Kva i alle åsynjers namn meiner du med det? Tja, er det eit svar? Fåne kava seg opp og laut også fylle drikkehornet før han fall til ro igjen. – No får du gje meg eit skikkeleg svar, din gudsforaktar, din kraumkall, din åtseletar, din, din … – Ja, sjølsagt, herre. Visst skal eg gje deg eit svar. Eg trur denne unge mannen synest det er rart at trælen din sit til bords med deg, og at ein fri mann kan tole så mykje av ein træl. Og så undrar han kan hende på korfor du ikkje gjev meg fridomen når det er slik mellom oss. Fåne såg på – Er det slik du tenker? – Ja-a . De-et trur eg nok. Eg forstår meg ikkje heilt verken på deg eller på Koll. Eg kan ikkje forstå meg på ein træl som kan riste runer. Heller ikkje forstår eg meg på ein bonde som byd trælen sin sitte til bords med meg og drikke øl. – Synes du ikkje eg skulle gjere det? – Det er det berre du som kan avgjere. Men eg er ikkje van med at det er på det viset. Men korleis kan det ha seg at Koll kan riste runer? Og kor har han lært den skurden han har skore på ølkannene? – Jau, ser du… Fåne drakk djupt av hornet og vart fjern i blikket. – Koll tok eg som træl borti Irelandet for mange år sidan då eg var i viking der. Han var noko dei kalla munk og budde i eit stort hus dei kalla kloster. Eit stort og kaldt hus gjort av stein. Eg forstår ikkje at dei ikkje fraus i hel om vintrane. Det han dreiv med der, det var berre å riste runer og noko dei kallar stavar. Eg har tent mang ein slant på runekunna hans – Ikkje så få heller, om sanninga skal fram. – Tei no du still, Koll. Fåne sukka og vart fjern i blikket. – Og etterkvart så… Når vi går her toeine… Eg likar best å vere ven med folk, så no er det blitt slik det er. Eg veit at mange synest at eg skulle ha hatt meir age på trælen min. Det får dei berre meine. Men mange av dei som meiner at eg skulle ha dengt han meir, dei er takksame for kunstane hans. – Stavar, kva er det? Bjørnulv var nesten berre auga av undring. – Vis han, Koll, sukka Fåne. Koll reiste seg og gjekk bort til eit rikt utskore skåp. Han opna ei av dørene og tok ut noko som var pakka inn i fint linklede. – Dette, sa Koll med djup vørdnad i stemmen, – er ei bok. Desse teikna er stavar. Og fordi dei er i ei bok, blir dei ofte kalla bokstavar. Denne boka er skreve på eit språk som heiter latin. Og den fortel om Den Einaste Sanne Gud, han som heiter Jesus Kristus, eller Kvitekrist, som han ofte blir kalla her i Norderlanda. Då sette Bjørnulv i eig gapskratt. – Du er ein god rakkarfant, du Koll, som vil prøve å innbille oss at den skinnbunten der kan fortelle oss noko. Men det måtte vel i så falle vere noko så urimeleg som at det finst berre ein gud. Til si store forundring merka Bjørnulv at verken Ullfrid eller Fåne lo med han. Latteren køyvdest i strupen hans og han vart berre sittande å gape. Koll smilte. – Dersom du går ut og ser deg om, så vil du vel få ei meining om kva slags ver det kjem til å bli? – Ja, sjølsagt. – Dersom du ser på mosen på trea, så veit du kva som er sør og kva som er nord, ikkje sant? – – Alt dette som du ser er teikn som fortel noko til deg, er det ikkje? – Jau, men… – Sjå på dette, på desse boksidene, dette som du sikkert vil Dei lydane vi brukar når vi snakkar, det er og teikn. Og teikna er annleis her enn i Irelandet, der eg kjem frå, som igjen er annleis i Frankarlandet, som igjen er annleis enn i Serkland og så vidare. Du må kjenne teikna om dei skal fortelle deg noko. Men om du kjenner dei, så fortel dei. – Men dette med den einaste gud, kva meiner du med det? – Sjå det er ei anna sak. Vi som har møtt Kristus, vi veit at han er Den Einaste Sanne, og at dei gudar som blir dyrka her i Norderlanda berre er Djevelens blendverk. Men eg var ikkje skapt til å bli misjonær blant frie norske menn. Eg har ein liten kyrkjelyd blant trælane. Det får halde. La oss ikkje snakke meir om det. – Desse teikna, desse stavane, desse bok-stavane, er det noko alle kan lære? – Har du lyst til å lære dei, Bjørnulv? – Det veit eg ikkje så visst. Det er så mykje eg må lære, eg som berre har vore træl. Men eg har lyst til å lære det meste, om det ikkje er seidkunstar. – Eg skulle så gjerne ha lært deg, Bjørnulv, men då må du først lære deg latin, og det er ikkje gjort i ei snarvending. – Går det ikkje an å bruke desse bok-stavane til å fortelle på norrønt mål? Koll såg forundra ut og vart sittande i tankar ei tid. Så kika han bortpå – Det var ein tanke. Det var sanneleg ein tanke. Det må vel kunne vere mogleg? Ja, det må vel det? Koll fall igjen i tankar. – Men då måtte eg ha noko å skrive på og med. Og det finst jo ikkje i desse barbariske traktar. – Eg frys, braut Ullfrid inn i samtalen. – Vill du ikkje varme meg litt borti koven, Bjørnulv? Bjørnulv hadde vore så djupt inni samtalen med Koll at det tok ei tid før han sansa kor han var og kven det var som snakka til kan. Han såg seg litt forvirra omkring. – Eg skulle visst ha vore oppe på Borg for lenge sidan. Eg trur eg må… Ullfrid lukka munnen hans effektivt med sin. Og drog han med seg borti koven. Han var ikkje vanskeleg å dra. Denne gongen var det igjen ei heilt ny Ullfrid som møtte han. Ei langsamare og mjukare Ullfrid som gjorde ting med han som nesten fekk han til å gå frå vitet. Han undra om det ikkje fanst grenser for kva kvinner kunne gjere for å få ein kar ut av fatning. Krev 500 mill. kr i kompensasjon Dersom Olje- og energidepartementet vel å oppretthalda konsesjon for luftline Sima-Samnanger, må den økonomiske kompensasjonen aukast frå 100 mill. kr til 500 mill. kr i tillegg til avbøtande tiltak, seier Hordaland fylkeskommune i høyringsfråsegna si. Hordaland fylkeskommune ønskjer ikkje luftspenn, vert det slått fast i fråsegna, som er gjeven til sjøkabelutgreiingane som vart lagde fram 1. februar. Sjøkabel I fråsegna heiter det: «Sjøkabel som eit realistisk alternativ for kraftoverføring mellom Sima og Samnanger vert understøtta av rapportane frå sjøkabelutgreiinga: Sjøkabel er teknisk og økonomisk realiserbart Det vil ta lengre tid å leggje ein sjøkabel, men ei utsetjing er ikkje akutt i høve til forsyningstryggleiken til BKK-området Sjøkabel påverkar ikkje grunnlaget til å kopla på småkraft frå Hardanger. Luftline kan utsetjast sidan det er mogleg å sikra forsyningstryggleiken i BKK-området. Hordaland fylkeskommune held fast på at spenningsoppgradering av lina Åsen (Sauda)- Mauranger-Samnanger må utgreiast. Utbygginga av Modalen-Mongstad-Kollsnes er det viktigaste tiltaket for å styrkje forsyningstryggleiken til BKK-området. NVE si innstilling til OED om ikkje å tilrå jordkabling på strekninga Mongstad-Kollsnes er eit forhold som Fylkesutvalet i Hordaland må komme attende til. Hordaland fylkeskommune ønskjer ikkje luftspenn. Viss OED likevel vel å oppretthalde konsesjonen for luftline Sima-Samnanger, ber vi departementet gå i dialog med berørte kommunar og fylkes-kommunen med tanke på kompenserande tiltak. Den økonomiske kompensasjonen som er lova til kommunane frå regjeringa på 100 mill kr. aukast til 500 mill. kr., i tillegg til dei avbøtande tiltak. Uansett endeleg val av alternativ må kulturminnekonfliktane løysast. Regjeringa si satsing på energieffektivisering må også styrkjast. Gjevarfest Dette biletet ser ut til å jamne seg noko ut i 2015 når petroleumsinvesteringane krympar. Det vil medføre at industri utanfor oljesektoren vil få auka tilgang til kvalifisert arbeidskraft og draghjelp frå ein svakare kronekurs. Utviklinga for fylket Arbeidsmarknaden i Hordaland er mindre stram enn på fleire år i 2014. Det har vore eit fall i utlyste stillingar på 15 prosent i 2014, på toppen av eit fall på 12 prosent i 2013. Arbeidsløysa har også vore aukande, med ein litt utflatande tendens inn mot slutten av året. Totalt sett anslår NAV Hordaland at det er utsikter til 12 prosent auke i gjennomsnittleg arbeidsløyse i 2015 samanlikna med 2014. Likevel er det også ei forventing om at samla sysselsetting vil auke vidare. Blant næringane er forventingar knytt til sysselsettinga lågast innan oljeutvinning, transport og varehandel. Tilbod og etterspørsel Arbeidsmarknaden blir stadig mindre stram. I 2014 var det i snitt 3,4 arbeidsledige personar for kvar ledige stilling, medan tilsvarande tal for 2012 og 2013 var 2,1 og 2,6. Dette talet varierer sterkt mellom næringane. Frå éin ledig person per stilling i delar av offentleg sektor opp til sju i industrien og innan kontorarbeid. Det er ulike utsikter for dei ulike yrkesgruppene. I 2014 auka arbeidsløysa mest blant ingeniør/IKT og leiarar. Det er likevel låg arbeidsløyse for personar med ingeniør-/IKT-bakgrunn. Dette underbyggjer tendensen med ein auke i arbeidsløysa framover. Sysselsettingsvekst trass høgare arbeidsløyse Vi er inne i ei konjunkturutvikling som vil føre med seg endringar i arbeidsmarknaden. Lågare etterspørsel etter arbeidskraft og aukande arbeidsløyse vil prege utviklinga i 2015. Det vil bli skape nye arbeidsplassar også i år, men fortsatt auka innvandring vil, i tillegg til den generelle marknadsutviklinga, føre til fleire netto ledige. Behovet for arbeidskraft aukar, men arbeidsstyrken veks meir enn dette. Besøkstenesta Av Ruben Sæle - Publisert 06 mai 2010 Det er ikkje meininga at vi menneske skal gå gjennom livet åleine. Derfor driv Meland kyrkjelyd ei besøksteneste som tilbyr praktisk hjelp, barnepass, tur i butikken, høgtlesing og liknande. Eller kanskje du berre ønskjer deg nokon som har tid til ein prat og ein kopp kaffi? Då vil nokon frå besøkstenesta gjerne kome på besøk. Du er her Vi treng fleire leiarar i Løvegjengen, Meland kyrkje sin søndagsskule! Har du lyst å vera med? Vi har eit flott team med leiarar allereie, men vi har ulike oppgåver, så det er få å fordela kvar oppgåve mellom. I tillegg ønskjer vi gjerne å verta mange nok til å kunne ha Løvegjeng også i feriane, og å kunne ha gruppe for dei eldste kvar gong. Leiaroppgåver som er aktuelle * Leie gruppe for dei minste(0-5år). Desse er i dåpssakristiet. Her har ein ei kort samling med song frå nokre flotte songkort vi har, vi ser i ei biletbok eller nyttar flanellograf. Etterpå er det leikar som borna kan nytta. Her vert ein åleine som leiar, men det er alltid foreldre med. Det brukar å vera 2-10 born i denne gruppa. Leie gruppe for dei mellomstore(5år-3.klasse): Desse er i kyrkjestova, der ein har ei samling med leik, song, bøn og undervisning etter ein fast mal. I undervisninga nyttar vi opplegget ”Sprell levande” frå Søndagsskuleforbundet. Dette er eit godt opplegg, som er ferdig laga med hjelpemidlar til. Leie gruppe for dei eldste(frå 4.kl.): Desse er på loftet i kyrkjestova. Dei har samling etter ein fast mal, og nyttar ulike undervisningsopplegg laga for 10-14-åringar. nyttar vi opplegget B-tween, som er filmklipp med påfølgjande samtale. Leie aktivitetssamlingar: Ein gong i månaden er det gudsteneste på i kantina på Frekhaug Rådhus. Her prøvar vi å ha samlingar der vi gjer ting. Vi har misjonskafè, hobbyaktivitetar, film/leik/drama med meir. Vera med som medhjelpar: Vi treng vaksne som er sett opp til å vera med på Løvegjengen sine samlingar utan at dei treng ha noko anna ansvar eller planlegging. Det hadde ofte vore godt med eit ekstra fang eller ei hjelpande hand når ein sjølv står framme og undervisar. Kvar leiar i Løvegjengen vert sett opp på ca. 4 samlingar på hausten og 5 på våren, i tillegg har vi to-tre leiarsamlingar årleg. Førebels vert det òg ansvar for å skaffa kake til kyrkjekaffi ein til to gongar i halvåret. Heiagjengen Vi treng òg fleire i heiagjengen vår. Vi er veldig glade for dei vi har der!! Løvegjengen får noko av inntekta si gjennom sal av kaker på kyrkjekaffi to gongar i halvåret, i tillegg bakar vi til misjonskafè. Vi er ei stor forsamling i Meland kyrkje(heldigvis!) så det vert ein del baking. Dette er vi veldig glade for å ha ei liste over folk vi kan be om hjelp til. I tillegg er det ei liste over folk vi kan spørje om å vera løve, forbedarar og folk som vil vera med på samlingane. Kyrkjekontoret og vi har brosjyre med meir info om heiagjengen dersom dette er noko for deg. Dersom noko av dette er interessant, kan du ta kontakt med Eli Brakstad tlf. 41681005 eller på mail: elibra3@iskole.no , eller med kyrkjekontoret på telefon 56 17 14 80. Musa er av dei mest brukte inneiningane for datamaskiner. Men denne gnagaren har ein interessant slektning, styrekula. I denne artikkelen fortel eg om mine erfaringar med ei Logitech TrackMan Marble+ -styrekula – ei styrekula eg til slutt vart svært glad i . Vising av skrift på dataskjermar er problematisk. I små skriftstorleikar vert nemlig teksten gjerne stygg og vanskelig å lesa. Heldigvis finst det ei god og mykje brukt løysing på problemet: hinting. Men kva er no hinting for noko? Ein papirdrake som beveger hovudet av seg sjølv og følgjer deg med auga rundt i rommet? Ja, det finst faktisk! Skriv og klipp ut, lim saman og imponer venner og kjende. Her finn du òg anna utskrivbar moro til underhaldning i påska. Viss hjertet eller levera di svikta, ville du då vore villig til å ta imot eit donert organ – eller hadde du heller føretrekt å dø? Ikkje alle får ta dette valet. Når du dør, treng du ikkje organa dine lenger. Men det gjer andre. Sa Kåre Willoch. Det gjekk eit par dagar. Så kom kritikken offentleg. Ikkje alle journalistar har opplevd å bli skjelt ut med fullt namn på ei heilside i VG av statsministeren. ikkje for dårlege engelsk-kunnskapar. Som no igjen blei "mobba" for engelsken sin. Like før hadde han sagt "Good day" i starten på ein fjernsynstale i Amerika, og utløyst ein himla diskusjon om det betydde "God dag" eller "Farvel". Dei fleste fagfolk meinte det siste, og var det ikkje akkurat rette måten å opne ein tale på. Willoch, han heldt på sitt. Ravnane Hugin og Munin i Vårt Land hadde gode dagar så lenge Willoch var statsminister. Både med "God day" og "in a mess". Min vesle, sjølvopplevde anekdote fortel mykje om tilfellet Kåre Willoch. Han har alltid vore duksen i klassen, og alle elskar å tukte duksen, som du veit. Spesielt når han gjer feil. Og det heilt spesielle med Willoch har alltid vore at han aldri vedgår feil. Pr. eigen definisjon er han så å seie feilfri. Han held på sitt til siste nikk. Det er Willochs svake side. Ei anna svak side er tendensen til å henge seg opp i detaljar og aldri bli ferdige med dei. Ein statsminister burde sjølvsagt ikkje bruke mykje tid på engelskkunnskapane til ein tilfeldig radioreporter og eit negativt oppslag i Dagsnytt. Det var likevel typisk av Willoch å gjere slikt. Han tente lite på filologiske diskusjonar. Der var han på bortebane, men kanskje ikkje alltid så mykje som mange meinte. Eg kunne ikkje anna enn flire då eg kom til Canada fleire år etter den selsomme debatten om "Good day". trefte eg den eine etter den andre som sa "good day" når dei opna samtalen. Kanskje Willoch ikkje var så dum likevel på amerikansk fjernsyn? Det er iallfall fullt mogeleg å seie "good day" på engelsk som opning midt på dagen. Så mykje har eg lært etter kvart som eg tok kritikken frå Willoch innover meg og tok til å betre på engelskkunnskapane. Han hadde nemleg eit lite poeng, den gode Willoch, sjølv om han ikkje klarte å ta meg på "in a mess". Du kan vere usamd med Kåre Willoch, men det er vanskeleg å unngå å få respekt for kor dyktig denne mannen er. Råstoff frå rydding av kulturlanskap og restprodukt frå lokale sagbruk blir kutta til flis og forbrent i ein moderne bioenergikjele og det blir varma opp vatn som varmar opp rom, varmtvatn og bassengvatn. Kontakt informasjon Send oss ein forespørsel TV Haugaland kjem, kjem du? Eg har alltid likt å lage til fest og kallas, noko som tydelegvis har rykta seg. I dag blei eg oppringt av TV Haugalnd, dei vil koma til Bjoa og filma Halloween dekorasjonar. Og dei vil gjerne ha med bjoabuar og:) Klokka fire på torsdag 27.10 kan dei som vil møta i skumle kostymar oppe ved huset til Linn. Her kan de få sjå Halloween-pynten min, og bli filma av TV Haugaland. Eg skal ha litt snop til dei som stiller, ungar og vaksne, har du lyst så berre kom:) Dette er ikkje noko for svake sjeler, noko av "pynten" er litt grotesk, men ikkje verre enn at dei fleste tåler det. På søndag 27.11 kl. 11.00. vert det gudsteneste for store og små der deltakarane og leiarane på LYS VAKEN er sentrale i gudstenestegjennomføringa. 11-åringane har overnatta i kyrkja og førebudd gudsteneste for oss andre. Vi håpar spesielt familiane til Lys Vaken-deltakarane vil kome på gudstenesta. Men sjølvsagt er gudstenesta open for alle andre. Steinar Skauge er prest.