HabitSystemV3: Norwegian_Nynorsk_sample.txt

File Norwegian_Nynorsk_sample.txt, 128.7 KB (added by xsuchom2, 7 years ago)
Line 
1Nynorsk
2Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversyn over risiko og sårbarheit i samfunnet.
3DSB skal vere pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulykker, kriser og andre uønskte hendingar.
4Kvart år lagar DSB ein nasjonal sårbarheits- og beredskapsrapport (NSBR), som blir levert til Justis- og politidepartementet (JD).
5Formålet med rapporten er å synleggjere og formidle kunnskap om risiko, sårbarheit og beredskap i samfunnet.
6Rapporten er eit verkemiddel for JD når departementet utøver samordningsrolla si på området samfunnstryggleik og beredskap.
7Samvirke og samordning er det slått fast at samordningsrolla til JD skal styrkjast.
8Eit element i dette er å etablere eit nasjonalt risikobilete som kan vere eit felles grunnlag for planlegging av sektorane.
9DSB har fått i oppdrag å utvikle eit slikt risikobilete.
10I arbeidet med risikobiletet har det vore nær dialog mellom DSB og dei etatane som arbeidet får følgjer for.
11Det har blitt arrangert fleire arbeidsseminar med deltaking av ekspertar.
12DSB vil nytte høvet til å takke ekspertane for deltakinga deira og for nyttige innspel.
13Vi strekar likevel under at det er direktoratet aleine som har ansvaret for dei endelege vurderingane og samanstillingane i rapporten.
14I NSBR for i år presenterer vi for første gong eit nasjonalt risikobilete.
15Riskiobiletet består av ei gjennomgåing av ni sentrale risikoområde og risikoanalysar av scenario innanfor desse områda.
16Det nasjonale risikobiletet er visualisert i ei risikomatrise der scenarioa er sette inn i forhold til kvarandre med omsyn til kor sannsynlege dei er, og konsekvensane.
17Zapatistane er ei rørsle av ulike urfolksgrupper i Chiapas som kjempar mot den imperalistiske valden og undertrykkinga dei har blitt utsatt for i århundrer.
18Trykkjer du her kjem du til ein kortfilm (6.28 min) om zapatistrørsla.
19Den fyrste januar 1994 gjennomførte zapatistane eit væpna opprør og sidan då har dei kjempa for sine rettar som bønder og urfolk.
20Etter 12 dagar med opprør hengde dei våpena sine over skuldra og har sidan ført kampen sin på andre måtar.
21Dei har mellom anna arrangert nasjonale og internasjonale stormøte og folkeavstemningar, og dei har utvikla sjølvstyre i dei autonome landsbyane.
22Zapatistane arbeider ikkje for å ta den politiske makta i Mexico.
23Dei kjemper for at alle skal ha like rettar til arbeid, jord, tak, mat, helse, utdanning, uavhengigheit, fridom, demokrati, rettferd og fred - «Alt til alle, ingenting til oss».
24Zapatistrørsla strevar etter sjølvstyre og har, trass statens undertrykking, skapt eigne sjølvstendige og demokratiske myndigheiter, sjukehus og skular der barna blir undervist på sitt eige språk
25og får lære seg si eiga historie.
26Dei utdannar sjukepleiarar og lærarar slik at landsbybebuarane får tilgang på helsetjenester og slepp å verte henvist til statlege skular der ungane ofte får mangelfull undervisning og vert
27dårleg handsama.
28Dette målet inneber at studentane skal:
29vise innsikt i yrkesfeltet
30vise evne til å sjå teori og praksis i samanheng, nytte eigne praksiserfaringar i arbeidet med teori
31kunne planlegge, gjennomføre og vurdere læringsprosessar i ulike typar gruppearbeid og individuelt arbeid.
32vise evne til kritisk refleksjon
33ha medvit om, reflektere over og utvikle eigne læringsstrategiar
34Fronter er viktig kommunikasjons- og læringsverktøy i studiet, og eit sentralt mål er utvikling av digital kompetanse bl.a. gjennom aktiv bruk av Fronter.
35Studentrettleiing og lærarrettleiing er ein del av arbeidsprosessen.
36Alle studentar får tilbod om rettleiing innanfor fastsette tidsfristar på tekstar/ anna arbeid i studiet.
37Biblioteket er ein sentral samarbeidspartnar i arbeidsprosessen.
38Læringsutbyte
39å kvalifisere studentar for lærararbeid på mellom- og ungdomstrinnet i grunnskulen, i vidaregåande opplæring og vaksenopplæring og medverke til studentane si personlege danning.
40bruke analytiske og normative perspektiv i arbeidet med teori og praksis
41bruke teori i refleksjon i/over læreprosessar i eigen undervisningspraksis og i pedagogisk utviklingsarbeid i samarbeid med ulike aktørar
42sjå teori og praksis på dei ulike kompetanseområda i samanheng, bruke didaktikken i vid meining
43Praksis har eit samla omfang på 12 veker og skal vere knytt til fag/fagområde som studenten har fått opptak til ved HSF.
44Praksis er ein sentral læringsarena i utdanninga, på lik linje med undervisning i pedagogikk og fag/ yrkesdidaktikk.
45Praksis er obligatorisk og vert vurdert til greidd/ikkje greidd.
46Organisering av praksis
47Ny eksamen (ved stryk): Studenten leverer ny mappe (alle tekstane).
48Studentane kan få tilbod om noko rettleiing av faglærar.
49Laget skal arbeida for å ta vare på det som har historisk verdi for Samnanger.
50tradisjon og anna historisk materiale. - gje ut årbok og andre historiske skrift. – arbeida for vern av fornminne og kulturminne av alle slag i Samnanger.
51Laget vert leia av eit styre på 5 medlemer med 2 varamedlemer.
52Årsmøtet vel: a) Leiar for 1 år b) Styremedlemer for 2 år, slik at 2 styremedlemer står på val kvart år c) 2 varamedlemer for 1 år d) 2 revisorar (eller 1 fagrevisor) for 1 år e) Valnemnd på
53Styret konstituerer seg sjølv med nestleiar, kasserar og skrivar.
54Leiaren kallar inn til styremøte.
55Varamedlemene skal ha tilsendt sakspapir og kan møta på alle styremøte.
56Styret er vedtaksført når minst 3 medlemer er til stades.
57Styret kan peika ut nemnder til å ta seg av s3/4rskilde oppgåver.
58Medlemskap Medlemer i laget er dei som betaler dei årlege medlemspengane.
59Utmelding or laget skal vera skriftleg.
60Lovendring og nedlegging Endring av lovene kan gjerast på årsmøtet med minst 2/3 fleirtal.
61Laget sitt arkiv, aktiva og midlar går då over til Samnanger kommune.
62Personvern
63Ditt personvern er viktig for oss.
64For å betre beskytte ditt personvern, forklarer desse retningslinjene om kva informasjon vi samlar inn og korleis vi bruker denne.
65Ei lenkje til denne teksten skal vera tilgjengeleg på alle undersider av denne nettstaden.
66Når du publiserer innhald på denne nettstaden, t.d. kommentarar, vil du som regel måtte oppgi namn og e-postadresse.
67Ditt namn (eller brukarnamn, kallenamn eller pseudonym) vil sjølvsagt som regel bli publisert saman med innhaldet.
68Di e-postadresse vil derimot aldri bli publisert eller på annan måte vidareformidla til tredjepartar, og vi kjem heller ikkje til å bruke denne til å sende deg spam.
69Som dei fleste andre nettstadar bruker vi loggfiler.
70Informasjonen i loggfilene inkluderer IP-adresser, nettlesartype, ISP, tidspunkt, refererande sider m.m. . Denne informasjonen brukast kun til statistikk, og er ikke personlig identifiserbar.
71Vi registrerer di IP-adresse dersom du publiserer teikneseriar, blogginnlegg, kommentarar eller annan informasjon på nettstaden.
72IP-adresser vil ikkje bli gjort tilgjengelege for andre brukarar, men vi tillet oss å blokkere IP-adresser ved grove regelbrot.
73Ved grove lovbrot kan IP-adresser og annan kontaktinformasjon bli vidareformidla til politiet.
74Det seier seg kanskje sjølv, men: Dersom du kryssar av i ein boks merka «Hugs meg til neste gong» eller noko sånt, vil denne informasjonen bli lagra i cookies.
75Vi bruker tredjepartsannonseringsselskap til å vise annonser på Nettserier.no..
76Det kan hende at desse selskapa bruker informasjon (som ikkje inkluderer namn, adresse, e-postadresse eller telefonnummer) om dine besøk på denne og andre nettstadar for å kunne levere annonsar om
77varar og tenester som kan vera interessante for deg.
78Google bruker informasjonskapselen for DART for å vise annonser til brukarar basert på dine besøk både her og andre stadar på Internett.
79Dersom du ønskjer meir informasjon om dette, eller du ønskjer å reservere deg mot bruk av DART-informasjonsskapselen, klikk her .
80Vi gjer merksame på at vi bruker eksterne skript og leverandørar enkelte stadar på desse sidene, og at det kan forekome at desse bruker cookies.
81Rehabiliteringstenesta i Møre og Romsdal har felles inntaksnemnd, med sekretariat i Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering.
82Alle søknader om opphald i for fysikalsk medisin og rehabilitering, Mork Rehabiliteringssenter, Aure Rehabiliteringssenter og Nevrologisk avdeling i Molde, skal sendast til følgjande adresse:
83Bob Larsen skal på Norske Talenter audition i Bergen 3. eller 4. februar, dei gjekk vidare frå "precast"- runden.
84Tv-Nordhordland møtte 16-åringane som viste oss litt av humordansen dei skal framføre.
85Sognefjorden byr på fantastisk toppturterreng for frikøyring frå fjelltopp til fjord.
86Finland er det landet der ein konsumerar mest kaffi per innbyggjar (10,1 kg), etterfulgt av Danmark (9,7 kg) og Norge (9,5 kg).
87Kaffi kan vere veldig vanedannande på grunn av koffeininnhaldet.
88Den fysiske avhengigheiten er imidlertid veldig svak, og eventuell abstinens gjer seg etter eit par dagar.
89Nokre vanlege vaner er morgonkaffi og kaffipause, og kaffi vert sett på som ein sosial drikk.
90Kaffihus i Norge
91Norge har fire store kaffebrenneri: Kaffehuset Friele, Johannson kaffi, Coop Norge kaffi og Kjeldsberg Kaffebrenneri.
92Dei store kaffiselskapa tjenar store pengar medan bøndene får fornedrande lite betalt.
93Nokre av dei norske kaffehusa tilbyr no, etter press, rettvis kaffi.
94Mange ser på dette som dobbeltmoral, då heile deira eksistens er basert på utnytting av fattige bønder i sør.
95Ein importør av urettvis kaffi er ingen rettvis forhandlar!
96Kaffisortar
97Den vanlegaste kaffibønna er av sorten Arabica.
98Den utgjer 75% av all kaffeproduksjon i verda, og er den dyraste å produsere.
99All zapatistkaffi er av Arabicabønner av høgste kvalitet.
100Den vert dyrka i høglandet.
101Coffea robusta, som utgjer 25% av kaffiproduksjonen i verda, har ein kraftigare smak enn kva arabica har.
102Den vert derfor ofte brukt i espressoblandingar for å gje ein kraftigare smak.
103Den tredje er Coffea liberica, som óg er kraftig i smaken.
104Denne er i dag nesten ubetydeleg i handelssamanheng.
105Bearbeiding
106Etter at kaffibæra er plukket frå trea vert fruktkjøttet og hinna fjerna, slik at sjølve kaffibønna kjem fram.
107Denne prosessen kan foregå på to måtar; tørr og våt.
108Tørr bearbeiding Zapatistkaffen vi importerar vert bearbeidd etter «den tørre metoden».
109Bæra vert rensa for blad, kvistar, stein og jordklumpar.
110Dette skjer i smale skyllerenner med rennande vatn kor det tunge smusset synk til botn, medan løv og kvister flyt ovenpå.
111Kaffibæra samlast i ein avløpssilo.
112Dei vert så spreidd ut på ein steinlagt tørkeplass, der dei vert snudd fleire gongar om dagen for at sol og vind skal tørke fruktene jamnt.
113Om natta vert kaffifruktene samla i store hauger og dekka med presenningar for å halde fukta ute.
114Etter 1-3 veker er fruktkjøtet heilt inntørka.
115Då vert fruktkjøtet og pergamenthinna fjerna og kaffibønnene vert renset og sortert etter storleik.
116Våt bearbeiding «Den våte metoden» er meir komplisert enn den tørre metoden.
117Kaffibæra førast frå kanaler med rennende vatn eller frå rensebasseng til ein såkalla pulper.
118Dette er ei maskin som fjernar fruktkjøtet.
119Vi delar det opp i fire hovudgrupper etter korleis vatnet møter kaffipulveret.
120Det kan t.d. gjere det lettare å unngå trafikkorkar, umogeleggjere nasking i butikkar og endre reklamen rundt oss alt etter kva vi er opptekne av.
121Men overgangen til slike nettskyer er avhengig av at brukarane føler at det er trygt å bruke.
122Her spelar dette med sikkerheit og eigedomsrett ei viktig rolle, som t.d. når ei verksemd har informasjon lagra i eit anna land.
123Det er difor viktig at EU raskt kan utvikle eit fungerande rammelovverk for at ein lettare skal kunne etablere nettsky-tenester av landegrenser.
124Det må òg vere like lett å skifte nettsky-tilbydar som å skifte t.d. mobiloperatør dersom ein skal kunne sikre reell konkurranse.
125Handelsprinsipp for IKT-tenester
126Europakommisjonen og USA har under rammeverket i TEC (Transatlantic Economic Council) nyleg vorte einige om ti grunnleggjande handelsprinsipp for IKT-tenester . EU og USA vil saman med andre land
127promotere desse prinsippa over heile verda for å støtte den globale utviklinga av IKT-nettverk og –tenester, og såleis tillate tenestetilbydarar å konkurrere om kontraktar på lik linje med
128lokale tilbydarar.
129Prinsippa som USA og EU ynskjer å fremje dreiar seg om openheit, opne nettverk, informasjonsstraum av nasjonale grenser, ikkje-diskriminerande bruk av lokal infrastruktur, effektiv og
130ikkje-diskriminerande bruk av spektrum for å nemne noko.
131Implementeringa av desse prinsippa over heile verda vil ikkje berre føre til betre kommersielle mogelegheiter for europeiske og amerikanske verksemder, men òg bety meir konkurranse med påfølgjande
132lågare prisar for innbyggjarane i desse landa, samt tilgang til meir teknologi og fleire tenester.
133Tre område som er avgjerande for auka vekst
134Effektiv interoperabilitet (elektronisk samhandling) mellom produkt og tenester må på plass for at vi skal kunne byggje eit digitalt samfunn.
135For å sikre at nettverk, applikasjonar, tenester og apparat samhandlar på ein slik måte at vi best kan utnytte moglegheitene IKT gjev oss, er det naudsynt å utvikle standardar.
136Utviklinga av standardar må skje raskt for å halde følgje med teknologimarknaden.
137Særskilt når det gjeld offentlege innkjøp er det viktig å tenkje på at standarden ein vel må vere open for alle tilbydarar slik at ein kan sikre konkurranse og unngå å bli låst til ein
138leverandør.
139Det finst store mogelegheiter for både innsparingar og betre offentlege tenester ved å ta i bruk tilgjengeleg teknologi.
140Men mange offentlege tenester som kan gjerast tilgjengeleg på nettet, som eHelse, krev sensitiv informasjon som legejournalar og personnummer.
141Med aukande nettkriminalitet er tryggleik eit av dei viktigaste innsatsområda for Europakommisjonen.
142Eit anna viktig tiltak for EU er å sikre at flest mogeleg får tilgang på raskast mogeleg breiband.
143Det må til for å skape fleire arbeidsplassar og økonomisk vekst.
144Økonomien i framtida vil vere ein nettverksbasert kunnskapsøkonomi.
145Europa treng raskt breiband som er vidt tilgjengeleg og med konkurranseprega prisar.
146Målet i Europa2020-strategien er at innan 2020 skal alle europearar ha tilgang til Internett på meir enn 30 Mbps og over 50% av europeisk huslydar skal abonnere på Internett-tilgang raskare enn 100
147For å nå desse måla er det naudsynt med offentleg styring, elles vil ein ende opp med veldig raskt breiband i få utvalde urbane strøk til høge prisar.
148Dersom EU klarar å levere det dei har sett seg føre med Digital Agenda vil det føre til meir innovasjon, økonomisk vekst og gjere livet enklare både for innbyggjarar og bedrifter.
149Betre helsetenester, tryggare og meir effektive transportløysingar, reinare miljø, nye mogelegheiter innan media og lettare tilgang til offentlege tenester og kulturelt innhald er noko av det EU
150trekk fram som mogelege positive resultat av Digital Agenda.
151Avfall
152Prosjektet er no ferdig og Helse Møre og Romsdal er no mijøsertifisert.
153Det gir oss eit verktøy for korleis vi kan bidra til at Norge når sine klima- og miljømål.
154Korleis påverkar Helse Møre og Romsdal miljøet?
155Med fire sjukehus, fleire mindre institusjonar og 6300 tilsette set HMR eit stort miljøavtrykk i kvardagen.
156Dette kan vere avfall, transport av pasientar og tilsette til og frå sjukehusa, byggeverksemd, og energi til lys, maskinar og oppvarming.
157I 2014 køyrde vi km bil i teneste for sjukehusa, og vi flaug km.
158Vi slapp dermed ut 563 tonn Co2 til transport; da er ikkje tilsette si køyring til jobb med i reknestykket.
15968 millionar kwh energi gjekk med til å varme, kjøle og drive bygga våre, og vi kvitta oss med nesten 1700 tonn avfall.
160Kva gjer vi?
161Miljøstyringssystemet gir eit betre verktøy for oppfølging og forbetring over tid
162Handlingsplanar for miljø i klinikk/avdeling, e-læringskurs for tilsette
1632013-2014: Bruk av bil til tenestekøyring redusert med 14%
1642013-2014: Bruk av fornybar energi auka med 8%.
165Sjukehusbygga er kartlagde for å finne ytterlegare energitiltak i 2015.
166Nye avfallskontraktar i 2015 gir grunnlag for å jobbe med kjeldesortering i sjukehusa
1672014-2015: 12 ladestasjonar for teneste-elbil, HMR tek inn elbil i leigebilordninga.
168Mål om 10% tenestebilar med el-drift i 2015.
169På litt sikt vil føretaket også få ladestasjonar som tilsette og besøkande kan nytte, og ein vil også legge betre for sykkel
170Kopi av betalt faktura eller kvittering frå nettbank som du legg ved oppmeldinga.
171For meir informasjon sjå veiledning lenger nede på sida
172Krava til å få godkjent ein slik oppmelding kan kort summerast slik:
173Dokumentert allsidig praksis som er 25% lengre enn læretida i faget, normalt 5 år i dei fleste fag
174Godkjent teori i faget du melder deg opp i, vanlegvis ein eksamen for VG3/opplæring i bedrift
175Kostnader med fagprøve for praksiskandidatar er todelt:
176Det kostar 853 kr å melde seg opp, dette dekkjer saksbehandling og bruk av sensor/prøvenemnd
177Som praksiskandidat må du sjølv dekkje eventuelle kostnader ved ein fag-/ sveineprøve
178Alle større arbeid må organiserast.
179Vantar organisasjonen, eller er han ufullstendig, er den berande krafta broten, styrken er burte.
180Lov og rett og orden byggjer på organisasjon.
181I alt primitivt er det liten organisasjon.
182I dei lægste plantane og dyra er cellene ufullstendig organiserte; men dess høgre vi kjem upp i rekkja, dess meir fullkomne blir celle-organisasjonane.
183Tek vi for oss menneske-samfunda, er det på same måten.
184Det fyrste upptaket til ordna samfund er den fyrste spore til organisasjon, og dess høgre utvikla samfundet er, dess meir fullstendig er organisasjonen gjenomførd.
185So langt menneskeleg kunnskap rekk, ser vi organisasjon - i det små som utetter endeløysa i det store.
186Frå det indre i atoma til dyptene av verdsromet er det organisasjon.
187Kvar for seg vil den einskilde kverva i mengda, hans kraft og arbeid blir utviska og motverka av andre og sterkare krefter.
188Som led i ein organisasjon blir jamvel den veikaste eit plus, ein positiv faktor av byggjande verde for seg sjølv, for organisasjonen sin og for landet.
189I eit moderne land er det ei sterk spesialisering på alle umråde, økonomisk og kulturelt.
190Den eine næringsvegen avføder den andre.
191Den eine kunnskaps- og kunst-greina avføder nye vitskaps- og kunst-greiner.
192Det arbeid som vart gjort på bondegardane, er no for ein stor part vorte spesialisert og overført til garveverk, slaktehus, meieri, ysteverk, mylner og til andre industriar og handverk av mange slag
193- d.v.s. nye næringsvegar, som er vaksne upp ved sida av bondeyrket, som før femnde um alt dette.
194Etter kvart som denne spesialiseringa og organisasjonen av spesialitetane går fram, blir organisasjonen for den einskilde næringsvegen stadig meir naudsynt.
195Løysingsordet no er spesialisering og organisasjon.
196Ein kan ha rett til å tvila på um dette berre er av det gode, men det kjem ikkje saka ved i denne samanhengen.
197Det vi må vita og retta oss etter, er at den klasse som i vår tid ikkje organiserer seg, er dømd til underkuving og tilbakegang.
198Desse har ingen gamal vane som står hindrande i vegen for organisasjonen deira.
199Derfor har dei so lett for å gå saman og ta kampen upp for krava sine.
200Bonden bur ogso meir spreidt og einskildvis enn dei fleste andre samfundsklasser, og bondenæringa er meir fast knytt til naturtilhøva enn dei andre næringsvegane.
201I eit land so vidtfemnande som vårt, med tallause umskifte av naturtilhøva å driva jordbruk under, må bondeinteressene naudsynt bli mykje uppstykka og spreidde.
202Ved eit overflate-utsyn og med litt baglarbisp-ånd, kan ein jamvel få bonde-interessene til å vera motstridande.
203Dette står ofte ogso og stengjer for organisasjonsarbeidet millom bøndene - til uboteleg skade for bonden og i lengda ogso til skade for landet.
204Bonden bur ofte avsides.
205Han arbeider og slit meire trutt enn nokon annan; men i kavet på den einsame garden eller grenda vantar han so ofte utsynet, og dermed samkjensla, evna til å sjå seg sjølv og arbeidet på garden
206som ein led i ei kjede.
207Planteproduksjonen skaffar brødkornet og er grunnlaget for husdyrbruket og dei industriar som er tufta på dette; og ein sterk planteproduksjon er naudsynt for ein harmonisk framvokster i samfundet,
208d.v.s. for å binda so mange folk til jorda og bygdene, at byane og deira næringsvegar får sine fremste marknader innanlands og ikkje utanlands.
209Dersom næringsvegane i byane veks seg snøggare fram enn jordbruket og på kostnaden til dette, vil industri og umsetning koma til å arbeida mest med utanlandske råemne og leva av utanlandsk mat,
210og blir med dette i stadig større mun bunde av utanlandske marknader, både når det gjeld innførsle og når det gjeld utførsle.
211Dette fører til kompensasjons-politikk, dei kallar, som alltid er fårleg for eit lite land.
212Eit næringsliv som soleis er bygt på dei ytre liner, toler ikkje stor uro i desse; og den politiske fridomen blir med eit slikt næringsliv eit tomt skal, lite verdt.
213Vi såg nok døme på det under verdskrigen.
214Når soga um denne krigen, når det gjeld vårt land, eingong blir skriven, vil ho bli eit myrkt blad ogso i den politiske soga vår; aldri er vi vortne so audmykte og so umsynslaust medfarne.
215Det vil heller aldri bli annleis so lenge næringslivet i bygdene våre ligg so langt til atters, at alt næringslivet vårt so å segja vantar grunnmur.
216Det skal ikkje stort uver til i det samfolkelege farvatnet før eit slikt næringsliv tek til å skaka - eller sel sin nasjonale sjølvstyrerett for ein rett linser.
217Eit sterk jordbruk er naudsynt for at ein nasjon skal halda seg frisk og for ein sunn framvokster.
218Næringslivet må veksa med sine røter i landsens jord og med sterk trafikk og vekselverknad på dei indre liner, millom landsens bygder og dei naturlege vokster-vonene i jordbruket på den eine sida
219og landsens byar og industri på den andre.
220I lengda kan ikkje ein nasjon ustraffa flytta grunnlaget for sitt tilvære utanfor sitt eige umråde.
221Verdssoga fortel oss korleis nasjonane har blømt og gått fram so lenge dei hadde eit sterkt jordbruk og bygde eiga jord.
222Men soga fortel ogso um korleis dei same nasjonane gjekk sin undergang frå den dag dei let jordbruket sitt gå til nedfalls og tok til å leva av utanlandsk jord.
223Det er som åker-dyrkande folk at dei store kulturfolka i soga har vakse upp.
224Det var som slike at dei voks seg fram og blømde, gjekk fram i folketal, i velstand, i vitskap, i kunst, på alle område.
225Men då dei vende seg frå si eiga jord og strøymde saman i byar, på alle umråde bundne av utlandet, byrja straks ei syrgjeleg nedfallstid på alle kantar.
226Nye folk som enno bygde på jorda, skapte etter kvart nye verdsrike over ruinane av dei gamle som fall i grus.
227I dei siste 80 åra har det jord-dyrkande folketalet i landet vårt gått tilbake med ein halv prosent kvart år.
228Samstundes har planteproduksjonen vår gått relativt sterkt tilbake.
229Vi fører no inn 5 gonger so mykje planteprodukt som i 1850-åra.
230Brødkornet kjem meir og meir frå framand jord, og fôret til husdyra våre skriv seg i stadig større mun frå dei oversjøiske landa.
231Bygder blir avfolka, her finst grender der over halvparten av dei sjølvstendige yrka er lagde ned i dei siste 50-60 åra.
232Bygdene blir utsuga, ofte for den mest tiltøke og evnerike ungdomen sin.
233Dei beste, dei som skulde vorte førarar i bygdene i kampen for tilværet, er no ofte reist, og finst att som førande menn på den andre sida.
234Den største utførsla frå bygdene har vorte ungdomen. gjekk atter Amerika-båtane fullstappa med bondeungdom frå Sørlandet og Rogaland.
235Medan jorda vår ligg halvveges brakk og vi fører inn det meste av dei varer som jorda kan gjeva, er det uråd for ungdomen vår å finna livsvon i bygdene.
236Det kan i sanning trengast at bonden byggjer seg ein sterk organisasjon.
237Etter kvart som det går til atters med bygdene og folk klumpar seg saman i byar og sentrum som på alle umråde er bundne av utlandet, blir klassestridane og dei sosiale vanskane stadig større.
238Næringslivet i slike sentrum, og serleg dei store utførsle-industriane, har ei eiga evne til å skapa storparten av menneska um til beinveges løns-arbeidarar (lønsslavar, proletarar, som dei
239kallar seg).
240Den ulike fordelinga av livsens gode som dette fører med seg, skaper kvasse motsetningar på alle umråde, økonomisk, sosialt, kulturelt.
241Samfundet lever som på ein vulkan.
242Friksjonen millom partia kan når som helst slå gneistar som fatar eld.
243Vegen til løysing av mange av dei vanskelege sosiale problema som er uppe i tida, går gjenom dette å skapa vilkår for mange nye sjølvstendige yrke.
244Dei sjølvstendige yrke er som ballast for samfundet.
245For kvart menneske som får eit sjølvstendig yrke, får samfundet ein proletar minder som reknar seg for «lønsslave».
246I dei små sjølvstendige yrke trivst interessa og arbeidsgleda.
247Til saman vil dette skapa liv, rørsle og produksjon i bygdene, og dermed fremja byggjinga av vegar, jarnbaner, telegraf, telefon, utbyggjing og spreiding av fossekraft o.s.v., fordi det blir so mange
248produksjons-einingar til å bera utgiftene.
249Den framvokster vi no ser i næringslivet vårt, dreg etter kvart so mykje kraft til landsens perifere luter, at det blir stadig vanskelegare å byggja vegar, bilruter m.m. innetter i landet, sidan
250det i bygdene er for liten produksjon og verksemd å bera utgiftene med alle desse liner som det moderne næringslivet krev.
251Derfor går ogso alt fleire av dei (telegraf, post, kraftverk, jarnbaner) med underskot.
252Det er uheppe å «overbyggja» næringslivet so sterkt som vi har gjort, her er vorte for lite bruk og for lite berekraft for linene innanlands - dei indre liner.
253Ved ei sterkare uppbyggjing av næringslivet nedanfrå, får vi våre «koloniar» innanlands, og får dermed den rette vekselverknad millom bygd og by, millom jordbruk og industri.
254Ved ein slik framvokster får vi mange fleire sjølvstendige yrke, meir ballast i samfundet, minder friksjon millom klassene og sunnare arbeidsvilkår og levekår for menneska.
255Ein sterk og mål-medviten bonde-samskipnad er naudsynt, ikkje berre for bonden, men for heile folket; for i lengda er det best for alle at samfundet veks seg fram harmonisk.
256Går ikkje bøndene mannjamt og med offerhug med i organisasjonen sin og slær ring kring blada sine, vil heile samfunds-framvoksteren siga so sterkt på skeive, at det blir ein fåre for landet.
257Norges Bondelag blir ofte rekna for ein strids-fylking rnot dei andre klassene i samfundet, og Bondelaget blir medfare deretter.
258Såg folk meir romsleg og framsynt på saka, vart det annleis.
259I lengda vil eit sterkt bondestand bli til signing for alle klasser i folket.
260Det er berre gjenom ein sterk organisasjon at vi med styrke kan fremja dei faglege og politiske interessene våre.
261Landet vårt er enno på mange måtar ei villmark.
262Vi lever i eit rikt, men uferdig land.
263Store uppgåver ligg og ventar på oss.
264Den dyrka jorda ligg ofte vass-sjuk, full med ugras og utpint, og gjev berre lite av det ho skulde yta.
265Vi har millionar av mål skikka for dyrking, til overflate-kultur, til eng og beite.
266husdyrhaldet blir dette nok til ein sterk planteproduksjon.
267Vi har jord nok til å skaffa landet den mat det treng, vi har malm og kis, vi har fossar, torv og skog, vi har dei beste vilkår for eit nasjonalt næringsliv med grunnmuren tufta på landsens eiga
268jord.
269Det er ingen ting i vegen for at vi med den rette tru, vilje og evne innan 30-40 år kan tømra landsens næringsliv upp i harmonisk vokster paa dei indre liner; og fyrst med eit slikt næringsliv til
270grunnlag har vi det rette vilkår for ein nasjonal kulturell framvokster.
271Derfor bonde i fjellet, i dalen og på flatbygda, ved kysten, frammed fjorden og i fjordbygda - inn i bonde-organisasjonen, til vern for deg sjølv, din kultur, for standet ditt og for landet.
272Temakveld med Ragnar Hovland
273Forutan å ha arbeidd som lærar ved Skrivekunstakademiet (solbrillene i sentrum av biletet), kan Ragnar Hovland skilte med eit stort og populært forfattarskap.
274I haust kom essaysamlinga Kunsten å komme heim og andre essays og romanen Stille natt ut, til ovasjonar frå meldarane.
275Kom og høyr og sjå Hovland fredag 20. januar kl. 19:00!
276Ope for alle og gratis inngang.
277Café YaBasta meiner det er positivt at kaffiprisen går opp.
278Småskala kaffidyrking er utruleg hardt arbeid marknaden betalar svært lite for.
279Utfordringa til bøndene er kva dei skal gjere når prisane går ned att..
280Det vert spekulert stort i kaffi, og vér og klima kan påvirka produksjonen stort.
281Dei siste rapportane frå chiapas lovar godt, og 2012 ser ut som eit godt jordbruksår for zapatistbøndene.
282Nye stemmer
283Årets studentar ved Skrivekunstakademiet les opp ferskvarer!
284Opplesinga er resultatet av eit kurs i tekstframføring, der studentane med hjelp frå sentrale nordiske poetar undersøkjer og utviklar teksten sitt performative potensiale.
285UKON, Erlend O. Nødtvedt og Tormod Haugland dukkar også opp på scena.
286I Lov om pasientrettigheter vert omgrepet "pasienten sine pårørande" definert slik: den pasienten oppgir som pårørande og nærast pårørande.
287Dersom pasienten er ute av stand til å gjere greie for kven som er pårørande, skal nærast pårørande vere den som har mest varig og jamn kontakt med pasienten, likevel slik at det vert teke
288utgangspunkt i denne rekkjefølgja: ektefelle, registrert partnar, personar som lever i ekteskapsliknande eller partnarskapsliknande sambuarskap med pasienten, myndige born, foreldre eller andre med
289foreldreansvaret, myndige sysken, besteforeldre, andre familiemedlemmer som står pasienten nær, verje eller hjelpeverje.
290Dersom pasienten samtykkjer til det, eller forholda tilseier det, skal pasienten sine nærast pårørande ha informasjon om pasienten sin helsetilstand og den helsehjelpa som ho/han får.
291Er pasienten over 16 år og openbert ikkje kan ta interessene sine på grunn av fysiske eller psykiske forstyrringar, senil demens eller psykisk utviklingshemming, har både pasienten og dei nærast
292pårørande rett til informasjon etter reglane i § 3-2.
293Informasjon når pasienten er mindreårig (Lov om pasientrettigheter § 3-4)
294Er pasienten under 16 år, skal både pasienten og foreldra - eller andre med foreldreansvaret - informerast.
295Dersom pasienten er mellom 12 og 16 år, og av grunnar som bør respekterast, ikkje ønskjer at foreldra eller andre med foreldreansvar skal få dei aktuelle opplysningane, skal dei heller ikkje få
296dei.
297Når pasienten er under 18 år, skal foreldre eller andre med foreldreansvar likevel få den informasjonen som er nødvendig for å kunne oppfylle foreldreansvaret.
298Opplysingar om andre pasientar
299Som pårørande vil du kanskje bli kjend med eller få kjennskap til andre pasientar enn den du er pårørande til.
300Det er god skikk og bruk at ein ikkje ber vidare opplysningar om pasientar, - korkje til familie, venner eller andre pasientar.
301Legg dokumentasjon på fagleg leiar sine kvalifikasjonar med i søknaden
302Forsking og formidling
303Forsking og utviklingsarbeidet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) skal skje med utgangspunkt i sterke fagpersonar i sterke fagmiljø.
304Fou-arbeidet skal følgje etablerte forskingsetiske retningsliner, og ha høg fagleg kvalitet.
305Fou-arbeidet ved HiSF skal spesielt utvikle forskingsbasert kunnskap og nyskaping innan dei yrkesfelta vi utdannar til, og innan dei områda der høgskulen har særskilte fortrinn på bakgrunn av
306kompetanse, regionalt samfunns- og arbeidsliv eller geografisk plassering.
307Strategisk plan for høgskulen sett som mål at HiSF skal vere ein høgskule med høg vitskapleg publisering» (Strategisk plan for fou, 2013).
308Kontakt informasjon
309Send oss ein forespørsel
310Eit hotell med hyggeleg atmosfære!
311Tradisjon, kvalitet, hyggeleg atmosfære og stor fleksibilitet er hotellets varemerke - samt at vi er tilpassa dagens krav til service og komfort.
312Hotellet har 70 rom med alle fasilitetar og eit gjestehus med 5 rom og 3 leilighetar.
313Festsal/bar med dans til orkester alle virkedagar.
314Koordinerande eining for ReHabilitering er eit kontakt/informasjonssenter for rehabiliterings- og habiliteringstenestene i helseføretaket.
315Vi har oversikt over det tenestetilbodet som helseregionen har innan rehabilitering og habilitering, og skal syte for faste kontaktpunkt for informasjon og samhandling mellom kommunehelsetenesta og
316spesialisthelsetenesta.
317Vi skal bidra kompetanseheving for kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta for å sikre at pasientane får best mogleg kvalitet og kontinuitet i rehabiliteringsprosessen sin.
318Klikk på bilete under så får du informasjon om Regional KE i Helse Midt-Noreg
319Sam handling
320I juni 2009 la regjeringa fram samhandlingsreforma i ei stortingsmelding.
321Meldinga vart vedteken 27. april 2010.
322Noreg er eit av dei landa i verda som bruker mest pengar per innbyggjar til helse.
323Men vi får ikkje mest helse for kvar krone.
324Det er systemet det er noko gale med.
325Dei har lokalitetar ved sjukehusa både i Kristiansund og Molde.
326ReHab veka
327Her finn du lenker til presentasjonane som vart framført på konferansen "Livskvalitet på eigne premissar" To føredrag om rettar og plikter til rehabilitering og habilitering v/ Eilin Reinaas hos
328fylkesmannen v/ Runa Bakke i Volda ..
329Det arrangerast Regional rehabiliteringskonferanse for andre gong i Helse Midt-Noreg.
330Arrangør er Koordinerende eining for rehabiliterig og habilitering i HMN og Fagnettverk for rehabilitering i HMN.
331Det er satt saman eit spennande program med tidsaktuelle temaer
332Indivduell plan (IP)
333For menneske med langvarige, samansette og koordinerte behov, kan manglande kontinuitet i hjelpeapparatet vere eit problem.
334Dette var noko av bakgrunnen for at forskrift om individuell plan vart gjort gjeldande frå 1.juli 2001 etter helselovgjevinga og 1. januar 2006 etter sosiallovgjevinga.
335Hovedmålet er å gje kunnskap om metodar som kan gje betre grunnlag for avgjerder i bedriftene.
336Etter fullført kurs skal studentane ha kunnskap om sentrale marknadstilhøve og kjenne metodar som set dei til å gjennomføre marknadsanalysar.
337Dei skal ha innsikt i korleis ein skal gå fram for å skaffe fram informasjon om kundar, konkurrentar og omgjevnaden elles.
338Kurset vil også gje ei innføring i sentrale omgrep og tilnærmingar innan merkevareleiing.
339Innhald/oppbygging
340Emnet byggjer vidare på omgrep og modellar som er omhandla i emnet OR665 Marknadsføring og organisasjonsfag.
341Kurset utvidar kunnskapen om utvalde marknadsspørsmål.
342Planlegging og gjennomføring av kvalititative og kvantitative marknads-undersøkingar er tillagt stor vekt, og følgjande anelyseteknikkar blir brukte: Regresjonsanalyse, Faktoranalyse,
343Variansanalyse, Fokusgrupper m.m.
344Det blir lagt vekt på ein del tema i merkevareleiing som: Brand-equity, Brand- Awareness, brand developement.
345Ein føresetnad for å gjennomføre kurset er bruk av Statistikkprogramet SPSS.
346Undervisnings- og læringsformer
347Førelesingar, gruppearbeid, øvingar.
348Arbeidskrav
349Det skal leverast inn 1 obligatoriske oppgåve til godkjenning.
350Oppgåvene kan leverast individuellt eller i grupper på opp til max. tre personar.
351Studentane må også framføra ein studentpresentasjon i løpet av semesteret.
352Faglærar er ansvarleg for godkjenning.
353(NPK-NTB) Fylkeslege Petter Schou meiner Norway Cup må rekne med eit utbrot av svineinfluensa, og seier at turneringa kan bli stoppa om utbrotet blir alvorleg.
354Illustrasjonsfoto: Stock.exchng
355Det er vanleg å bli bekymra viss nokon du står nær, er på sjukehus, anten det er mamma, pappa, sysken eller ein annan som du kjenner godt.
356Når vi er leie oss for noko, kan kjenslene vise seg sterkare enn til vanleg.
357Vi kan bli fortare sinte eller gråte lettare enn elles.
358Men det kan også hende at vi ikkje føler noko spesielt.
359Du kjenner deg kanskje att i noko av dette.
360Det er ikkje noko å skamme seg over.
361Konsentrasjonsvanskar
362Nokre kan oppleve at det er vanskeleg å konsentrere seg på skulen, vanskeleg å hugse det dei les eller det som blir sagt, beskjedar.
363Somme grublar på om det er egoistisk å tenkje på seg sjølv.
364Men det er helt vanleg å lure på kva som skal skje med ein sjølv eller andre i familien når nokon er sjuke.
365Brått veit ein ikkje kva som skjer, svært mykje blir usikkert, og det kan vere vanskelig å planleggje.
366Som før
367Somme synest det er rart at dei ikkje kjenner seg annleis.
368Men då skal du vite at det også er vanleg.
369Spør oss!
370Det kan være lurt å snakke med noen om hvordan du har det og å spørre hvis du lurer på noe.
371Spør en du kjenner godt eller en av oss som jobber på sykehuset.
372Kanskje har vi et greit svar.
373Det å dele spørsmålene sine med andre gjør ofte det triste og vanskeligere lettere.
374Og husk at de voksne ikke kan vite hva du lurer på om du ikke sier i fra.
375Spørsmålene under er vanlige blant barn og ungdom:
376Hvor lenge skal den som er syk være på sykehus?
377Er sykdommen alvorlig og kan man dø av den?
378Er det noe den syke skal gjøre på sykehuset som er vondt?
379Kan jeg komme på besøk?
380Når kan jeg komme?
381Hvem skal passe på oss som er hjemme?
382Får jeg ikke dratt på den turen som jeg gledet meg så veldig til?
383Hvem skal lage mat, vaske tøyet vårt og tjene penger i familien?
384Det er viktig å snakke med barnet eller ungdommen, og å få vite kva ho eller han tenkjer om situasjonen.
385Når vi informerer born og ungdom om sjukdom og behandling, kan det bli lettare for dei å meistre den nye situasjonen i familien.
386Hugs å vere ærleg og konkret når du informerer og svarer på spørsmål.
387Born reagerer forskjellig avhengig av alder, og det må vi ta omsyn til når vi snakkar med dei..
388Born og ungdom kan også trenge å få råd om kva dei skal svare når folk i nærmiljøet spør.
389Kontakten med den som er sjuk
390Generelt kan det vere viktig at born og ungdom så tidleg som råd kjem på besøk på sjukehuset.
391Viss det er vanskeleg å få til på grunn av lang reiseveg eller anna, kan det hjelpe å få høyre røysta til den sjuke på telefon.
392For at born skal forstå betre kvar den sjuke er, går det an å sende bilete frå sjukehuset, avdelinga og/eller av den sjuke.
393Respekt for barnet/ungdommen sitt val
394Vi rår til at born og ungdom kjem på vitjing, men vi må ikkje tvinge dei til noko dei ikkje har lyst til..
395Gi barnet den tida det treng.
396Vi skal alltid respektere borna sine val.
397Vi må overtyde dei om at dei ikkje er "dumme eller slemme" viss dei ikkje vil kome.
398Det aukar truleg sjansane for at dei vil kome seinare.
399Når born/ungdom får informasjon, har dei ikkje alltid så mykje å spørje om.
400Dei må sjølve få bestemme kor mykje dei vil snakke om eller ta del i . Ver merksam på dei tidspunkta då born til vanleg plar fortelje noko om seg sjølve, når dei kjem heim frå skule, eller
401når dei skal leggje seg om kvelden.
402Informasjon til nærmiljøet
403Vi rår alle til å informere helsesyster, skule og/eller barnehage, slik at borna kan bli sedde og ivaretekne i ein vanskeleg situasjon.
404Besøk på sjukehuset
405Born og ungdom som kjem på besøk, bør vere førebudde på korleis den sjuke har det, og dei bør også vite litt om korleis det ser ut på avdelinga.
406Bachelorgraden i journalistikk ved Høgskulen i Volda er sett saman av obligatoriske og valfrie emne (sjå tabellar).
407Dei obligatoriske emna utgjer 130 sp og må takast i fastsett rekkefølgje (sjå nærare om emneplanar for utdanninga).
408Spesialiseringsemna har opptaksavgrensing.
409Ved studiestart må studentane settje opp utdanningsplan i samråd med faglærar.
410Programansvarleg skal minne studentane om retten til utdanningssamtale gjennom informasjonssystemet ClassFronter.
411I utdanningsplanen inngår valfrie emne.
412Desse emna kan takast på avdelinga, andre avdelingar på høgskulen eller ved andre utdanningsinstitusjonar i Noreg eller utlandet (sjå emnetabell for valfrie emne frå avdelinga lenger ned).
413Søkjarar som har minst 50 sp frå tidlegare utdanning, kan innpasse desse i journalistutdanninga.
414Søkjarar med utdanning i mediefag eller har delar av journalistisk utdanning frå tidlegare, kan søkje om innpassing av desse i den obligatoriske delen av utdanninga.
415Dei får rådgjeving om gjennomføring av studiet i utdanningssamtalen. halvparten av studentane gjennomfører journalistutdanninga på to år grunna innpassing av tidlegare utdanning.
416Dei ulike emna i journalistikk og medievitskap må takast i stigande rekkefølgje.
417Studentane må søkje spesialisering i avis, fjernsyn eller radio ved studiestart.
418Det meste av undervisninga er likevel felles, og det er arbeidsoppgåver av spesialiseringane.
419I eit treårig studieløp kan studentane velgje ei ekstra spesialisering.
420Studiet er arbeidskrevjande med obligatoriske innleveringsoppgåver og obligatorisk deltaking i interne øvingsproduksjonar.
421Studiet spenner frå dei enklaste journalistiske arbeidsteknikkane og til meir analyserande og undersøkjande journalistikk.
422God journalistikk krev dugleik på desse områda:
423Journalistiske idear og nyhendevurdering
424Journalistar må kvar dag vurdere idear og prioritere nyhende.
425I tillegg til god allmennkunnskap er sentrale hjelpemiddel teori om medias rolle og funksjon i samfunnet, om nyhendekriterium og nyhendekjelder.
426Området blir dekt gjennom forelesingar og øvingsoppgåver i plenum og gruppevis i redaksjonane, og omfattar både lokale og nasjonale nyhende.
427Journalistisk undersøking er viktig i all reportasje.
428Sjølvstendig journalistisk undersøking er eit vilkår for ein uavhengig journalistikk, og målet med kurset er å settje studentane til å gjennomføre prosjekt i undersøkjande journalistikk.
429Undervisninga startar med grunnleggjande teknikkar som referat- og intervjuteknikk, og til faget høyrer også kjeldekunnskap, kjeldekritikk og innsynsrett.
430Kjeldekart, oppbygging av indeksar og kronologiske oversyn vert nytta som arbeidsreiskapar i kurset.
431Mediespråk og formidling
432Målet med undervisninga er å gjere studentane medvitne om sentrale eigenskapar ved skriftspråk, talespråk og bildespråk.
433Sjangerkonvensjonar, retorikk, språksosiologi og språknormering blir tatt opp i undervisninga.
434Gjennom øvingar og medieprodukt skal studentane lære god og korrekt språkbruk, og bli til å dyrke fram ein personleg stil.
435Undervisninga tar til med innføring i sjangerkonvensjonar for talt og skrive mediespråk, særleg knytt til nyhendeformidling.
436Seinare tek ein for seg tilhøvet mellom skrift og tale, og retningslinjer for individuell og redaksjonsbestemd språkbruk, avhengig av sjanger/format.
437Ein kjem òg inn på språksosiologiske emne som språk, makt og kjønn, og pensum inneheld også fagartiklar om særdrag ved språkbruk og formidlingsmåtar i radio, fjernsyn og avis.
438Medieetikk
439Gjennom forelesingar, praktiske døme og oppgåver får studentane kunnskapar om medieetikk og korleis den avgrensar seg til lovgjevinga.
440Tidleg i studiet får studentane ei grunnleggjande innføring i medieetikk og det lovverket som regulerer journalistisk arbeid.
441Seinare arbeider studentane vidare med sentrale område som pressefridom, pressejus og kjeldevern.
442Gjennom utdanninga skal studentane utvikle sine evner til å analysere og vurdere medieetiske problem.
443Oppgåvene får vurderinga godkjend/ikkje godkjend . Studentar som får ikkje godkjend har høve til å levere nytt svar på same oppgåva to gonger.
444Får ei oppgåve ikkje godkjend for tredje gong, må studenten levere svar etter ny oppgåvetekst.
445Studentar som leverer ei oppgåve etter innleveringsfristen, har ikkje krav på å få retta ho før i slutten av semesteret, ei veke etter innleveringsfristen for den siste oppgåva.
446Dersom oppgåvesvaret ikkje vert levert før oppgåvegjennomgangen, må studenten løyse ny oppgåve.
447Studentar har ikkje rett til å delta i intern praksis ved høgskulen før alle obligatoriske oppgåver i JOU101 er godkjende.
448Journalistisk arbeidsteknikk Undervisninga i emnet er knytt til spesialiseringane.
449Det er obligatorisk deltaking.
450Studentar som ikkje er til stades når bruk av teknisk utstyr blir gjennomgått, må dokumentere for faglærar at dei har nødvendig kunnskap om faremoment og bruk av utstyr.
451Kursa blir avslutta med ein munnleg eksamen med karakteren stått/ikkje stått.
452Kva studiet kvalifiserer for
453Journalistutdanninga ved Høgskulen i Volda utdannar journalistar til redaksjonar i heile landet.
454Journalistyrket er eit fritt yrke som rekrutterer folk med ulik bakgrunn.
455Stadig fleire vel journalistutdanning som innfallsport til eit yrke som ønskjer kunnskapsrike, kreative journalistar med ei bevisst haldning til yrkesrolla si.
456Det er fire periodar med obligatorisk praksis.
457I dei tre første periodane er det intern praksis, og studentane arbeider i øvingsmedia ved avdelinga; avis, fjernsyn, nettavis eller radio.
458I siste semester blir studentane som hovudregel utplasserte i riksdekkjande eller regionale medieverksemder.
459Praksisutplasseringa blir avtalt mellom faglærar og vedkomande medieverksemd, og fordelinga tek omsyn til studentane sine ønske.
460I praksisperiodane ved høgskulen vert det lagt vekt på rettleiing, evaluering og refleksjon rundt journalistiske problemstillingar.
461Det blir laga vaktplanar som studentane må fylgje og gjere dei oppgåvene dei blir tildelte.
462Studentane skal òg delta i evalueringa av studentproduksjonane.
463For å ha rett til ekstern praksisplass må studenten ha fullført alle eksamenar og obligatoriske oppgåver i journalistikk 1 - 3 og medievitskap 1 og 2.
464Evaluering og kvalitetssikring
465Alle program og emne i avdelinga blir evaluerte i samsvar med Høgskulen i Volda sitt system for kvalitetssikring.
466Kva slags ytringsform det skulle få, var eg ikkje fastlåst i .
467Eg har hatt veldig mange store gleder ved å skrive.
468Eg likar å skrive, likar det som skjer med ein når ein skriv, det som språket gjer med ein.
469Det er veldig fascinerande, og den største gleda ein kan ha.
470Den private gleda er mykje større enn å få ros offentleg.
471Og slik har det vore heile tida.
472Det var ikkje eit vanskeleg val å gå denne vegen.
473Å velje noko anna ville ha vore mykje vanskelegare.
474Men det tok nokre år før du fekk gitt ut Dørklinker , den første diktsamlinga?
475Eg hadde jobba med skriving sidan eg var 23 år, og debuterte når eg var 28, så det tok fem år.
476studerte du psykologi…
477Eg var heilt sikker på at eg ikkje kom til å praktisere i det yrket.
478Ikkje frå byrjinga av heller?
479Eller jo, kanskje når eg som skiltvakt på Jørstadmoen stod og leste Freuds forelesingar om psykoanalysen i lyset frå utelampen, med gevær med bajonett i ei hand og boka i den andre.
480Det gjorde sterkt inntrykk.
481For eit studium måtte eg ha.
482Det var den levevegen som var aktuell, å få studielån og overleve på det.
483Så eg var ferdig i millitæret, reiste eg til Oslo, og takka vere Freud valde eg psykologi, som interesserte meg i 2-3 år.
484Då var eg minst like interessert i filosofi, men det var vel næringsvettet som tilsa at eg skulle velje psykologien, eg blei nøydd til å ha eit anna fag enn skrivinga.
485Dei siste åra av studiet misbrukte eg plassen min.
486Eg tok imot lån og stipend, men det eg dreiv med var noko heilt anna.
487Tre bøker skreiv eg medan eg var student.
488Då eg til slutt gjorde meg ferdig med studia, så var det under eit anfall av ansvarligheit, kona mi og eg venta barn.
489Eg må innrømme at Dørklinker har eg ikkje lest.
490Det gjer ikkje noko.
491Du er ikkje fornøgd med den boka?
492Du fekk jo Vesaas debutantpris for henne?
493Vel, eg var fornøgd med mottakinga.
494For det var ein kjempefin begynnelse.
495På den tida fekk ein jo så mange meldingar og mykje merksemd som debutant.
496Kva skjedde etter dette, den andre boka di er jo svært annleis?
497Kva spora deg til å skrive ei så... litterært rebelsk bok som Kvengedal , ein montasje av avisklipp?
498Boka består av bearbeida klipp frå to lokalaviser, Sykkylvsbladet og Sunnmøringen.
499Eg gjekk på biblioteket og leste gjennom ti årgangar av Sykkylvsbladet.
500Men det vart likevel ikkje nok stoff til at eg kunne komponere mitt eige verk.
501Som vanleg lesar fann eg ikkje så veldig mykje av interesse i avisa.
502Enkelte av dei som skreiv der følte seg vel hengt ut.
503I Sunnmøringen fekk eg kjempeslakt.
504Det låg under at eg hadde gjort noko stygt, at eg hadde harselert.
505Men om ein verkeleg les boka ser ein at det ikkje kan vere slik.
506Frå mi side var det meint som ei kjærleikserklæring til dette samfunnet, som eg oppfatta som ei slags heimbygd.
507Eg flytta jo mykje som liten, og har fleire stader eg er knytta til, men i puberteten, frå eg var 13 budde eg i Sykkylven som blei stad eg vende tilbake til.
508Morgonmannen held utstilling som kom året etter, er ei heilt annleis bok igjen, ein vilter og variert roman?
509Denne gav meg eit renommé som eksperimentell.
510Men det var aldri meininga.
511For meg var det ikkje noko eksperiment, eg gjorde berre så godt eg kunne.
512Konsulenten på Gyldendal hadde stor sans for boka, noko som gav ein baksmell når eg seinare kom med Mørkets gjerninger , ein meir tradisjonell roman, som vart refusert av den same konsulenten.
513Eg såg nok ikkje på Morgonmannen som ein skikkeleg roman, sjølv om den absolutt stod mitt hjerte nær.
514Hadde eg kunna skrive Mørkets gjerninger på den tida då eg skreiv Morgonmannen så hadde eg gjort det.
515«No har eg endeleg klart å skrive ein skikkeleg roman,» tenkte eg då eg hadde skrive Mørkets gjerninger . Ein gong eg besøkte Georg Johannesen hadde eg med meg eit utkast til boka.
516Eg hadde ikkje tenkt å be han lese gjennom det – og ikkje då – eg trudde ikkje det ville interessere han.
517Men han blei sitjande og lese, og eg måtte berre vente, utan å seie noko.
518Då han var ferdig sa han at han likte best forteljinga om Oddny, den kvinnelege hovudpersonen.
519Då var boka todelt, først om den unge guten sin tur på byen, så om jenta.
520Forteljinga om den unge guten på bytur gjorde han litt irritert.
521Også Einar Økland las manuset, og likte boka godt, så eg møtte på forlaget med god sjølvtillit.
522Det enda med at eg ba redaktøren finne seg ein ny konsulent, og det gjorde han.
523Boka kom ut, og fekk kritikarprisen.
524Ho blei lesen opp i radioen og filma i 86.
525Eg hugsar at eg kjøpte boka på eit posesal med bøker.
526Ja, ja.
527Kan godt hende det ikkje er dumt.
528No hoppa vi over ei bok: Båten til Bergen , ei dokumentarisk diktbok.
529Dette er ikkje ein vanleg sjanger?
530Den er nok påverka av arbeidet med Kvengedal . Eg brukte mange funne tekstar slik dei var, berre stramma dei litt opp, medan i andre tekstar snakka eg med mi eiga lyriske stemme, med glidande
531overgangar mellom desse modusa.
532Når eg tenkjer tilbake blei eg nok skuffa over mottakinga til denne boka.
533Eg tykte at eg hadde fått til noko eineståande, men det verka ikkje som kritikarane såg det.
534Oddmund Hagen skreiv i ein artikkel i Bøk i 1996 at «Heile vegen har Sagen lege nært opp til dei litterære straumdraga i tida utan å bli borte i dei».
535Korleis ser du sjølv på det?
536Å bli påverka av si eiga tid er vel ikkje til å unngå.
537Dersom eg skal klare å vekke mi eiga interesse er eg kanskje nøydd til å gjere noko nytt kvar gong.
538Det er neppe den rette måten dersom ein vil bygge seg opp eit stort publikum.
539Kva er den mest sjølvbiografiske boka du har skrive?
540Spørsmålet kom opp då eg leste Finne seg ei grein , som kom ut i 1980.
541Eg ser vel ikkje på deg som ein utprega sjølvbiografisk forfattar, det verkar meir som at du brukar dine eigne erfaringar som ei erfaring blant fleire andre, likestilt med dei andre si erfaring?
542Den mest sjølvbiografiske boka mi må vel vere Alltid likt å lese om krigen frå 2000, der både foreldra mine og slekta dukkar opp under fullt namn.
543I den boka er det ingenting som er oppdikta.
544Men du har rett i at det er eit sjølvbiografisk element i Finne seg ei grein . Eg sleit veldig mykje med den boka, og eg veit ikkje om den blei ferdig.
545Springfart ved fjorden står i ei særstilling i forfattarskapen din.
546Eg arbeidde i fem år med den boka, og det var hardt.
547Mellom anna var eg svært oppteken av namn.
548Det er eit mylder av personar i boka, som held oppe ein slags musikk.
549Eg ser for meg personane som ulike fargar; Springfart ved fjorden ser eg på som eit stort maleri, eller draumen om eit stort maleri.
550Boka fekk ikkje ei god mottaking.
551Dei fleste kritikkane var lunkne.
552Eg var nok litt skuffa over det.
553Den har jo sidan fått sine fans, har eg skjønt, sjølv om den ikkje har kome i nye utgåver.
554Oddmund Hagen skriv om denne boka at «Sagen reindyrkar overdrivinga og galskapen og fører lesaren inn i ei omsnudd verd der målet med det ehile ikkje er anna enn å underhalde».
555Men eg går ut frå at føremålet ditt med boka ikkje berre var å underhalde?
556I rettferdas namn skal det nemnast at Hagen held fram med: «Nåja, kanskje ligg det eitt eller anna under, ein satire over 1980-åra, eit ønske om å vise latteren som korrektiv, eller eit forsøk
557på å utprøve og utvide fiksjonen sine felt.»
558I Springfart ved fjorden er humoren eit viktig verkemiddel, men boka er jo tragisk.
559Då eg sette punktum for siste setninga, gret eg.
560Eg kan ikkje heilt skjøne kvifor.
561Men det er ikkje alle som tek han.
562Og her trur eg spørsmålet om aust og vest kjem inn.
563Folk aust i landet ler ikkje av dei same tinga som folk vest i landet, slik ser det ut til å vere.
564To år seinare er du inne på eit heilt anna spor.
565Mercedesryttaren frå 1988 er ikkje berre ei realistisk, dokumentarisk bok, men det er òg ei særs umorosam bok.
566Du skriv om politivald-saka i Bergen.
567Nokre forskarar prøvde å kartlegge vald i Bergen, og deriblant politivald, men endte med å få både seg sjølve og mange andre dømde for falsk forklaring, samtidig som politiet gjekk fri.
568Det var verkeleg eit brot.
569Ei bok eg ikkje hadde planlagt.
570Eg berre skreiv det som skjedde.
571Dermed vart det absurd, på sin måte.
572Boka er presentert som eit «skjønnlitterært dokument».
573Kva er eit «skjønnlitterært dokument»?
574Og kvifor er det skrive som skjønnlitteratur, i staden for journalistikk?
575Du spør vanskeleg der.
576Det var kanskje forlaget sitt omgrep, eigentleg.
577Dette kan eg eigentleg ikkje hugse heilt.
578Men det er jo fascinerande å presentere det som eit dokument, så utruleg som dette stoffet er.
579Eg kunne ha presentert det som ei journalistisk bok, men då hadde det ikkje blitt innkjøpt gjennom innkjøpsordninga.
580Kva slags betydning har denne boka hatt for den vidare bearbeidinga av dei sakene den omhandla?
581Då forskaren Gunnar Nordhus frå boka vart stilt for retten, sat både aktor og forsvarar med kvart sitt eksemplar av Mercedesryttaren på pulten.
582Eg veit ikkje kor stor betydning det har hatt, men det heile enda jo i noe grotesk då dei såkalla boomerang-sakene seinare kom opp, og forskarane sine informantar blei sett på tiltalebenken og
583dømde.
584Sidan vart dei heldigvis frikjende av høgsterett.
585Lyden av vatn som kom to år seinare reknar mange som ei av dine beste bøker.
586Her brukar du mange av dei same verkemidla som i Springfart ved fjorden, men på ein meir poetisk og forteljande måte?
587Den er muligens den beste.
588Ho var ikkje fort laga.
589Då ho kom ut var det sju år sidan eg begynte på henne.
590Det som vart begynnelsen på denne boka skreiv eg medan eg jobba med Springfart ved fjorden , og ho har ein del av dei same elementa i seg.
591Veit ikkje heilt kva meir eg kan seie om denne boka.
592Kva er det med deg og elver?
593Elver dukkar opp overalt i bøkene dine.
594Ja, det er ikkje forbausande at du seier det.
595Der eg vart fødd var det to store elver som rann ut i fjorden.
596Eg kan ikkje finne ei betre forklaring enn at eg er vaksen opp mellom to elver som har sunge intenst for meg som barn.
597Og så er jo også elva eit poetisk symbol.
598Men ikkje så oppbrukt som havet…
599Nei, og så er eg heller ikkje vaksen opp ved havet.
600Det er elvesongen som har fascinert meg.
601I fleire av bøkene dine dei siste åra har du teke i bruk dokumentariske element.
602I den nyaste, Skog , skriv du om det dokumentariske: «Problemet er at eg ofte møter veggen når eg blir for innovervendt.
603Det oppstår sperringar.
604Eg klarer ikkje nå inn til det farlige.
605Difor kan det vere freistande å bli dokumentarisk.
606Eigentleg trur eg ikkje på den løysinga.
607Det er fantasien eg trur på.
608Men den må befruktast av det dokumentariske.
609Det må til for å gi stoffet den rette «overflata» liksom.
610Nei dette er vanskeleg.»
611Det dokumentariske har ei overbevisingskraft som gjer det freistande å bruke det.
612Men eg trur eg er litt ute å køyre der, med linja om at fantasien må «befruktast» av det dokumentariske.
613Eg vil kome i beit viss eg skal svare på korleis ein skal få det til, denne befruktinga.
614Kanskje kan det skje ved at ein «stel» litt frå virkeligheten.
615Men dette er ein tanke eg ikkje har kome til bunns i .
616Eg angrar nesten på at eg skreiv det.
617Hundre bønder frå 2001 kallar du ein dokumentarisk roman.
618Med fare for å stille det same spørsmålet ein gong til: Kva er ein dokumentarisk roman?
619I utgangspunktet er det underordna kor vidt noko er «sant» eller «dikta».
620Når eg no ser på Skog frå og på Hundre bønder så tenkjer eg at det hadde vore spennande og bytta om på det.
621Å kalle Skog ein «Dokumentarisk roman», det ville vore morsomt.
622Det skulle eg jaggu gjort!
623Ein kan lure på om det om nokre år i det heile vil bli mogleg å skrive oppdikta historier.
624Eg trur vel ikkje at vi vil komme dit, men eg lurer.
625Skulle det vere nødvendig å dikte, når det er så mykje som kan beskrivast som er sant?
626Og kan det du diktar opp konkurrere med det som ikkje er oppdikta?
627Kanskje kjem skjønnlitteraturen til å forsvinne, for ei stund.
628For min del kjem eg til å vende tilbake til det påfunne, og det med godt samvit.
629Svært mange år har du virka som skrivelærar, både på Skrivekunstakademiet og i andre samanhengar, korleis byrja dette?
630Det byrja med at eg på 70-talet ein gong blei invitert av eit mållag på nordmøre til å halde eit skrivekurs.
631Eg hadde ikkje tenkt tanken at eg kunne halde kurs, men då oppdaga eg at det var ei veldig takknemleg oppgåve.
632Folk skreiv så tårene rann.
633Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane går mot konsesjon til 10 av dei 12 søknadene om småkraftverk som har vore på høyring nyleg.
634I dag oppfattar han ikkje at det er ein utprega Helse Møre og Romsdal kultur, men ein kultur knytt til kvart einskild sjukehus. - Skal vi lykkast med oppdraget vårt, som er å gi meir og betre
635pasienthelseteneste til ein lågare kostnad, så er det sjukehusa og institusjonane våre som er verktøyet for å nå dette, seier Hårstad.
636Direktøren arbeider med utvikling av strategiar som skal vere ein viktig del av kursendringa for helseføretkaet. - Dei to strategiane vi arbeider spesielt med gjeld leiaropplæring og kontinuerleg
637forbetring.
638Vi jobbar saman med organisasjonen for å få til dette, seier direktøren.
639Korleis gjer ein dette på kort og lang sikt?
640På kort sikt handlar det om å knekke kostnadskurven. - Det klarer vi ikkje i dag, men på lengre sikt vil vi få det til, seier Hårstad.
641I møtet i dag fekk styret informasjon om korleis helseføretaket planlegg arbeidet framover i 2015.
642I første kvartal blir retninga staka ut, og ein legger ein felles raud tråd for leiarskap. - I andre kvartal vil vi kjøre pilotprosjekt på kontinuerleg forbetring i alle klinikkar.
643Da får vi prøve ut ein metodikk vi allereie har på plass, og samstundes vidareutvikle den som ein del av strategien vår, seier Hårstad.
644Evaluering av pilotprosjekta skjer i slutten av andre og tredje kvartal, og innhaldet blir endeleg forma etter dette.
645Same metode vil gjelde for leiaropplæringa.
646Prosjektet skal bli breidda ut i heile organisasjonen i tredje og fjerde kvartal, og om ein gjer alt rett vil resultata kome i 2016.
647Avgjerder skal takast der problema oppstår
648Eit sentralt punkt i arbeidet er at dei strategiske føringane skal leiast ovanfrå, men byggast ute i organisasjonen. - Vi må øve oss på å gå vekk frå å vere toppstyrt, til å gi ansvar for
649avgjerdene ut i organisasjonen.
650Nærast der problema oppstår, seier Hårstad og er klar på at dette ikkje er gjort i ei handvending i ein organisasjon med 260 leiarar pluss tillitsvalde og verneombod. – Men vi er i gang, slår
651han fast og får støtte frå styremedlem og tilsettrepresentant Charles –Å starte bygginga av ein felles kultur er ein veldig nyttig veg å gå i ei tid med store spenningar og uro.
652Det er positivt at leiaropplæringa og forbetringsmetodikken skal bli breidda ut i alle delar av føretaket, seier Austnes.
653- Sjukehusa er ein kunnskapsorganisasjon og kunnskapen sit ute blant dei tilsette.
654Vi har mange sterke og flotte tilsette, og leiarutfordringa er å få alle til å dra i same retning for å skape resultat, seier styreleiar Stein Kinserdal.
655Han meiner at kulturbygging er essensielt, men det må ligge ei forståing av kva som er viktig skal ein klare å bygge ein slik kultur. - Kultur kan ikkje vedtakast, men må skapast.
656Sjukehus er ein av dei mest komplekse organisasjonane ein kan leie, og den forståinga må vi ha i botn for å skjøne omfanget av omstillinga som helseføretaket no arbeider med, avsluttar
657styreleiaren.
658Sivilforsvarets oppgåver i fredstid blir tydeleggjorde Meir merksemd mot hendingar i fredstid, styrking av den lokale beredskapen gjennom kommunal beredskapsplikt og meir effektiv utnytting av
659Sivilforsvarets ressursar er hovudessensen i den nye sivilbeskyttelsesloven som nyleg blei vedteken i Stortinget.
660Kommunal beredskapsplikt blei vedteke av Stortinget allereie i 2009 og blir no vidareført i sivilbeskyttelsesloven. – Den nye lova tydeleggjer Sivilforsvarets opp gåver i fredstid, og kommunane
661tilpassa beredskapsarbeidet sitt, inkludert lovverket, i tråd med endra trusselvurderingar innanfor den sivile beredskapen, har vi i Noreg enno ikkje komme i mål med vurderinga av eit nytt
662vernekonsept for befolkninga.
663Med unntak av brannvernlovgivinga er mykje av det norske lovverket på beredskapsområdet i stor grad frå 1950talet, seier Elin Olsen – Hovudgrunngivinga for å opprette Sivilfor svaret ligg i dei
664klare fordringane i folkeretten om at sivilbefolkninga har krav på vern i krig.
665Sivilforsvaret skal framleis ha eigne oppgåver knytte til ein krigssituasjon, men den nye lova tydeleggjer også Sivilforsvarets oppgåver i fredstid som forsterkingsressurs overfor nød og
666beredskapsetatane, seier ho.
667For å sikre tilstrekkeleg kvalifisert personell blir den allmenne tenesteplikta i Sivilforsvaret vidareført.
668Den øvre aldersgrensa blir sett ned frå 65 til 55 år, slik som for verneplikts og heimevernstenesta.
669Mykje er endra sidan sivilforsvarslova blei ved teken i 1953.
670Samtidig tilseier nye trusselbilete med risiko for uønskte hendingar (ekstreme vêrforhold, ras, flaum, dambrot, akutt foru reining, atomulykker mv.) at ein bør ha særlege forsterkingsressursar som
671kan hjelpe nød og beredskapsetatane ved redningsaksjonar og annan innsats ved uønskte hendingar også i fredstid.
672Ulykka på Lillestrøm stasjon i 2000 og terroranslaga i USA 11. september 2001 viser at ein også i fredstid må vere budd på ulykkes scenario som faktisk kan samanliknast med resultatet av
673krigshandlingar.
674Ordninga med at kommunane mellom anna er ansvarlege, også økonomisk, for å halde og lagre sivilforsvarsmateriell, blir vidare ført i den nye lova. – Akkurat denne ordninga har gjennom åra ført
675til mange diskusjonar.
676Det er forståeleg at ho kan by på utfordringar, mellom anna fordi det kan bryte med det finansielle ansvarsprin sippet.
677Det blir likevel sett på som umogleg å drive tilfredsstillande materiellforvaltning i Sivilforsvaret utan å rekne med økonomiske bidrag frå kommunesektoren, seier Olsen og legg til: – Det er
678viktig å hugse at Sivilforsvaret held oppe ein beredskap som alle kommunar kan dra nytte av, samtidig som alle kommunar kan be om bistand frå Sivilforsvaret når uønskte hendingar skjer.
679Våre overnattingsprisar inkluderer ikkje oppredd seng, men vi rer med glede opp sengar til dei som ønsker det.
680Her følger våre overnattings-muligheter:
681Heilt til venstre i fyrtunet har vi Maskinhuset, med dobbeltrommet Maskinrommet.
682Eit sjarmerande, lite rom med flott utsikt ned på nye lykta, Sildagapet og fyrgeitene.
683Her stod maskina og aggregatet som dreiv fyrlyset då det var plassert i gamlelykta.
684Denne overskrifta grein imot frå avisstativa måndag 8.september.
685Det var framsida av Rogalands Avis som bar denne ” glede-bodskapen ” til torgs.
686I ”messa” hadde Magnhild Meltveit Kleppa m.a. uttalt: ”At hun tror på en Gud som er rausere enn menneskenes avgrensede tanker”.
687Dette kan ikkje skjønast annleis enn at Meltveit Kleppa trur på ein annan Gud enn den Bibelen forkynner.
688Ønskjer du deg eit meiningsfullt yrke, og vil raskt ut i arbeidslivet?
689Då kan sal og service vere det rette for deg!
690Her kan du gå to år på skule og etterpå ta fagbrev etter to år som lærling ute i ein bedrift.
691Du kan spesialisere deg innan kontorfag, butikkfag, reiseservicefag og vektarfag.
692Vel du sal og service, vil du også vere med og starte ein ungdomsbedrift ( sjå omtale av bedrifter på skulen her ) og delta på messer.
693På Vg1 har du praksis ute i ein bedrift i 14 dagar og du vil få nyttig kunnskap om arbeidslivet.
694Mange av våre tidlegare elevar jobbar no i handelsstanden i regionen, på hotell, eller i reiselivsbransjen.
695Enno usikker?
696Du har fleire moglegheiter!
697Ønskjer du å studere seinare, kan du alltid ta allmennfagleg påbygging, slik at du får studiekompetanse.
698PC er eit viktig verkty
699For å gjere ein god jobb må du også ha grunnleggjande kunnskapar om administrasjon og økonomiske forhold og om tryggleiken i ei bedrift.
700Bruk av IKT står sentralt i arbeidet innanfor alle fag i sal og servicenæringane.
701Alle løpa i studieretninga fører fram til yrkeskompetanse med fagbrev.
702På Sotra vidaregåande skule har vi både tilbod om Vg1 Service og samferdsel og Vg2 Sal, service og tryggleik.
703Desse tilboda finn du på skulestad Sund.
704Crimplene, kleda frå 70-talet
705Hugsar du crimplene?
706Verdas mest syntetiske stoff?
707Det vert gjennsyn med 60- og 70-talsklede når Vikebygd og Aga bygdekvinnelag skipar til utstilling i Agatunet i sommar.
708Bygdekvinnene hugsar godt då dei nye syntetiske stoffa kom i handelen.
709Crimplene vart raskt eit populært stoff, særleg når ein skulle sy klede sjølve.
710Det var enklet å sy i . Stoffet rakna ikkje, og ein trong ikkje kasta over saumane. - Du kan prøva i riva i det, du fer ikkje ut ein tråd utan å bruka saks! fortel Gurid Bleie, leiar i
711bygdekvinnelaget.
712Me sydde alle slags klede, drakter, kjolar, kåper og bukser.
713Ikkje krølla det, og det var berre å skylda av kleda etter bruk.
714Men ein vart fort sveitt!
715Crimplene heldt stand utover mot 80-talet, men så vart det slutt.
716I utstillinga vert fleire av crimplene-klenodia synt fram, saman med tidsriktige sko, vesker og anna utstyr.
717I mai inviterte historielaget til tur til Askøy og Herdla, sjølvsagt med mykje historie undervegs.
718Ein av turdeltakane deler si oppleving av turen med oss:
719Mange nikka gjenkjennande, og nostalgifaktoren var høg då det kom ein ekte blåbuss frå BHB-veteranklubb og henta turdeltakarane.
720Då me hadde plukka opp deltakar nr 25 i Åsane, gjekk turen rett til Strusshamn på Askøy.
721Første stopp var den tidlegare mølla og shoddyfabrikken i Strusshamn.
722Shoddyfabrikken gjorde filler av bommull og ull om til shoddy, som mellom anna vart brukt til uniformstøy, fyll i madrasser og teppe.
723Brødrene Arne Johannesen og Alfred Bruvik starta fabrikken i 1909.
724Etterkomarane deira kjenner me som “Bruvikane” på Tysse.
725På 50-talet gjorde kunststoff som nylon og akryl shoddyfabrikken ulønnsom.
726I dag har Askøy museumslag restaurert lokala og gjort dei om til eit imponerande fint lokalhistorisk museum.
727Turen gjekk vidare nordetter på austsida av Askøy , og me passerte mellom anna Kleppestø, Florvåg , Olaviken og (Kanskje får du framleis kjøpt askebær på kjøpesenter på Askøy, men knapt på
728Torget).
729Ein kunnskapsrik og engasjert guide gjorde turen svært interessant med historiar og informasjon.
730Vel framme på Herdla vart me kjørte til døra til Herdla gjestehus der kompemiddagen var klar.
731Etterpå var det ikkje lange vegen til Herdla museum som gir eit innblikk i Herdla sin historie både som kongsgard og viktig tysk flybase under krigen.
732Filmen om det tyske flyet Gul 16 som styrta i sjøen utanfor Øygarden, såg me og der.
733Flyet vart heva i 2006, og er no utstilt ved det nedlagde kystfortet på Herdla.
734Herdla kyrkje var uventa stor og ligg høgt og fritt, godt synleg.
735Av den grunn vart tårnet demontert under krigen, men er no på plass igjen.
736Frå kyrkjegarden er det og utsyn over Hordalands største gard som i dag har lagt om frå mjølkeproduksjon til kjøttproduksjon og tilbod til golfspelarane.
737På heimvegen fekk bussjåføren god trening i å kjøra veteranbuss på smale vegar på vestsida av Askøy.
738Det var ei super helg!
739Spesielt vil me sende ei stor takk til Rita som hadde ein finger med i det meste på turen, og til Terje som var både trenar og bussjåfør (han er ein mann med godt humør;-).
740Håpar på eit liknande tiltak neste år.
741God sommar til alle Bjoabuar, helsing Elisabeth og Anders!
742Kombinasjonen barn og bar ild resulterte i brann på stua i huset.
743Ingen voksne heime.
744Barna sprang til nabohuset og fekk varsla mor (huseigar) og bestefar.
745Bestefar og kjærasten til huseiger forsøkte å kome inn hovudinngang, men måtte gi opp på grunn av røyk og varme.
746Hageslange montert i kjellar vart rulla ut, og i det eit vindauge knuste på grunn av varmen var dei klar med vatn.
747På tross av tydlege teikn i ettertid på overtenning både på stue og kjøkken klarte dei å slokke brannen utanfrå med hageslangen utan strålespiss!
748"Då vi valde Activ Board hadde vi ein tanke om å kunne gjere oss nytte av digital tavle både for barna og for dei vaksne her i Mosmarka barnehage.
749Altså måtte det følga med program som både fungerer for barn i leik og for vaksne i ulike arbeidssituasjonar.
750Tavla gjev store moglegheiter og personalet er framleis i ei læringsfase om korleis best gjere seg nytte av den i ulike samanhengar.
751Det vi i dag har nytta den til er personalmøter, «film-lerret» i tema arbeid, eventyrsamlingar for borna der personalet har filmatisert eigenproduserte teiknefilmar om tema, samt diverse andre
752leike-aktivitetar der borna har delteke. (leik med former, fargar, tal osb.)
753Tavla bidreg til aktivt samspel mellom barn-barn og barn – voksen.
754Ein kan jobba med leik med bilete, lyd, matematikk, språk, former og fargar.
755Det er også fint å finne idear og ressursar som er lett tilgjengeleg på Aktiv Undervisning.
756I tillegg ser vi moglegheita for å kunne nytte tavla under ulike møter, der ein treng gjere seg nytte av tolk, eller ynskjer å ha nett/telefon møter.
757Kurs i bruk av tavla, var både underhaldande, engasjerande og ei fin blanding av teori og utprøving.
758Kurset var viktig for å gi personalet ein felles kompetanse om korleis ActivBoard fungerer, samstundes som dei fekk tid til å teste det ut."
759Austerdalsbreen, Veitastrond/ Luster
760"The finest ice-scenery in Europe", sa den engelske fjellmannen W.C . Slingsby om Austerdalsbreen og dei imponerande brefalla Odin, Tor og Loke.
761Hit kjem du etter ein lett fottur frå Tungestølen.
762Frå Hafslo i Luster kan du dra til Veitastrond og vidare til Tungestølen.
763Dette er i seg sjølv ein fin tur på den svingete vegen langs Veitastrondsvatnet.
764Når du kjem til bygda Veitastrond følgjer du Sumelvi vidare inn etter frå Nes.
765Då skal du ta deg tid til å sjå korleis naturen har slipt berget i elvefaret til kunstferdige groper.
766Her har Vårherre vore flink med hendene.
767Frå Tungestølen følgjer du stien inn over Austerdalen.
768På nordsida ligg Skyttapiggen og bak der lurer Lokebreen.
769Austerdalsbreen er ein av dei minst 28 brearmane på Jostedalsbreen som har eige namn.
770Turistinformasjon
771Gärning Mahad Mahad Mahamud Ali har hotat målsäganden genom att uttala att han funderar över vad han ska göra med henne, att han ska ärra henne i ansiktet, att han ska skada hennes ben så att
772hon inte kan gå och liknande.
773Me tilbyr luftfylling for tilreisande dykkerar.
774Me har to kompressorar der den eine er utstyrt med bensinmotor.
775Denne er grei å ta med seg på dykke-turar, og er forbeholdt medlemmer i Vikedal Dykkarklubb.
776Den andre står fastmontert i klubbhuset.
777Dersom du ikkje er medlem, og treng luft på flaska di er det berre å ta kontakt med ein av oss i styret, så hjelper me deg!
778Fotoutstillinga frå kraftutbygginga av Storelva («Samnangervassdraget»), er no sett opp på Antons kulturhistoriske senter på Frøland.
779Her kan du sjå dei over 100 bileta frå utbyggingsstarten i 1909 til Svartavassdammen stod ferdig 20 år seinare.
780Eventuelle lesarar som er i Berlin må naturlegvis kome til Fuchsbau på fredag.
781Her ein dag stakk eg innom ei lokal bruktsjappe for TV og stereo: Prima Fernsehdienst.
782Innehavaren var ein hyggeleg, pratsom fyr.
783Han hadde ein bitteliten butikk og altfor mykje utstyr på for liten plass.
784Han lova å selgje meg eit supert stereoanlegg veldig billeg.
785Då eg fekk det levert på døra, klarte eg å springe ut av leiligheten utan å ta med meg nøkkelen.
786Mannen frå Prima Fernsehdienst fekk vondt av det heile og lovte meg ein gratis TV.
787Huseigaren let seg ikkje få tak i, så eg lot den halvferdige middagen på komfyren for alltid forbli halvferdig (eg hadde heldigvis slått av plata før eg gjekk ut), og stakk på teater for å sjå
788«Fruen frå havet».
789Etterpå havna vi på ein veldig mørk og dekadent klubb der det var konsert som minna om det eg trur ein ville fått sett og høyre dersom Penthouse Playboys hadde døydd i ei lei ulykke med
790turnébussen, men nokre år seinare stått opp igjen for ein siste konsert.
791I dag ringte eg Schlüsseldienst, og det kom ein mann og som på eit brøkdels sekund dirka opp døra mi til 100€. Det er vel meininga at ein skal bli så glad for å kome inn si eiga dør, at ein
792ikkje skal tenkje på kva det kostar.
793Og, ja, eg blei glad.
794Og no er det musikk.
795Grasrotandelen
796Informasjon er avgjerande i arbeidet mot all kriminalitet.
797PST treng god og relevant informasjon både for å kunne gi trusselvurderingar og andre råd om tryggleik og for å kunne førebyggje og etterforske kriminalitet.
798I mange tilfelle må politiet unngå å fortelje offentleg kvar opplysningane våre kjem frå.
799Ei rekkje ulike føresegner, blant andre reglane om teieplikt, gir oss høve til å verne kjeldene våre.
800Kjeldevern er viktig av to årsaker: For det første må politiet hindre at dei som har gitt oss sensitive opplysningar, blir eksponerte.
801For det andre er det viktig å hindre at personar som er under mistanke, får innsikt i kva informasjon politiet sit med, før politiet er ferdig med arbeidet sitt.
802Informasjonsvern
803Sidan PST handsamar mykje gradert informasjon, har vi også føresegnene i tryggingslova å ta omsyn til i vurderinga av kva opplysningar som kan formidlast til utanforståande.
804Når vi får opplysningar som er graderte av andre (av ei utanlandsk tryggingsteneste), er det informasjonseigaren som avgjer om vi kan gi
805opplysningane vidare, og til kven.
806PST har derfor ikkje utan vidare høve til å formidle vidare opplysningar vi har fått frå andre.
807Handsaming av innhenta opplysningar
808Det er viktig å kvalitetssikre all informasjon vi hentar inn.
809Kvalitetssikringa går ut på både å vurdere kor truverdig kjelda er, og å samanlikne ulike opplysningar, supplere eventuelt mangelfull informasjon - og forkaste irrelevante og uriktige
810opplysningar.
811Denne sorteringsprosessen er svært viktig og må skje kontinuerleg fram til ei sak er avslutta.
812Ein del av den informasjonen vi treng, er opplysningar om bestemte personar.
813Når vi handsamar slik informasjon, er vi underlagde dei generelle reglane i personopplysningslova , som set klare vilkår for innhenting, oppbevaring og sletting av personopplysningar.
814Historiske handelsregister over til Riksarkivet
815Elisabeth Lind og Eva Mikalsen er klare til å pakke ned dei gamle handlsregistra for oversending til Arkivverket.
816No blir dei historiske handelsregistra overførde frå Brønnøysundregistra til Riksarkivet.
817Brønnøysundregistra har i samråd med Arkivverket avtalt at handelsregistra no skal flyttast til Arkivverket.
818Vi vil begynne å flytte det arkiverte materialet 1. september i år.
819Dette vil innebere at Brønnøysundregistra ikkje lenger kan tilby produkt frå handelsregistra.
820Arkivverket vil få ansvaret for å lagre arkivmaterialet om historisk næringsverksemd.
821Vi skal sende dette materialet til Statsarkivet i Trondheim, Hamar, Tromsø og Bergen.
822Arkivverket vil etter kvart tilby kopi av lagra dokument.
823Dei tidlegare handelsregistra inneheld opplysningar om føretak frå 1890 til 1988.
824Til saman var det 96 handelsregister som var plasserte på ulike stader i Noreg.
825Føretaksregisteret, som blei etablert 01.01. 1988, overtok registreringa av føretak i Noreg.
826I 1990 blei dokumenta frå alle handelsregistra overførde til Føretaksregisteret.
827Sidan overføringa har Brønnøysundregistra skaffa til vege dokument og stadfestingar frå arkivet.
828Det har vore mogeleg å bestille kopiar av stiftingsdokument, vedtekter og andre protokollar.
829I tillegg har vi laga stadfestingar som kunne innehalde opplysningar som:
830Roller, sletting med tilknytt årsak
831Kapitalforhøgingar og kapitalnedsetjingar
832Informasjonen har blitt brukt i samband med forsking, tingrettssaker og heimelsovergangar på eigedomar.
833Skal det gjerast endringar på kjøpet, som t.d fleire kort, eller færre kort enn det du hadde, så må du ta kontakt oss før du gjer bestillinga. (Ta kontakt med Geir Inge Heggestad via
834gih@sogndalfotball.no på telefon 48 00 61 62 på kvardagar (f. 16:00) eller ta turen forbi våre kontor på Fosshaugane Campus)
835No kan du gje din støtte til eit lokalt idrettslag Til neste års sesong er det innført eit prosjekt, som vil gje lokale idrettslag ekstra pengar i klubbkassen sin.
836Me ynskjer å gje vekk 300,- av kvart sesongkort som vert seld til ein av desse lokale idrettslaga som har valgt å vera med på prosjektet.
837Du bestemmer sjølv kven som skal få den andelen.
838Når du gjennomfører kjøpsprossesen får du spørsmål om du vil gje din støtte til ein av desse klubbane, eller om du ikkje vil gje til nokon av dei.
839Desse 300,- har ingen innverknad på prisen som du betalar på ditt sesongkort.
840Så om du vil gje din støtte eller ikkje, er heilt opp til deg.
841Bjørnulv såg storøygd på – Meiner du at… Asgaut lo litt. – Ja, eg meiner det. – Og du sa at han er ein av dei som står Hjorten nærast, stotra Bjørnulv.
842Asgaut såg fast på – Eg sa det, ja.
843Forresten har eg ikkje merka at Tore har gjeve deg nokon grunn til å meine at han ser ned på deg heller.
844Bjørnulv kjente at han raudna litt der han sat, og tenkte på det Tore hadde sagt til han med det første han var komen til – Det er ei anna sak, og.
845Det har vore låkt med øving i bogeskyting.
846Men etter det vesle eg har sett, trur eg ikkje at du skulle bli blant dei kleinaste der.
847Og eg kjenner meg viss på at når Bodvar kjem, så blir det mykje trening med bogen.
848Det er få i Hålogaland som kan måle seg med Bodvar når det gjeld bogeskyting.
849Bodvar var Kalv Kvite si rake motsetning på alle vis.
850Mørk var han, både i hår og hamlet, og dryg i måla, både ein og hin vegen.
851Og han var ikkje lenge heime på Borg før Bjørnulv forsto at han heller ikkje trong truge seg på kvinnfolka.
852Det kunne nesten verke som det snarare var motsett.
853Likevel såg det ikkje ut til at eit einaste kvinnfolk vart fornærma over ikkje å nå fram til han.
854Bodvar sin måte var slik at ingen kjente seg krenka.
855For Bjørnulv var det ein nesten umogleg tanke at denne mannen eingong hadde vore træl. – Så trygg på meg sjøl blir aldri eg, tenkte han meir enn ein gong.
856Nokre dagar Asgaut hadde snakka med Bjørnulv, var det ikkje Kalv Kvite, men Bodvar som møtte dei på treningsvollen.
857Bodvar sto breibeint og augefor gutane etter kvart som dei kom.
858Bjørnulv berre nikka og såg nedi marka. – Jammen, så stå ikkje der som ein træl.
859Sjå på meg når eg snakkar åt deg, gut.
860Utan at Bjørnulv heilt visst korleis det gjekk til, sto han brått framfor Bodvar med sverdet i handa. – Sjå der, ja, lo – Det er tak i deg lell.
861Men la oss no ikkje gå laus på kvarandre med sverdet.
862Det unner vi ikkje dei som no kjem. Bjørnulv høyrte bråket av dei andre gutane og skynda seg å stikke sverdet tilbake i slira.
863Bodvar stilla gutane opp på to rekker. – Slik står bogeskyttarane når det er alvor, sa han. – Men no er det berre øving.
864Og det første eg har å seie til dykk, er at de skal glømme alt de har lært om bogeskyting.
865Ingen av dykk har lært bogeskyting som duger i strid.
866Det de kan, er vanleg bondeskyting.
867Gaute tok eit steg fram og såg hardt på – Jada, Gaute Frodason, eg veit at du er son til ein hovding i ein av fjordane aust mot Ofoten.
868Likevel tar eg ikkje tilbake eit ord av det eg har sagt.
869I morgon vil du vite litt av kva eg meiner.
870Så var dei i gang.
871Ikkje med det dei trudde dei skulle gjere, men med å trene opp arm-, aksel-, og ryggmusklane.
872Bjørnulv var van med tungt slit, så han greidde dei fleste øvingane lett.
873Der var nokre bondesoner som og greidde seg bra, mens dei av høg byrd hadde større vanskar med å henge med.
874Morgonen etter såg Bjørnulv at det var vondt for Gaute å greie å løfte grautskeia til munnen.
875Då skytinga kom i gang for alvor, viste det seg snart at Bjørnulv spente bogen betre og skaut lenger enn dei andre gutane.
876Han råka ikkje så godt i byrjinga, men det betra seg raskt.
877Ein dag rakte Bodvar sin eigen boge til – Prøv denne du.
878Bogen til Bodvar var større og grovare enn Bjørnulv sin, og Bjørnulv stridde litt med å spenne den heilt ut.
879Han greidde det ikkje heilt, men han la likevel monaleg til den skottlengda han greidde med sin eigen boge.
880Bjørnulv leverte bogen tilbake til Bodvar med eit sukk. – Det tar visst ei tid enno før eg kan stå i skottlina saman med deg, Bodvar.
881Likevel kunne han ikkje la vere å smile litt over den uventa æra som var blitt vist han.
882Eit par dagar etterpå kom sjølvaste Hjorten ned til øvingsplassen.
883Han hadde med seg ein ny boge som han ga – Bodvar seier du treng denne.
884Du har vakse i frå den du til no har brukt, seier han.
885Du får skyte nokre skot med denne, så du ven deg til han.
886Seinare på dagen kjem eg tilbake.
887Då får du kappskyte med Bodvar og meg og vise kva kar du er.
888Bjørnulv vart ståande heilt klumsa.
889Kom seg ikkje til å seie eit ord.
890Tore lo litt. – Ordhage folk har eg nok av.
891Det er bogeskyttarar eg treng.
892Då Tore kom tilbake, syntes Bjørnulv at han hadde byrja få eit bra tak på den nye bogen.
893Likevel orda han litt tafatt frampå om at han ikkje var særleg lysten på å skjemme seg ut i ei tevling der han ikkje hadde noko å gjere, men Tore var ikkje til å snu.
894Først skulle dei skyte fem piler kvar.
895Dei skaut mot kvar sitt neverstykke.
896Den som var først ferdig og hadde råka best, var vinnaren.
897Asgaut skulle vere fremste domaren, dersom det var tvil.
898Bodvar vart først ferdig, og det viste seg at han hadde skote alle pilene sine gjennom neverstykket, i same holet.
899Berre ei av pilene til Tore hadde gått gjennom nevra, men dei andre fire sto godt samla kring holet.
900To av pilene til Bjørnulv hadde gått gjennom like ved sida av kvarandre.
901Dei tre siste sto nær inntil dei to hola. – Eg må døme Bjørnulv sist, sa Asgaut, – men eg trur Tore må legge seg i trening om han skal greie å halde på andreplassen her på garden over litt
902tid.
903Same rekkefølgja vart det i alle dei andre øvingane.
904Men når det gjaldt kven som kunne skyte lengst, så var det berre siste pila til Bjørnulv som avgjorde.
905Ho hadde nådd mykje kortare enn dei fire andre.
906Asgaut trudde det kunne vere noko galt med pila, og kravde omskyting, slik at Tore fekk siste pila til Bjørnulv og omvendt.
907Dei to pilene nådde akkurat like langt, så Asgaut vart nøydd til å døme Bjørnulv sist også denne gongen.
908Men Bjørnulv høyrde ikkje at nokon kalla han Bjore etter den dagen.
909Namnet var som eit vårsøg i hugen hans.
910Gyda Skaftadotter på Li.
911Han visste at ho aldri kunne bli anna enn eit søtt sår i hugen hans.
912På Li hadde det sete fribårne odelsbønder i alle ættleder i manns minne.
913Så dotra på Li var esla til noko betre enn ein løysing frå ein fjern fjord.
914At ætta til Bjørnulv ein gong hadde vore hovdingar, gjorde ikkje saka betre.
915Ei ætt som hadde tedd seg slik at dei hadde fått gudane sin vilje imot seg, måtte det vere noko grunnleggjande galt med.
916Men det smilet ho hadde sendt han sist ho og foreldra gjesta på Borg, det vart nok ikkje lett å glømme.
917Og ho hadde snakka til han. – Eg høyrer det er du som tevlar i bogeskyting, hadde ho kviskra til han då ho strauk forbi saman med dei to døtrene hans Tore.
918Det var ein av desse klåre og gjennomsiktige haustdagane, omlag ei veke før vintertid.
919Frosten hadde enno ikkje vore på gjesting, men han kjente det gufsa litt kaldvore ned frå Gullringhamran.
920Bjørka hadde kledd seg i gult, men bar for det meste enno lauvet sitt.
921Dirringa i ospelauvet var det slutt med for denne gongen.
922Som vanleg var ho den første til å kle av seg lauvprakten.
923Dei raude rogneblada var blitt brunare dei siste dagane, og hadde og tatt til å falle.
924Berre ei og anna selje sto enno trassig og grøn innimellom aka den gule og raude fargeprakten.
925Han fall i tankar om korfor ikkje alt dette raude i naturen kunne brukast til farging av ty. Harmeleg at både raudt og blått fargestoff som vara måtte kjøpast for så dyre pengar frå framande
926land at berre dei rikaste stormennene hadde råd til slikt.
927Då merka han at han ei tid hadde sete og sett på nettopp ei av dei fargene som berre storfolk kunne ha.
928Det innslaget av blått som han hadde festa auga på, høyrde til i eit belte kring ein stakk.
929Inni stakken var det ei kvinne eller ei jente som gjekk der å bøygde seg over tuvene.
930Stakken gjekk elles så i eitt med fargene i naturen at det hadde vore vanskeleg å få auge på ho.
931Nyfiken rusla han nedetter mot kvinnemennesket som gjekk der krumbøygd over tuvene.
932Tyttebæra skulle vel alle ha fått i hus no..
933Han såg på det lyse håret som flomma laust over akslene at det var ei ugift jente.
934Ho høyrde visst stega hans i lyngen, og retta seg kvasst opp for å sjå kva det var som kom.
935Fortumla stoppa han. – Gyda! – Nei, er det du som fer slik og skremmer jenter i marka, lo ho. – Ja, nei, det var no ikkje nettopp det… Eg meiner… Han stotra og stamma og kjente at han vart
936raud.
937Forargeleg at han skulle bli så raud og ikkje finne på noko å seie til den vakre jenta. – Du undrar vel på kva eg fer her og grev etter i marka på denne tida?
938Ho hadde såvisst ikkje vanskar med å finne orda. – Ho mormor fann ut at ho hadde for lite tranebær til eit av dei mange remedia sine.
939Og så ba ho meg om å gå opp i marka for å sjå om eg kunne finne nokre.
940Men det er visst blitt for seint.
941Du ser eg har ikkje mykje å bere heim til ho.
942Ho synte fram neverkoppen sin, og han såg at dei små, raude bæra dekte botnen. – Tranebæra er ikkje lette å finne tidlegare på året heller, fekk han seg til å seie, og angra med det same.
943Der røpa han trælen i seg igjen.
944Frie karar for ikkje i marka og leita bær.
945Trælgutar, derimot, dei kunne brukast til slikt og.
946Men ho berre lo, og han høyrde at det ikkje var nokon vond latter. – Det har du jammen rett i . Ikkje er det mykje av dei, og ikkje er dei lett å finne, dei som er heller.
947Men no må eg visst sjå til å komme meg heim.
948Du får følge meg bort til ho mormor, når du no først er her.
949Eg kjenner meg ikkje trygg på at bjørnen har gått i hi enno, så lite lauv som det har falle. – Er det mykje bjørn her? – Nei, mykje er det ikkje.
950Men dei fortel at ei ku vart slegen av bjørn tidlegare på hausten.
951Far snakkar om å få med seg folk og gje seg på bjørneveiding.
952Men det blir som oftast ikkje med meir enn snakket med han. når det gjeld veiding.
953Dei gjekk tause ved sida av kvarandre nedetter lia.
954Ho veifta litt med neverkoppen sin. – Forsiktig så du ikkje tømer ut dei bæra du har funne, kunne han ikkje la vere å formane. – Eg veit alt om deg, sa ho. – Å, sa han. – Det blir snakka
955om deg. – Å? – Ja.
956Det vart kleint med venskap mellom dei to brørne, fortalde dei gamle.
957Men seinare fann dei to folka tilbake til venskapen, og hadde mykje med kvarandre å gjere.
958Det hende og at det vart giftemål mellom dei.
959Då eg vart fødd, i høveleg tid Bjørnulv, farfar din var fødd, avtalte fedrane våre at vi to skulle ha kvarandre.
960Vi møttest, farfar din og eg, og kom til å synest godt om kvarandre.
961Men det gjekk stadig meir attover med ætta di, og ein dag kom farfar din til far min og sa at han ikkje lenger makta stå ved den avtalen far min og far hans hadde vorte samde om.
962For meg var det ein tung dag.
963Det var det for han og, veit eg. . Men for far min var det nok ei lette.
964Han skynda seg å gje meg bort til ein stormann aust i Tjeldsundet.
965Eg var tolleg vakker, den gongen.
966Og medgifta mi var slik at det ikkje var vanskeleg å bli av med meg for far min. – Men korfor sit du her no, i denne gammen, du som vart gift med ein stormann i Tjeldsundet? – Eg fekk det aldri
967godt, der i Tjeldsundet.
968Mannen min gjorde det snart klart for meg at det var medgifta mi, og ikkje meg han var interessert i . Han dengte meg mykje når han syntes at eg ikkje heldt mål som husfrue på ein storgard.
969Og han tok meg berre når han var så full at han mest ikkje makta noko.
970Elles heldt han seg til frillene sine.
971Likevel fekk eg ei dotter, mor til Gyda.
972Då han såg at det var ei dotter eg fekk, knesette han ein av frillesonane sine og gjorde han til odelsgut på garden.
973Eg fann meg i alt, heilt til han ein dag dengte meg i påsyn av folka sine.
974Då sendte eg gann mot han.
975Etter den dagen kom han seg aldri ut av koven sin.
976Heller ikkje var han kar for å ha friller hos seg, der i koven.
977Etter det vart alle redde for meg.
978Han greidde snart å vende Tyra, dotter mi, imot meg.
979Ho torde vel ikkje anna.
980Ho vart ikkje mindre dengt, ho enn eg hadde vorte.
981Kom tilbake når du har høve og kjenner at det er rett.
982Då kan det vel hende du møter Gyda, eller får sjå ho.
983Året sleit seg fram mot midtvintersblot.
984Det var som om vinteren ikkje greidde å feste grepet om landet.
985Det hende at det snødde såpass at lendet vart kvitt, men straks snudde veret seg og hølja snøen vekk med sterke stormnevar frå sørvest.
986Mørket låg som ein våt skinnfell over landet.
987Folk sturte og vart ilskne.
988Likare vart det ikkje Tore Hjort sjøl sigla aust i Vågar til garden sin der, for å sjå alt gjekk som det skulle med førebuinga til midtvintersblotet.
989Til sist måtte Asgaut lyse ut at den som først greip til våpen ville bli hengt på galgebakken, og den som først tok til knyttnevane ville bli slengt bunden i ei utløe i to døgn.
990Ingen var i tvil om at Asgaut ville stå ved det han sa, så det roa seg etter det.
991Det vart betre Kalv Kvite ba seg fri frå tenesta hos Tore Hjort og flytta over i garden til Skafte på Li.
992Blant mennene vart det snakka ein del om denne flyttinga til Kalv, og om korfor Tore hadde vore så villig til å la han gå.
993Ein slik sverdkjempar var det underleg at Tore ikkje gjorde meir for å halde på, var det nokre som meinte.
994Andre sa seg glade for at Kalv var flytta til Li, og dei trudde nok at Tore og var glad for det. – Rett nok er han god med sverdet, Kalv, var det ein som sa. – Men Tore har kan hende sett korleis
995Kalv såg på døtrene hans.
996Og berre nornene kva ein mann som Kalv er villig til å gjere for å få det han trår etter. – Ja, flein ein annan, – Kalv skrytte av at Skafte hadde lova han at han kunne bruke kjerringa til
997Skafte det han ville, om han berre flytta til Li.
998Men det trur eg nok at etter ei tid så blir nok ikkje mora.
999Då er det nok dottera på garden, den lyse og fagre Gyda som må.
1000Då greidde ikkje Bjørnulv sitte der lenger.
1001Han var ute av døra før han visste av seg, og hadde gått eit godt stykke før han merka at han var på veg til Ranveig.
1002Han stoppa litt opp og kjente etter.
1003Var det rett av han å gå til Ranveig i dag?
1004Han kjente seg ikkje sikker på at han var bodsendt.
1005Han kjente det heller ikkje som om han ikkje var ønska.
1006Men han visste at han måtte snakke med Ranveig.
1007Ho som kunne så mykje måtte då kunne gjere noko slik at Gyda ikkje fall i Kalv Kvite sine klør.
1008Då han kom fram til den vesle stova til Ranveig drøyde han litt.
1009Det var noko som butta imot, kjente han.
1010Han skaut seg attom ei diger rogn, og skotta døra.
1011Dei nakne greinene på rogna tok ikkje mykje av for regnet som sila og draup, draup og sila.
1012Einskilde bær hang enno på nokre av greinene.
1013Dei var svarte mot det svinnande lyset.
1014Døra i Ranveigstova gjekk opp.
1015Ein svær mannsskapning krøkte seg ut.
1016Bjørnulv klemte seg nærare inntil rogna.
1017Dette var noko han ikkje skulle ha sett.
1018Men han kunne likevel ikkje la vere.
1019Den høge og breie mannen såg seg fort ikring før han skynda seg bortetter stigen.
1020Bjørnulv såg ikkje beint på han.
1021Visste at det fanst folk som kunne merke det om nokon såg beint på dei.
1022Likevel var det uråd å ikkje kjenne igjen mannen då han for framom rogna.
1023Bjørnulv kjente ein sting i bringa med det same.
1024Bodvar!
1025Kva kunne vel han ha for ærend hos Ranveig?
1026Enno ei god tid sto Bjørnulv kurande still.
1027Det var nok best han ga Bodvar eit godt forsprang, før han sjøl tok til å vandre heimvegen mot Borg.
1028Då gjekk døra opp igjen, og Ranveig sto der i det bleike lyset frå stueelden. – Bjørnulv, kalla ho lågt. – Berre kom fram.
1029Eg veit du er der.
1030Han sto heilt stille. – Kom no. Eg ville du skulle komme, endå om eg ikkje hadde tenkt å kalle på deg før litt seinare.
1031Då seig han sakte fram frå skyggen attom rogna og stiltra seg inn i Ranveigstova.
1032Ho sessa han på pallen og stakk eit horn med varmt øl i handa hans.
1033Ho såg grunnande på han då ho flidde han hornet.
1034Så snudde ho seg mot åren og tok seg god tid med å rote i varmen og legge nye bjørkekubbar på elden. – Dette har ikkje hendt før, Bjørnulv, snudde ho seg mot han, – at nokon har kome før
1035eg kalla på han.
1036Det må ha hendt noko omframt der bortpå Borg.
1037Då rann dei ut av han, alle orda om korfor han hadde sprunge frå Borg til ho, til Ranveig, den einaste han trudde kunne gjere noko vettugt med det som hadde vorte sagt.
1038Men først, Bjørnulv, berre dette: Du såg noko nyss som det ikkje var meininga at du skulle sjå.
1039Då er det nok best at eg fortel deg litt om det. – Meiner du at Bodvar..? – Ja.
1040Lurer du ikkje på korfor han var her? – Jau, men eg… Ho lo litt.
1041Raka enno ein gong i elden. – Du er ein underleg ein, du Bjørnulv.
1042Du liknar farfar din.
1043Du har styrken hans.
1044Men du har noko meir.
1045Eg veit ikkje kva det er.
1046Derfor fortel eg deg det eg no skal fortelle.
1047Eg ville aldri ha fortalt det til nokon. – Om Bodvar? – Ja, om Bodvar.
1048Du trur vel at Bodvar er ein lykkeleg mann? – Korfor skulle han ikkje vere det? – Så svar meg då på korfor han skulle vere lykkeleg. – Han har vore træl.
1049No er han ein høgt vørd mann hos sjølvaste Tore Hjort.
1050Kvinnene… Eg meiner… Dei… Det ser ut som om… som om dei ikkje har noko imot å sleppe han innåt seg.
1051Bjørnulv kjente korleis den ufordragelege raudna flamma over ansiktet hans igjen, slik det støtt gjorde når han skulle snakke om kvinner og kjensler.
1052Han håpa at Ranveig ikkje merka det i dette lyset.
1053Elles såg ho mest inn i elden på åren i alle fall. – Er ikkje du og bra vørd hos Tore Hjort, Bjørnulv? – Eg skal ikkje klage.
1054Bjørnulv visste ikkje.
1055Kanskje kom det frå alle tre samtidig.
1056Frøya smilte.
1057Jenta sokk på golvet.
1058Asgaut stelte med broka si, og sto igjen alvorsam ved sida av Tore og Bodvar.
1059Tausa låg enno ei lita tid på golvet framfor Frøya.
1060Så reiste ho seg.
1061Bøygde seg igjen og kyssa føtene til Frøya før ho sakte drog hestelemmet ut.
1062Det såg ut som det hadde krympa, hang liksom slapt over hendene hennar der ho bar det fram til Asta som sto der med eine enden av linkledet i hendene sine.
1063Saman linna dei to kvinnene lemmet inn i linkledet og la det på pallen framfor Frøya mens dei song til Siv si tromme: Urmor, urdis, vanevette håløygdis frå urolds tid mannelem deg lite mettar
1064heilaghesten må deg ri Gje oss år som tidleg blømer Gje oss frost som varmen rømer Gje oss frævnad Gje oss mette Gje oss soner Gje oss døtre Gje oss bløming Gje oss liv
1065Den nakne tausa gjekk igjen bort til Asgaut.
1066Knela framfor han.
1067Hovud og hender kvarv under kufta hans.
1068Snart tok broka til å sige nedover låra hans.
1069Då pila ei trælkvinne med nedslått blikk og eit stort fange høy fram mot gudepallen.
1070Ho kasta frå seg høyfanget og breidde det utover på golvet framfor pallen.
1071Så kraup ho eldande snøgt mot utgangen og vart borte.
1072Asgaut førte jenta bort til høybrea, la ho ned og låg med ho der, lenge.
1073Etterpå sette han ho opp på pallen framfor Frøya og skvetta rikeleg med blotblod frå bollen både på ho og Frøya, før han la den blå kappa kring ho igjen.
1074Tromma auka i styrke og to nye blottauser kom inn, begge i skarlaksraude kapper.
1075Den eine bar eit okselem for Torgerd Holgabrud, den andre eit bukkelem for Irpa, dei to mektige ættedisene for Håløygætta.
1076Alt gjentok seg med desse to som med den første, berre det at no var det Tore og Bodvar som para seg med dei to blottausene, Tore Torgerd-tausa og Bodvar Irpa-tausa.
1077Igjen gjekk det eit sjo igjennom folkemengda.
1078Bjørnulv kika bortpå Gaute, men denne berre kneip munnen saman og rynka forvirra på augebryna.
1079Dei neste to tausene var tomhendte og bar blå kapper på akslene.
1080Til Siv sitt trommespel dansa dei ein vill dans framfor Frøy og Njord, så kappene sto som vindspente segl kring dei.
1081Då tromma stoppa, kasta dei seg på gruv framfor kvar sin gud.
1082Då var Asgaut og Bodvar der, også dei heilt nakne no. Dei reiste opp kvar si jente og tok kappa av ho.
1083Dei hjelpte jente med feitt frå blotgrytene oppi to blotbollar.
1084Med denne blandinga av feitt og blod tok jentene til å gni inn det ovstore og stive lemmet til kvar sin gud.
1085Mens jentene gnidde inn gudelemmane sto Asgaut og Bodvar bak kvar si jente.
1086Men dei trengte ikkje inn i dei, dei berre sto der med mannslemmet mellom låra på jenta, og strauk ho over lender og lår.
1087Då slo Siv brått ein skarp kvervel på tromma og dei to karane smaug seg rundt tausa dei heldt på med, sette seg på pallen, Asgaut framfor Njord, Bodvar framfor Frøy.
1088Med eit godt tak kring hoftene drog dei jenta ned i fanget åt seg og trengte inn i ho.
1089Etterpå vart munnane til gudane smurde inn med rikelege mengder av blod og feittblandinga før jentene kyste dei.
1090Så kyste Asgaut og Bodvar kvar si jente.
1091Igjen låg trommelyden der, låg og djup.
1092Det rykte i Tore.
1093Det var som han meir drogest enn gjekk fram mot Odin på pallen.
1094Då var Asgaut, Bodvar og dei to tausene kring han, alle framleis nakne.
1095Tore stoppa heit framme ved pallen framfor Odin og rekte hendene i veret.
1096Raskt kledde dei to jentene av han.
1097Ikkje før var han naken, så var Asgaut og Bodvar der og batt hendene hans.
1098Spyda lynte i skinet frå langelden.
1099Blodet pipla frå risp i bringe og rygg.
1100Tore svinga lett i reipet mens han kvad: Allfar, Åsherre einherjers herse Valhallahovding hangagud.
1101Einøygd og allvis hang du på treet såra av geirodd ved Mimes brønn.
1102Frå kvar si side fanga Asgaut og Bodvar opp i blotbollen dei bloddråpane som pipla frå hovdingen før dei fira han ned og løyste han.
1103Imens hadde Asta igjen løfta kappene av Frøya-, Holgabrud- og Irpa-tausene.
1104Saman ga dei seks seg til å smøre inn Odin frå topp til tå frå dei blotbollane der hovdingblodet var, mens Tore kvad: Sigfar, Allfar kvinnekjær kåtgud tak imot blotet for árs og frid.
1105Signe den sæden som gytes i hovet.
1106Styrk slik dei eiga, Allfar si ætt.
1107Tene deg skal dei disene gode: Frøya den sprengkåte Irpa den fagre Torgjerd den fryktlause Holgabrud.
1108Enno ein gong para dei tre karane seg med kvar si taus, den same som dei hadde lege med tidlegare.
1109No strøymde tenestetausene og trælkvinnene inn i hallen.
1110Nokre sette opp langbord på begge sider av langelden, andre bar inn dampande blotmat, mjød og øl i kanner og bollar.
1111I høgsetet sat hovdingeparet.
1112Til høgre for hovdingen, sat gydja Siv, mor hans.
1113Ho hadde Bodvar attmed seg.
1114Nærast høgsetet på andre sida sat Asgaut.
1115Så følgde dei gjævaste bøndene og konene deira nedetter bordet.
1116Gaute og Bjørnulv sat begge ved nedre halvdel av bordet, men langt framme mellom hirdmennene.
1117Folk åt og drakk av det som var sett fram, men praten ville ikkje komme i gang.
1118Berre smatting og eit og anna ølrapet høyrdest kring bordet.
1119Tore tok til å rynke bryna.
1120Til sist sa han: – Nåh, gode grannar og gardsfolk, korfor er de så tause?
1121Tykte de ikkje om blotet?
1122Ein bonde som heitte Torgils svara: – Det var eit omframt blot, hovding.
1123Men strekk ikkje vørdnaden min for langt.
1124Eg trur det er tid for både deg og Asta å leite opp sovepallen no. – Akt deg du, Tore husbonden min, så ikkje folk tar til å kalle deg for løysingsmåg.
1125To løysingar i hirden din er kan hende minst ein for mykje.
1126Blir ein av dei måg, blir det kan hende heile ætta utskjemt, fræste Asta.
1127Tore greip ho i armen og klemde åt så hardt han makta.
1128Ho greidde ikkje å halde tilbake eit siste stønn av smerte, men heldt fram som om ingenting var hendt. – Jaudå, Bodvar, du tedde deg mannleg mot blottausene før i dag.
1129Tromma til vermor mi verkar slik på menn.
1130Til trommelåten makta Skafte på Li å vere mann førre året.
1131Vis oss no at du maktar vere kar mot dei to blottausene dine utan tromma, så veit eg at dotter mi ikkje blir liggande karlaus og barnlaus i sovefellane.
1132Kanhende viser det seg at du har to til å avle gutar.
1133Det er det ikkje alle som har.
1134Kinnhesten Tore ga ho dreiv ho ut av høgsetet.
1135Han samla ho opp frå golvet, kasta ho over aksla og kviskra til Asgaut idet han for forbi: – Få mor mi til sovefellen.
1136Gjer det du må for å få ho dit, men skad ho ikkje.
1137Det vart seinare kviskra om at den kvelden høyrdest det sår jammer og ynk frå buret der sjølfolket heldt til.
1138Asta viste seg ikkje for folk fleire dagar etterpå.
1139Asgaut gjekk og sette seg ved sida av Siv.
1140Han snakka lågt med ho og fekk ho til å drikke djupt og ofte av ølbollen.
1141Snart seig ho ned frå benken, og Asgaut bar ho til det buret der ho heldt til.
1142Ei terne sørga for å få ho under fellen.
1143Asgaut og Tore råktest ute på tunet.
1144Tore var samanbiten og stram i åsynet, Asgaut berre gliste.
1145Han dunka Tore i ryggen og lo. – Jaja, hovding min, kaute kvinner kan titt vere verre enn våpenføre menn.
1146Godt vi kan tukte dei med muskelkrafta vår, når det er naudsynt.
1147Odin korleis verda elles vil sjå ut.
1148Og hugs no det, Tore, at du er ikkje den første som har måtta tukte ei tungekåt husfrue.
1149Far din var ein godlynt mann, men det var ikkje fritt for at Siv fekk smake svolken når kautskapen og tunga bar av med ho.
1150Då Tore og Asgaut kom inn i hovet igjen var det ingen kvinnehop nede ved døra lenger.
1151Mennene hadde henta dei.
1152Det klaska og surkla kringom på pallar og golv, der mennene tok ut kåtskapen sin.
1153Nokre av kvinnene skreik i kåtskap, ein kåtskap som ikkje var mindre enn mennene sin.
1154Andre skreik i redsle og smerte der mennene for fram.
1155Dei fem blottausene hadde samla seg kring Bodvar som kvinnelause menn kasta ilskne blikk mot.
1156Men ingen våga nærme seg blottausene som Tore hadde fredlyst.
1157Det jamna seg ut med talet på kvinner og menn, ettersom mennene spydde og sovna kringom på pallane og på golvet.
1158Visste og at hallen var fredlyst, og at Tore hadde gjeve mennene lov til å ta for seg av kvinnene som vart bydd på blotkvelden.
1159Brått sat Bjørnulv der med ei ung jente i fanget sitt.
1160Ho kasta armane kring halsen hans og hulka: – Berg meg frå han der.
1161Han har alt skamfare to kvinner og no er han etter meg.
1162Bjørnulv såg ein stor brande av ein mann som kom vaklande mot dei.
1163Han kjente han att som ein av dei største sverdkjemparane i hirden.
1164Mannen greip jenta i armen og røska ho mot seg.
1165Bjørnulv heldt att som best han kunne.
1166Dei sleit i kvar sin arm på jenta.
1167Bjørnulv var redd for at dei skulle slite ho sund.
1168Han prøvde å gjere stemmen sin fast og bestemt då han sa: – Denne jenta er med meg.
1169Du får finne deg ei anna.
1170Det var som han hadde venta, håplaust.
1171Mannen remja noko uforståande og sleit hardare i jenta.
1172Bjørnulv visste ikkje kva han skulle gjere.
1173Hallen var fredlyst, det hadde hovdingen sjøl slått fast tidlegare på kvelden.
1174Så kom han på at det berre galdt for våpen.
1175Muskelmakt var det ingen som hadde sagt noko om.
1176Igjen sleit dei begge i jenta, til mannen med blodskotne auga slo etter Bjørnulv.
1177Då slapp han brått.
1178Skorten på motstand fekk mannen i ubalanse og i kne, men han slapp ikkje taket i jenta.
1179Sakte sjangla han seg på beina att, med eit fast tak i jenta.
1180Då langa Bjørnulv ut eit spark.
1181Han sparka så hardt som han makta og råka mannen i skrittet.
1182Mannen sette i eit gaul, krøkte seg, remja ein gong til, spydde og slokna.
1183Då kjente Bjørnulv ein mektig neve i nakken som snudde han rundt.
1184Bjørnulv sokk saman i knea, klar til å møte den nye fienden.
1185Det var Asgaut som sto der og lo. – Eg trur ikkje du treng ottast, Bjørnulv, sa han. – I morgon vil han neppe minnast kva det var som råka han.
1186Visst vil han kjenne at han er øm i skrevet, men det vil han nok tru kjem av han har vore svært til kar med kvinnene.
1187Ta no jenta med deg og gå.
1188Eg har andre saker å ta meg av enn å vakte på dine kvinnesaker. – Eg har ikkje.., byrja Bjørnulv heller arg.
1189Asgaut berre la handa si over munnen hans, smilte og var borte. – Ta meg med, kviskra jenta. – Berg meg, det er fleire som han her i hallen.
1190Ho peika ned på mannen på golvet. – Jamen eg, byrja Bjørnulv, men kom ikkje lenger, for no var det jenta som la handa si over munnen hans. – Du er kjær i ei anna, eg veit det.
1191Du veit ikkje kor du skal ta meg hen.
1192Men eg veit.
1193La oss stikke ned til Fåne sitt hus nede i Borgfjæra.
1194Trælen hans har nok sytt for at det er varmt og godt der.
1195Og Fåne sjøl, han slokna for ei god stund sidan.
1196Kjenner eg han rett, og det gjer eg nok, så kjem ikkje han til å ta på heimveg før den siste blotgjesten har reist frå Borg.
1197Blir du med meg kan eg hjelpe deg til å få den du er kjær i .
1198Bjørnulv såg storøygd på jenta og følgte ho.
1199Jenta hadde rett.
1200Trælen Koll hadde hatt vett nok til å gjere det godt for seg mens herren var borte.
1201Han låg og snorksov innved åren der store bjørkekubbar og torv flamma.
1202Den nesten tomme ølbollen hadde han ståande attmed seg.
1203Bjørnulv såg storøygd på mannen. – Korleis kan ein træl våge å ta seg slik?
1204Hadde noko slikt skjedd på Fjell, så hadde det stått om livet hans. måtte han ha rekna med å bli slått omlag helselaus.
1205Han var nøye med å måle kor høgt ølet stod i tynna om han nokon gong reiste frå garden, bonden på – Åja, du veit, det er med bønder som med anna folk, lo jenta, – dei er ulike.
1206Og med Fåne og Koll er det slik at ein ikkje veit heilt kven som er herren i huset.
1207Dei har budd toeine saman i eit utal vintrar og er som eit gammalt ektepar å rekne.
1208Bjørnulv såg stort på ho. – Meiner du at..?
1209Ho lo igjen. – Nei, det meiner eg ikkje.
1210Eg sa «eit gammalt ektepar» og som du kanskje veit så brukar ikkje gamle ektepar koven til stort anna enn å sove i . Ikkje det at eg trur Fåne og Koll deler sovekove.
1211Slik er det nok likt med andre gardar at trælen deler soveplass med dyra.
1212Ulikt er det at ekte-sovekoven står tom. – Men Fåne, då, undra – Kor søv han? – Han søv på pallen.
1213Jenta peika mot nokre fellar på pallen langs eine langveggen. – Du verkar kjent her i huset. – Ja, eg har vore her nokre gongar. – Med andre gutar etter blotfesten? – Møy er eg ikkje, men
1214møydomen min for ikkje her i huset.
1215Den var det Tore Hjort som tok for nokre vintrar sidan. – Tore Hjort? – Ja.
1216Eg var blotmøy då.
1217Men eg har vore her saman med far min nokre gonger.
1218Men eg likar ikkje å vere saman med menn slik at alle ser det.
1219Tore tok meg, som blotmøy, har eg alltid ønska å vere aleine med den karen eg har valt.
1220Og eg vil velge sjøl. – Og har du valt meg? – I kveld har eg valt deg. – Og eg veit ikkje eingong kva du heiter. – Veit eg kva du heiter?
1221I skålen vart du kalla Bjore Løysing, Bjørnulv Løysing, Bjørnulv Steinbjørnsson.
1222Kva skal eg kalle deg? – Sjøl kallar eg meg Bjørnulv Steinbjørnsson.
1223Du må finne ut kva du vil kalle meg.
1224Ho lo og klappa han på kinnet.
1225I hardaste laget til at det kunne kallast kjærleg. – I morgon tidleg veit eg meir om kva eg vil kalle deg. – Kan du ikkje fortelle meg korfor Fåne ikkje brukar den oppreidde ektekoven? – Fordi
1226han framleis ventar på – Og kven er Disa? – Ho var frå Ullstad, som eg. Eg heiter forresten Ullfrid Hauksdotter, berre så du veit det.
1227Disa og Fåne, dei var kjære i kvarandre.
1228Ein vinterdag for omlag førti vintrar sidan, gjekk ho frå Ullstad for å vitje Fåne.
1229Det var ein strålande vakker dag, men ein av dei vinterdagane som ikkje er til å lite på.
1230Dei såg ho gjekk forbi Mærvold.
1231Like etter tok det til å blåse opp.
1232Det var det siste nokon såg til ho.
1233Men dei fann ikkje restar etter ho.
1234Ikkje eit bein, ikkje eit hårstrå. – Korleis kunne det ha seg?
1235Leita dei skikkeleg? – Dei leita så godt det gjekk an.
1236Det vart snakka om at ho måtte vere haugtatt.
1237Derfor ventar Fåne framleis på ho med ferdig oppreidd sovekove med mjuke fellar og dundyner og linlaken i . Den dagen ho kjem skal han ikkje trenge skjemmast over gamle og brukte og lusete fellar i
1238koven. – Er det til den koven du har tenkt å ta meg? – Nei, den skal stå ubrukt for Disa.
1239Men som skikken er, så finst det også her i huset ein kove på andre langsida, ein kove for ungfolket eller gamlefolket, alt etter korleis det høver seg.
1240Dit har eg tenkt å ta deg. – Men enn om Koll vaknar og ser oss.
1241Kva gjer han då? – Du ottast for mykje, Bjørnulv.
1242Sei meg, veit du ingenting om blotskikkane her i landet? – Det spørst kva kant du ser det frå.
1243Det eg veit om blotskikkane er trælen sin angst for å bli kalla inn i blotskålen for å vere eit av offerdyra ved blotet.
1244Du veit vel at eg er vaksen opp som træl? – Nei, men du vart kalla løysing, så… Men kom no..
1245Fort var ho borte ved åren og tente ei spik som ho brukte til å tenne ei lampe inne i koven.
1246Spika for som ei lyspil tilbake i åren der ho flamma brått opp og var kol.
1247Eit lite augeblikk vart han nesten blenda av ein kvit serk då stakken vart borte.
1248Så var serken og borte, og ho var berre eit mørkt omriss mot det veike lysskinet frå koven.
1249Sjøl kom han seg ikkje til med noko anna enn berre å bli ståande der, med armane hengande rett ned langs sida.
1250Så merka han at ho kom mot han.
1251Omrisset vaks.
1252Det vart hår og lukter og hender som plukka av han plagg for plagg.
1253Til slutt sto han der med sko og hoser og ei brok i tull kring beina og kunne ikkje ta eit steg. – Stø deg på meg og løft det venstre beinet, kviskra ho.
1254Han høyrte det var latter i stemmen.
1255Han ville tenke på Gyda.
1256Tenke på at Ullfrid hadde sagt at ho ville hjelpe han til å få Gyda.
1257Men kom seg ikkje til med anna enn å gjere som ho sa.
1258Veiva berre utan mål og meining borti håret hennar mens ho fekk det siste beinet hans fri frå kleda.
1259Så drog ho han inn i koven og lærte han og lærte han og lærte han.
1260Lærte han kor mjuke kvinner kan vere, kor glatte dei kan vere og kor krevande og sterke dei kan vere, og kor uendeleg tålmodige dei kan vere mot den som dei trur vil dei vel.
1261Med det same Bjørnulv vakna forsto han først ingenting.
1262Her var fellar så mjuke som Frøyas hår.
1263Her var puter fylte med dun, her var teppe av dun.
1264Var han fallen og kommen til Sessrymme, til Frøyas eigen sal?
1265Men han hadde då ikkje vore i nokon strid?
1266Så høyrte han ein latter, såg eit mørkhåra hovud med dansande mørke auga kikke på seg, og hugsa og smilte. – Eg trudde ikkje det var vanleg oppå Borg at huskarane låg og drog seg til langt
1267på dagen.
1268Sett deg på pallen, fyll hornet ditt og drikk.
1269Koll let seg ikkje be to gonger.
1270Han hiva seg ned på pallen, demla hornet sitt i ølbollen og drakk.
1271Fåne sat der og smatta litt.
1272Sette det frå seg.
1273Løfta det igjen. – Jaja, grynta han, – la oss no drikke for eitkvart.
1274La oss drikke for godt år og disene sin miskunn over hovdingen oppå haugen.
1275Han kan trenge det, der han sit med berre to døtre og ei ilsk kjerring.
1276Han løfta hornet og drakk.
1277Dei andre følgde han. – Jaja, Ullfrid, hikra Fåne etter ei tid. – Her sit du i berre serken saman med tre karar, den eine i berre skjorta.
1278Og Koll, han eg om mogleg endå snillare enn du er. – Koll, snøste gubben, – lit du på den svartiren, så er du endå dummare enn eg nokon gong har trudd at du var.
1279Ho bøygde seg bort og strauk Koll over skjegget.
1280La seg over fanget til Fåne og kyste Koll på nasen. – Ja, Fåne, Koll lit eg på.
1281Og det gjer jo du og.
1282Ho kitla Fåne ertande med veslefingeren i øyret.
1283Bjørnulv sat der med store auge og visste ikkje kva han skulle tru.
1284Ullfrid hadde då sagt at Koll var trælen til Fåne.
1285Og her sat Koll attmed dei og drakk av same ølbollen og vart kyst på nasen av Ullfrid.
1286Han høyrte at Koll vart utskjelt av Fåne.
1287Likevel behandla Fåne Koll som ein likemann når han sessa han på pallen og baud han øl av den same bollen som han sjøl drakk av. – Du seier ikkje stort?
1288Det gjekk ei tid før Bjørnulv oppdaga at det var han Fåne snakka til. – Nei, eg er ikkje…eg har aldri…eg veit ikkje…eg forstår ikkje…det er… – Koll, du har fortalt meg tidlegare at
1289du er den vettugaste av oss.
1290Kan du seie meg kva denne unge mannen meiner? – Ja, herre, det trur eg nok at eg kan.
1291Men det er vel såpass enkelt at også du skulle kunne svare på det.
1292Bjørnulv høyrte spotten i stemmen til trælen, og venta på slaget som aldri kom.
1293Fåne svara berre: – Det er mogleg det, træl, men når eg spør deg om noko, så ventar eg eit svar som alle kan forstå.
1294Koll tok ein djup sup av drikkehornet sitt.
1295Så løfta han det ein gong til og såg forundra på det.
1296Han skar grimasar og rista hornet.
1297Snudde det, men det kom ikkje ein drope ut.
1298Så nikka han forståande mot drikkehornet, dyppa det igjen i ølbollen og fylte det.
1299Drakk, men ikkje så djupt denne gongen.
1300Han sette hornet på bordet, la skalleskinnet i djuptenkte faldar, rista på hovudet, såg på Fåne og sa: – – Tja?
1301Kva i alle åsynjers namn meiner du med det?
1302Tja, er det eit svar?
1303Fåne kava seg opp og laut også fylle drikkehornet før han fall til ro igjen. – No får du gje meg eit skikkeleg svar, din gudsforaktar, din kraumkall, din åtseletar, din, din … – Ja,
1304sjølsagt, herre.
1305Visst skal eg gje deg eit svar.
1306Eg trur denne unge mannen synest det er rart at trælen din sit til bords med deg, og at ein fri mann kan tole så mykje av ein træl.
1307Og så undrar han kan hende på korfor du ikkje gjev meg fridomen når det er slik mellom oss.
1308Fåne såg på – Er det slik du tenker? – Ja-a . De-et trur eg nok.
1309Eg forstår meg ikkje heilt verken på deg eller på Koll.
1310Eg kan ikkje forstå meg på ein træl som kan riste runer.
1311Heller ikkje forstår eg meg på ein bonde som byd trælen sin sitte til bords med meg og drikke øl. – Synes du ikkje eg skulle gjere det? – Det er det berre du som kan avgjere.
1312Men eg er ikkje van med at det er på det viset.
1313Men korleis kan det ha seg at Koll kan riste runer?
1314Og kor har han lært den skurden han har skore på ølkannene? – Jau, ser du… Fåne drakk djupt av hornet og vart fjern i blikket. – Koll tok eg som træl borti Irelandet for mange år sidan då
1315eg var i viking der.
1316Han var noko dei kalla munk og budde i eit stort hus dei kalla kloster.
1317Eit stort og kaldt hus gjort av stein.
1318Eg forstår ikkje at dei ikkje fraus i hel om vintrane.
1319Det han dreiv med der, det var berre å riste runer og noko dei kallar stavar.
1320Eg har tent mang ein slant på runekunna hans – Ikkje så få heller, om sanninga skal fram. – Tei no du still, Koll.
1321Fåne sukka og vart fjern i blikket. – Og etterkvart så… Når vi går her toeine… Eg likar best å vere ven med folk, så no er det blitt slik det er.
1322Eg veit at mange synest at eg skulle ha hatt meir age på trælen min.
1323Det får dei berre meine.
1324Men mange av dei som meiner at eg skulle ha dengt han meir, dei er takksame for kunstane hans. – Stavar, kva er det?
1325Bjørnulv var nesten berre auga av undring. – Vis han, Koll, sukka Fåne.
1326Koll reiste seg og gjekk bort til eit rikt utskore skåp.
1327Han opna ei av dørene og tok ut noko som var pakka inn i fint linklede. – Dette, sa Koll med djup vørdnad i stemmen, – er ei bok.
1328Desse teikna er stavar.
1329Og fordi dei er i ei bok, blir dei ofte kalla bokstavar.
1330Denne boka er skreve på eit språk som heiter latin.
1331Og den fortel om Den Einaste Sanne Gud, han som heiter Jesus Kristus, eller Kvitekrist, som han ofte blir kalla her i Norderlanda.
1332Då sette Bjørnulv i eig gapskratt. – Du er ein god rakkarfant, du Koll, som vil prøve å innbille oss at den skinnbunten der kan fortelle oss noko.
1333Men det måtte vel i så falle vere noko så urimeleg som at det finst berre ein gud.
1334Til si store forundring merka Bjørnulv at verken Ullfrid eller Fåne lo med han.
1335Latteren køyvdest i strupen hans og han vart berre sittande å gape.
1336Koll smilte. – Dersom du går ut og ser deg om, så vil du vel få ei meining om kva slags ver det kjem til å bli? – Ja, sjølsagt. – Dersom du ser på mosen på trea, så veit du kva som er
1337sør og kva som er nord, ikkje sant? – – Alt dette som du ser er teikn som fortel noko til deg, er det ikkje? – Jau, men… – Sjå på dette, på desse boksidene, dette som du sikkert vil
1338Dei lydane vi brukar når vi snakkar, det er og teikn.
1339Og teikna er annleis her enn i Irelandet, der eg kjem frå, som igjen er annleis i Frankarlandet, som igjen er annleis enn i Serkland og så vidare.
1340Du må kjenne teikna om dei skal fortelle deg noko.
1341Men om du kjenner dei, så fortel dei. – Men dette med den einaste gud, kva meiner du med det? – Sjå det er ei anna sak.
1342Vi som har møtt Kristus, vi veit at han er Den Einaste Sanne, og at dei gudar som blir dyrka her i Norderlanda berre er Djevelens blendverk.
1343Men eg var ikkje skapt til å bli misjonær blant frie norske menn.
1344Eg har ein liten kyrkjelyd blant trælane.
1345Det får halde.
1346La oss ikkje snakke meir om det. – Desse teikna, desse stavane, desse bok-stavane, er det noko alle kan lære? – Har du lyst til å lære dei, Bjørnulv? – Det veit eg ikkje så visst.
1347Det er så mykje eg må lære, eg som berre har vore træl.
1348Men eg har lyst til å lære det meste, om det ikkje er seidkunstar. – Eg skulle så gjerne ha lært deg, Bjørnulv, men då må du først lære deg latin, og det er ikkje gjort i ei snarvending.
1349– Går det ikkje an å bruke desse bok-stavane til å fortelle på norrønt mål?
1350Koll såg forundra ut og vart sittande i tankar ei tid.
1351Så kika han bortpå – Det var ein tanke.
1352Det var sanneleg ein tanke.
1353Det må vel kunne vere mogleg?
1354Ja, det må vel det?
1355Koll fall igjen i tankar. – Men då måtte eg ha noko å skrive på og med.
1356Og det finst jo ikkje i desse barbariske traktar. – Eg frys, braut Ullfrid inn i samtalen. – Vill du ikkje varme meg litt borti koven, Bjørnulv?
1357Bjørnulv hadde vore så djupt inni samtalen med Koll at det tok ei tid før han sansa kor han var og kven det var som snakka til kan.
1358Han såg seg litt forvirra omkring. – Eg skulle visst ha vore oppe på Borg for lenge sidan.
1359Eg trur eg må… Ullfrid lukka munnen hans effektivt med sin.
1360Og drog han med seg borti koven.
1361Han var ikkje vanskeleg å dra.
1362Denne gongen var det igjen ei heilt ny Ullfrid som møtte han.
1363Ei langsamare og mjukare Ullfrid som gjorde ting med han som nesten fekk han til å gå frå vitet.
1364Han undra om det ikkje fanst grenser for kva kvinner kunne gjere for å få ein kar ut av fatning.
1365Krev 500 mill. kr i kompensasjon
1366Dersom Olje- og energidepartementet vel å oppretthalda konsesjon for luftline Sima-Samnanger, må den økonomiske kompensasjonen aukast frå 100 mill. kr til 500 mill. kr i tillegg til avbøtande
1367tiltak, seier Hordaland fylkeskommune i høyringsfråsegna si.
1368Hordaland fylkeskommune ønskjer ikkje luftspenn, vert det slått fast i fråsegna, som er gjeven til sjøkabelutgreiingane som vart lagde fram 1. februar.
1369Sjøkabel
1370I fråsegna heiter det: «Sjøkabel som eit realistisk alternativ for kraftoverføring mellom Sima og Samnanger vert understøtta av rapportane frå sjøkabelutgreiinga:
1371Sjøkabel er teknisk og økonomisk realiserbart Det vil ta lengre tid å leggje ein sjøkabel, men ei utsetjing er ikkje akutt i høve til forsyningstryggleiken til BKK-området Sjøkabel påverkar
1372ikkje grunnlaget til å kopla på småkraft frå Hardanger.
1373Luftline kan utsetjast sidan det er mogleg å sikra forsyningstryggleiken i BKK-området.
1374Hordaland fylkeskommune held fast på at spenningsoppgradering av lina Åsen (Sauda)- Mauranger-Samnanger må utgreiast.
1375Utbygginga av Modalen-Mongstad-Kollsnes er det viktigaste tiltaket for å styrkje forsyningstryggleiken til BKK-området.
1376NVE si innstilling til OED om ikkje å tilrå jordkabling på strekninga Mongstad-Kollsnes er eit forhold som Fylkesutvalet i Hordaland må komme attende til.
1377Hordaland fylkeskommune ønskjer ikkje luftspenn.
1378Viss OED likevel vel å oppretthalde konsesjonen for luftline Sima-Samnanger, ber vi departementet gå i dialog med berørte kommunar og fylkes-kommunen med tanke på kompenserande tiltak.
1379Den økonomiske kompensasjonen som er lova til kommunane frå regjeringa på 100 mill kr. aukast til 500 mill. kr., i tillegg til dei avbøtande tiltak.
1380Uansett endeleg val av alternativ må kulturminnekonfliktane løysast.
1381Regjeringa si satsing på energieffektivisering må også styrkjast.
1382Gjevarfest
1383Dette biletet ser ut til å jamne seg noko ut i 2015 når petroleumsinvesteringane krympar.
1384Det vil medføre at industri utanfor oljesektoren vil få auka tilgang til kvalifisert arbeidskraft og draghjelp frå ein svakare kronekurs.
1385Utviklinga for fylket Arbeidsmarknaden i Hordaland er mindre stram enn på fleire år i 2014.
1386Det har vore eit fall i utlyste stillingar på 15 prosent i 2014, på toppen av eit fall på 12 prosent i 2013.
1387Arbeidsløysa har også vore aukande, med ein litt utflatande tendens inn mot slutten av året.
1388Totalt sett anslår NAV Hordaland at det er utsikter til 12 prosent auke i gjennomsnittleg arbeidsløyse i 2015 samanlikna med 2014.
1389Likevel er det også ei forventing om at samla sysselsetting vil auke vidare.
1390Blant næringane er forventingar knytt til sysselsettinga lågast innan oljeutvinning, transport og varehandel.
1391Tilbod og etterspørsel Arbeidsmarknaden blir stadig mindre stram.
1392I 2014 var det i snitt 3,4 arbeidsledige personar for kvar ledige stilling, medan tilsvarande tal for 2012 og 2013 var 2,1 og 2,6.
1393Dette talet varierer sterkt mellom næringane.
1394Frå éin ledig person per stilling i delar av offentleg sektor opp til sju i industrien og innan kontorarbeid.
1395Det er ulike utsikter for dei ulike yrkesgruppene.
1396I 2014 auka arbeidsløysa mest blant ingeniør/IKT og leiarar.
1397Det er likevel låg arbeidsløyse for personar med ingeniør-/IKT-bakgrunn.
1398Dette underbyggjer tendensen med ein auke i arbeidsløysa framover.
1399Sysselsettingsvekst trass høgare arbeidsløyse Vi er inne i ei konjunkturutvikling som vil føre med seg endringar i arbeidsmarknaden.
1400Lågare etterspørsel etter arbeidskraft og aukande arbeidsløyse vil prege utviklinga i 2015.
1401Det vil bli skape nye arbeidsplassar også i år, men fortsatt auka innvandring vil, i tillegg til den generelle marknadsutviklinga, føre til fleire netto ledige.
1402Behovet for arbeidskraft aukar, men arbeidsstyrken veks meir enn dette.
1403Besøkstenesta
1404Av Ruben Sæle - Publisert 06 mai 2010
1405Det er ikkje meininga at vi menneske skal gå gjennom livet åleine.
1406Derfor driv Meland kyrkjelyd ei besøksteneste som tilbyr praktisk hjelp, barnepass, tur i butikken, høgtlesing og liknande.
1407Eller kanskje du berre ønskjer deg nokon som har tid til ein prat og ein kopp kaffi?
1408Då vil nokon frå besøkstenesta gjerne kome på besøk.
1409Du er her Vi treng fleire leiarar i Løvegjengen, Meland kyrkje sin søndagsskule!
1410Har du lyst å vera med?
1411Vi har eit flott team med leiarar allereie, men vi har ulike oppgåver, så det er få å fordela kvar oppgåve mellom.
1412I tillegg ønskjer vi gjerne å verta mange nok til å kunne ha Løvegjeng også i feriane, og å kunne ha gruppe for dei eldste kvar gong.
1413Leiaroppgåver som er aktuelle * Leie gruppe for dei minste(0-5år).
1414Desse er i dåpssakristiet.
1415Her har ein ei kort samling med song frå nokre flotte songkort vi har, vi ser i ei biletbok eller nyttar flanellograf.
1416Etterpå er det leikar som borna kan nytta.
1417Her vert ein åleine som leiar, men det er alltid foreldre med.
1418Det brukar å vera 2-10 born i denne gruppa.
1419Leie gruppe for dei mellomstore(5år-3.klasse): Desse er i kyrkjestova, der ein har ei samling med leik, song, bøn og undervisning etter ein fast mal.
1420I undervisninga nyttar vi opplegget ”Sprell levande” frå Søndagsskuleforbundet.
1421Dette er eit godt opplegg, som er ferdig laga med hjelpemidlar til.
1422Leie gruppe for dei eldste(frå 4.kl.): Desse er på loftet i kyrkjestova.
1423Dei har samling etter ein fast mal, og nyttar ulike undervisningsopplegg laga for 10-14-åringar. nyttar vi opplegget B-tween, som er filmklipp med påfølgjande samtale.
1424Leie aktivitetssamlingar: Ein gong i månaden er det gudsteneste på i kantina på Frekhaug Rådhus.
1425Her prøvar vi å ha samlingar der vi gjer ting.
1426Vi har misjonskafè, hobbyaktivitetar, film/leik/drama med meir.
1427Vera med som medhjelpar: Vi treng vaksne som er sett opp til å vera med på Løvegjengen sine samlingar utan at dei treng ha noko anna ansvar eller planlegging.
1428Det hadde ofte vore godt med eit ekstra fang eller ei hjelpande hand når ein sjølv står framme og undervisar.
1429Kvar leiar i Løvegjengen vert sett opp på ca. 4 samlingar på hausten og 5 på våren, i tillegg har vi to-tre leiarsamlingar årleg.
1430Førebels vert det òg ansvar for å skaffa kake til kyrkjekaffi ein til to gongar i halvåret.
1431Heiagjengen Vi treng òg fleire i heiagjengen vår.
1432Vi er veldig glade for dei vi har der!!
1433Løvegjengen får noko av inntekta si gjennom sal av kaker på kyrkjekaffi to gongar i halvåret, i tillegg bakar vi til misjonskafè.
1434Vi er ei stor forsamling i Meland kyrkje(heldigvis!) så det vert ein del baking.
1435Dette er vi veldig glade for å ha ei liste over folk vi kan be om hjelp til.
1436I tillegg er det ei liste over folk vi kan spørje om å vera løve, forbedarar og folk som vil vera med på samlingane.
1437Kyrkjekontoret og vi har brosjyre med meir info om heiagjengen dersom dette er noko for deg.
1438Dersom noko av dette er interessant, kan du ta kontakt med Eli Brakstad tlf. 41681005 eller på mail: elibra3@iskole.no , eller med kyrkjekontoret på telefon 56 17 14 80.
1439Musa er av dei mest brukte inneiningane for datamaskiner.
1440Men denne gnagaren har ein interessant slektning, styrekula.
1441I denne artikkelen fortel eg om mine erfaringar med ei Logitech TrackMan Marble+ -styrekula – ei styrekula eg til slutt vart svært glad i .
1442Vising av skrift på dataskjermar er problematisk.
1443I små skriftstorleikar vert nemlig teksten gjerne stygg og vanskelig å lesa.
1444Heldigvis finst det ei god og mykje brukt løysing på problemet: hinting.
1445Men kva er no hinting for noko?
1446Ein papirdrake som beveger hovudet av seg sjølv og følgjer deg med auga rundt i rommet?
1447Ja, det finst faktisk!
1448Skriv og klipp ut, lim saman og imponer venner og kjende.
1449Her finn du òg anna utskrivbar moro til underhaldning i påska.
1450Viss hjertet eller levera di svikta, ville du då vore villig til å ta imot eit donert organ – eller hadde du heller føretrekt å dø?
1451Ikkje alle får ta dette valet.
1452Når du dør, treng du ikkje organa dine lenger.
1453Men det gjer andre.
1454Sa Kåre Willoch.
1455Det gjekk eit par dagar.
1456Så kom kritikken offentleg.
1457Ikkje alle journalistar har opplevd å bli skjelt ut med fullt namn på ei heilside i VG av statsministeren. ikkje for dårlege engelsk-kunnskapar.
1458Som no igjen blei "mobba" for engelsken sin.
1459Like før hadde han sagt "Good day" i starten på ein fjernsynstale i Amerika, og utløyst ein himla diskusjon om det betydde "God dag" eller "Farvel".
1460Dei fleste fagfolk meinte det siste, og var det ikkje akkurat rette måten å opne ein tale på.
1461Willoch, han heldt på sitt.
1462Ravnane Hugin og Munin i Vårt Land hadde gode dagar så lenge Willoch var statsminister.
1463Både med "God day" og "in a mess".
1464Min vesle, sjølvopplevde anekdote fortel mykje om tilfellet Kåre Willoch.
1465Han har alltid vore duksen i klassen, og alle elskar å tukte duksen, som du veit.
1466Spesielt når han gjer feil.
1467Og det heilt spesielle med Willoch har alltid vore at han aldri vedgår feil.
1468Pr. eigen definisjon er han så å seie feilfri.
1469Han held på sitt til siste nikk.
1470Det er Willochs svake side.
1471Ei anna svak side er tendensen til å henge seg opp i detaljar og aldri bli ferdige med dei.
1472Ein statsminister burde sjølvsagt ikkje bruke mykje tid på engelskkunnskapane til ein tilfeldig radioreporter og eit negativt oppslag i Dagsnytt.
1473Det var likevel typisk av Willoch å gjere slikt.
1474Han tente lite på filologiske diskusjonar.
1475Der var han på bortebane, men kanskje ikkje alltid så mykje som mange meinte.
1476Eg kunne ikkje anna enn flire då eg kom til Canada fleire år etter den selsomme debatten om "Good day".
1477trefte eg den eine etter den andre som sa "good day" når dei opna samtalen.
1478Kanskje Willoch ikkje var så dum likevel på amerikansk fjernsyn?
1479Det er iallfall fullt mogeleg å seie "good day" på engelsk som opning midt på dagen.
1480Så mykje har eg lært etter kvart som eg tok kritikken frå Willoch innover meg og tok til å betre på engelskkunnskapane.
1481Han hadde nemleg eit lite poeng, den gode Willoch, sjølv om han ikkje klarte å ta meg på "in a mess".
1482Du kan vere usamd med Kåre Willoch, men det er vanskeleg å unngå å få respekt for kor dyktig denne mannen er.
1483Råstoff frå rydding av kulturlanskap og restprodukt frå lokale sagbruk blir kutta til flis og forbrent i ein moderne bioenergikjele og det blir varma opp vatn som varmar opp rom, varmtvatn og
1484bassengvatn.
1485Kontakt informasjon
1486Send oss ein forespørsel
1487TV Haugaland kjem, kjem du?
1488Eg har alltid likt å lage til fest og kallas, noko som tydelegvis har rykta seg.
1489I dag blei eg oppringt av TV Haugalnd, dei vil koma til Bjoa og filma Halloween dekorasjonar.
1490Og dei vil gjerne ha med bjoabuar og:)
1491Klokka fire på torsdag 27.10 kan dei som vil møta i skumle kostymar oppe ved huset til Linn.
1492Her kan de få sjå Halloween-pynten min, og bli filma av TV Haugaland.
1493Eg skal ha litt snop til dei som stiller, ungar og vaksne, har du lyst så berre kom:)
1494Dette er ikkje noko for svake sjeler, noko av "pynten" er litt grotesk, men ikkje verre enn at dei fleste tåler det.
1495På søndag 27.11 kl. 11.00. vert det gudsteneste for store og små der deltakarane og leiarane på LYS VAKEN er sentrale i gudstenestegjennomføringa. 11-åringane har overnatta i kyrkja og førebudd
1496gudsteneste for oss andre.
1497Vi håpar spesielt familiane til Lys Vaken-deltakarane vil kome på gudstenesta.
1498Men sjølvsagt er gudstenesta open for alle andre.
1499Steinar Skauge er prest.